Kva gjer me når korta ikkje verkar og minibanken er tom?

2 hours ago 2



DEBATT: Me må berre setja i gang og øva oss på vår eigen beredskap med det same. Har me vatn? Har me kontantar? Har me mat i hus?

Tilfluktsromma, slik tilstanden er i dag, er ikkje i god nok stand til å ta imot befolkninga, dessutan er det ikkje plass til så mange der. Foto: Emma Burrows / AP

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Takk til politimeister Hans Vik for kronikken hans i Aftenbladet 23. januar der han tek opp viktige element for tryggleiken vår.

Han fortalde mellom anna om minner frå gutedagane i Ryfylke, om straumaggregatet bak låven. Eg kom til å tenkja på min eigen oppvekst på Ølberg på 50- og 60- talet, med verbale truslar frå Krustsjov og Sovjetunionen med den uvissa det skapte, ikkje minst hjå ein liten, nysgjerrig gutepjokk med øyro på stilk.

Foreldra mine, som var gardbrukarar, fortalde mykje frå krigen og kva dei gjorde då han kom til Norge 9. april 1940. I aprildagane måtte dei ta med heile bølingen ut på landevegen og evakuera til Klepp kommune med hundrevis av dyr på slep. Mat var ikkje det største problemet for folk og dyr, det hadde dei på lager, men å skilja krøtera og finna rette eigaren når dei kom til Klepp var ei utfordring.

Foreldra mine fekk ikkje varsel på mobilen eller via hylande tyfonar før bombene fall; dei gjekk i kjellaren med spade og spett i handa først då bombene trefte bakken på Sola flyplass.

Den tomme minibanken

Verre stilte var byfolka; dei hadde mindre forråd i bakhand, då var det godt å ha slekt og kjentfolk på landet å ty til. Har me lært noko av historia, eller stikk me hovudet i sanden, framleis? Tenkjer me over om me har mat og medisinar og det aller mest naudsynte på lager slik som førstehjelpsutstyr, matlager til oss og til hund og katt og litt ekstra til familie og vener som treng hjelp i ein naudssituasjon? Kjenner alle i husstanden til korleis ein stengjer hovudvasskrana eller slår av hovudbrytaren for straum, kor vasslange og sløkkeutstyr er? Er røykvarslaren i orden? Korleis skal ein sløkte ein ulmande brann osv.? Under kriser vil butikkane vera tomme for varer på grunn av hamstring, for ikkje å gløyma tomme vedlager for dei som er så heldige å ha omn i huset. Det er ikkje så mange år sidan me fant «tomme» butikkhyller under pandemien.

Kva gjer me når visakorta ikkje verkar og minibanken er tom? Har me gløymt rådet om å ha litt kontantar heime på kistebotnen? Heller ikkje kan me lita på hjelp frå nokon, heller ikkje frå kommunen. Alle har hendene fulle inntil samfunnet kjem til hektene att. Det kan ta tid.

Det er tryggjande å høyra at politimeisteren tek dette på alvor. Eg er sikker på at han ikkje lar planane støva ned i ei skuffe, men har beredskapsplanane oppdaterte og mannskapet drilla. Forhåpentlegvis har dei andre etatane med ansvar for tryggleiken det same, eller har dei det? Me høyrer lite frå dei, dei går helst stille i dørene.

Kva med dei som bur i blokk?

Nå når det er så populært å selja hus og hage og flytta i blokk lurer eg på korleis beredskapen er der når det ikkje lenger er vatn i kranane og varmen blir borte i leilegheita. Har dei laga beredskapsplanar? Kan befolkninga nok om førstehjelp? Er me psykisk og fysisk sterke nok dersom me må forlate heimen og overnatte under open himmel? Tilfluktsromma, slik tilstanden er i dag, er ikkje i god nok stand til å ta imot befolkninga, dessutan er det ikkje plass til så mange der. Me kan neppe lita på naboen, han har det ikkje lettare enn oss. Me kan berre stole på oss sjølv.

Foreldra mine fekk ikkje varsel på mobilen eller via hylande tyfonar før bombene fall; dei gjekk i kjellaren med spade og spett i handa først då bombene trefte bakken på Sola flyplass, eller då krigsskipa vest i havet starta sin kanonade. Matboda, med rikeleg forråd, var også plassert i kjellaren. Dei måtte ofte gå i «tilfluktsrommet», men heldigvis fekk dei ikkje bruk for spett og spade, men granatane plystra faretruande nær hustaket.

Verdshistoria har lært oss at det til alle tider har vore krig og katastrofar, sjølv har me vore heldige i vår generasjon. Eg trur at Totalforsvarsåret 2026 må takast på største alvor, om ikkje Worst-case scenario, så kanskje  best-case scenario, men me bør nok førebu oss på det verste og håpe på det beste

Ein brosjyre er ikkje nok

Eg trur at befolkninga etterlyser meir informasjon om planar som styresmakter og ansvarspersonar har; frå kommunane, ordførar, bustadsamskipnadane (bustadbyggjelag) osv.

Har den enkelte av oss ein plan A og plan B? Det er ikkje nok med ein brosjyre i posten med informasjon om kva me skal ha på lager, men det er betre enn ikkje noko. Veit me kor brosjyren ligg no?

Dei fleste er vel så pass historieorienterte i dag at dei har lese om storting og regjering sin unnlatenskap i aprildagane 1940 og åra før. Har myndigheitene lært av det?

Det er dyrt å byggja opp att eit forsømt forsvar og ein nedlagt beredskap, men det kan bli dyrare å la vera. Kva skal me med velferd dersom me mister fridommen?

Nå når, – rett har blitt gale, og – gale har blitt rett, tærer det på tilliten og tryggleiken hjå nokon kvar.

Publisert:

Publisert: 27. januar 2026 21:01

Read Entire Article