KrF-leiaren: - Berre elskar Ap-Jonas (for hans nye skulepolitikk)

20 hours ago 4



Dag-Inge Ulstein (KrF) har oppsøkt Youngstorget.

Arbeidarrørsla sin store plass omkransa av LO, Folkets Hus og Ap sitt raude hovudkvarter i Folketeaterbygningen, er vårleg slapp og søvnig i slutten av mars.

Men så skjer det noko: KrF-leiar Dag Inge Ulstein (45) kjem marsjerande og litt hoijande ned frå dei gamle trappene i Youngstorgets basar øverst på torget.

Han har berre to ærend:

  1. Å hylle Jonas Gahr Støre - heilt utan atterhald.
  2. Å sleppe ein stor, raud, hjarteforma gassballong opp mot Ap-kontora i femte etasje - og himmelen.

– Korleis vil du skildre kjenslene dine for Støre sin nye politikk for dei minste i skulen?

– Altså, her er det elsk, og berre elsk mot Jonas for den nye skulepolitikken hans, svarar Ulstein.

 Helene Mariussen / VGFoto: Helene Mariussen / VG

Han held godt fast i ein diger raud, hjarteforma gassballong som rådgjevaren har skaffa frå ein morobutikk på Oslo City.

Ulstein synest politiske leiarar skal vere rausare. Hylle kvarandre meir, då det verkeleg er grunn til det.

Ap og Støre si nylege uttalte satsing på færre fag, færre skuletimar og meir leik i småskulen - er ein slik grunn, meiner firebarnsfar Ulstein.

– Altso, det er noko med politikken. Me leitar veldig ofte etter å finne dei negative tinga. Men her er det berre fantastiske ting.

 Helene Mariussen / VGFoto: Helene Mariussen / VG

KrF-leiaren tenkjer på nokre av orda Ap-leiar og statsminister Støre sa i talen sin til landsstyret i Ap sist måndag:

– Ingenting er viktigare enn ungane våre! (...) Det kan bli færre fag, anleis bruk av timar, eller færre timar. For å styrke det aller viktigaste – lesing, skriving og rekning 

Og for å skape ein betre overgang frå barnehage til skule.

Dag Inge Ulstein, iført vårlege lyse joggesko og mørk vårfrakk, sender også ein hjartans takk til fordums KrF-representantar på Stortinget som Hans Fredrik Grøvan.

Bilde av Hans Fredrik GrøvanHans Fredrik Grøvan

Mangeårig stortingspolitikar for KrF

Spesielt oppteken av dei minste elevane i skulen

Tidlegare rektor og lærar

I alle år jobba den joviale sørlendingen for eit mer leikande- og mindre alvorsamt barnetrinn etter seksårsreformen.

– Me har jo i tredve år snakka om lågare timetal for dei yngste elevane. Me har etterspurd fleire trykte lærebøker og mindre skjerm i skulen. Så når dette skjer, når statsministaren seier det same, då er det all grunn til å feire, jublar Ulstein.

Bromance?

– Ser me ein slags bromance mellom deg og Jonas her?

– Nja. Då blir det i så fall eit elsk-hat-forhold det då.

– Er det mest koseleg eller vanskeleg å hylle ein annan partileiar på denne måten?

– Nei, veit du kva; det er berre heilt nydeleg. Me må få lov til å glede oss over at dei politiske motstandarane våre kjem med så gode forslag.

 Helene Mariussen / VGFoto: Helene Mariussen / VG

KrF-leiaren held fast i den raude gassballongen med begge hender. Snart skal han sleppe den så den løftar seg og fyk avgarde.

– Når du nå skal sleppe ballongen, er symbolikken at den nærmar seg himmelen eller Ap sitt partikontor i femte etasje?

– Det er nok at den strekkjer seg mot himmelen. Eg er trass alt KrF-leiar. Og så er jo igjen grunnen at me er så utrolig glad for dette skiftet i Ap sin skulepolitikk.

– Fører dette ballongsleppet Arbeidarpartiet og KrF nærmare kvarandre?

– Akkurat i dette spørsmålet står vi veldig nære, men i politikk generelt vil eg ikkje seie det. Men skulepolitikken er jo kjempeviktig, svarar Ulstein, som også har stilt opp på ballongbilde i VG tidlegare.

 Geir Otto Johansen / VGBALLONGHOPP: Dag Inge Ulstein saman med dåverande KrF-nestleiar Dagrun Eriksen i spenstig positur på landsmøtet i mai 2015 i Trondheim. Foto: Geir Otto Johansen / VG

Han er ikkje veldig stolt av det. For sjølve hovudbodskapen den gong i 2015 var at sex er det beste som finst.

– Kva er det med deg og ballongar?

– Altså, eg er jo veldig glad for at me no kan skifte ut det førre ballongbildet i VG.
Eg skulle jo forresten aldri ha tipsa deg om det, seier Ulstein og ler.

Bør politikarar oftare skryte av politiske motstandarar som gjer noko bra?

aNei, det blir berre kleint.bJa, mange kan godt bli litt rausare med godorda.cFøretrekk at det er slik som no - at ein mest dyrkar usemje og konflikt.

– Kor viktig er denne ballongseansen og hyllesten til Støre for å «kome på» i media i eit krevande nyheitsbilde?

– Eg meiner det heilt seriøst: Det å kunne anerkjenne at andre politikarar kjem med god politikk. Og ha eit utspel rundt det - uansett kva parti det kjem frå - det synest eg verkeleg fleire av oss burde bli enno flinkare til.

 Helge Mikalsen / VGVALKAMP: God tone mellom Ulstein og Støre også i valkampen i fjor haust. Foto: Helge Mikalsen / VG

Ap-leiar og statsminister Jonas Gahr Støre har fått overlevert hovudpoenga i hyllesten frå Ulstein.

Han tykkjer semje om ei stor politisk sak er av det gode.

– Som eg sa i talen min til Arbeiderpartiet sitt landsstyre, trur eg alle kan samle seg om at ingenting er viktigare enn ungane våre. Det er bra at det er ein bodskap som også har støtte frå parti på høgresida, seier Støre - formidla av statssekretær Kristoffer Thoner (Ap).

Ap-leiaren meiner det er avgjerande er å få opp lesinga, rekninga, skrivinga og trivselen i barneskulen.

– Difor har regjeringa bestemt at skulekvardagen for første og andre klasse må leggast om, begrunnar han.

Foto: Helene Mariussen / VG

Tida er komen for å sleppe den store, raude ballongen opp i lufta frå Youngstorget.

Ulstein slepper den og ser opp mot skyene.

Oppdrift og vestavind fører den korkje til himmelen eller opp mot Arbeiderparti-etasjen.

Den fyk heller såvidt over taket på LO og Folkets hus - og flyg fort vidare over Møllergata.

Kanskje den landa på barneskulen der, som snart skal leggast ned?

Read Entire Article