KrF sin innvandringspolitikk er raus og liberal, men ikkje naiv

4 hours ago 2



DEBATT: Når nasjonal innvandringspolitikk går i ei stadig meir lukka retning, må vi stilla det grunnleggjande spørsmålet lokalt: Skal Stavanger ta ansvar – eller snu ryggen til?

KrF trur på ein raus og liberal innvandringspolitikk, men ikkje ein naiv ein, skriv Anne Kristin Bruns, KrF. Foto: Jarle Aasland
  • Anne Kristin Bruns

    Anne Kristin Bruns

    Bystyrerepresentant for KrF, medlem i Utvalg for oppvekst og utdanning

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I den pågåande innvandringsdebatten har Framstegspartiet igjen gjort det til sitt fremste prosjekt å skremma folk med tal og mistenkjeleggjera menneske på flukt. Samstundes har regjeringa valt å redusera talet på kvoteflyktningar til eit minimum. 

Denne månaden kjem saka om busetjing av flyktningar til politisk behandling i fleire utval i Stavanger, før endeleg vedtak blir fatta i formannskapet i februar. Kommunedirektøren rår til at kommunen buset 164 flyktningar i år, i tråd med innstillinga frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). KrF støttar denne innstillinga fullt ut.

Alt fungerer ikkje

Stavanger har ei stolt historie som ein open, inkluderande og raus kommune. Vi har år etter år busett det talet flyktningar IMDi har bede oss om, og vi har vist at det er mogleg å kombinera ansvarleg politikk med medmenneskelegdom. Dette har ikkje kommunen fått til åleine. Frivilligheita, idretten, trus- og livssynssamfunna og ei rekkje ideelle organisasjonar har vore avgjerande for språkopplæring, integrering og fellesskap. Slik bygge vi eit mangfaldig samfunn.

Samtidig skal vi i KrF vera ærlege: Integreringa har ikkje lukkast godt nok på alle område. For mange står framleis utanfor arbeidslivet, for mange barn veks opp i familiar med vedvarande lav inntekt, og altfor mange opplever utanforskap. Å erkjenna desse utfordringane er ikkje eit argument for å ta imot færre flyktningar – det er eit argument for å gjera integreringsarbeidet betre.

Blant dei 164 flyktningane som er foreslått, busette i år, er ti einslege mindreårige. Fire av desse er under 15 år. Dette er barn som ikkje har foreldre til å tala si sak, og som er heilt avhengige av at vi stiller opp. Når Frp snakkar om kutt og innstrammingar, er det desse barna politikken deira i realiteten råkar.

Stå støtt i verdiane våre

KrF trur på ein raus og liberal innvandringspolitikk, men ikkje ein naiv ein. God integrering krev ressursar og her må vi peike på statlege tilskot, tett oppfølging og klare forventningar – sjølvsagt til nasjonal politikk, men også til kommunen og til den enkelte. Det krev samarbeid mellom det offentlege, frivilligheita og næringslivet. Det krev politisk vilje til å investera i menneske, ikkje berre telja kostnader.

I ei tid der regjeringa reduserer talet på kvoteflyktningar til eit historisk lågt nivå, meiner KrF at vi må stå støtt i verdiane våre og ta det ansvaret vi har moglegheit til å ta. Å lukke døra, slik Frp ønskjer, løyser ingen problem – det flyttar dei berre bort frå vårt eige synsfelt.

 KrF skal vera ei tydeleg stemme i den vidare politiske behandlinga av saka. For oss handlar dette om kva slags kommune vi vil vera: ein som møter utfordringar med ansvar og handling – eller ein som vel den enkle, men kalde løysinga.

Publisert:

Publisert: 21. januar 2026 17:43

Read Entire Article