Kva må til for at stilla ikkje veks som ein kreftsvulst på arbeidsplassen din?

4 days ago 14



GJESTEKOMMENTAR: På 60-talet skreiv Paul Simon The sound of silence. Arbeidsplassane våre har noko å lære av songen og bibelhistoria songen bygger på.

Det blir ofte dårleg stemning når nokon i organisasjon tek ansvar i kritiske kvalitetsaugeblikka. Foto: Taran Gjøystdal
  • Dorrit Vignes

    Dorrit Vignes

    Organisasjonspedagog, leiingsgründer og føredragshaldar

Publisert: Publisert:

For mindre enn 40 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Songen til Simon handlar om ein person som går ute på natta. Brått blir han blenda av eit lys. I lyset ser han tusenvis av folk som ikkje snakkar saman. Ingen tør forstyrra lyden av stille.

Så prøver personen å få folka til å snakke saman. Han seier: Folkens! Veit de ikkje at stilla veks som kreft? Men folkemengda snur seg bort frå han og tilber heller guden dei har laga. Og medan folkemengda snur seg, blenker eit neonskilt ut ei åtvaring.

Dagane dine er talte!

Paul Simon hadde truleg historia om kong Belsasars gjestebod frå Daniels bok i Bibelen bakhovudet då han skrive songen. For også her dukkar det opp uventa og uforklarleg skrift i lause lufta.

Bibelhistoria fortel om ein gjeng som meskar seg med god mat og drikke og der vinen blir servert i stolne gullkar frå tempelet i Jerusalem.

Gud i Gamletestamentet er ikkje nådig mot umoral. Og kong Belsasar hadde allereie fått åtvaringar om å ikkje bli hovmodig. No var det nok. Midt i festen, ut av lause lufta, kom brått ei hand og skreiv noko utydeleg på veggen.

Kongen blei livredd og kalla til seg ein draumetydar som tolka skrifta:

Mene – talt. Gud har talt dagane til kongedømet ditt og gjort slutt på det.

Tekel – vegen. Du er vegen på vekta og funnen for lett.

Peres – delt opp. Riket ditt er delt opp og gjeve til meldarane og persarane.

Kong Belsasar vart drepen same natta.

Stille veks som kreft

Paul Simon har sagt at songen handlar om menneskets manglande evne til å kommunisere med kvarandre. Og det er nettopp denne ofte manglande evna til kommunikasjon, som gjorde at eg blei oppteken på ytringsklima på arbeidsplassen.

For eg har opplevd organisasjonar med så trykka stemning at kvart minste pip frå leiinga fører til kollektiv protest. Slike organisasjonar blir handlingslamma.

The sound of silence, eller Sus av stille, som eg har omsett den til når eg syng han i foredraga mine, handlar om den type stille som veks som ein kreftsvulst.

Den du kjenner i eit rom som trykka stemning. Stilla som gjev deg ei ubehageleg kjensle av låst kjeve. Den du ser i blikka til folk. Alt som ligg mellom linjene i passivt aggressive utsegn.

For å unngå stille som veks som kreftsvulstar må ein leggje merke til og ta tak i det professor i organisasjonssadferd, Øyvind Kvalnes, kallar kritiske kvalitetsaugeblikk.

Kritiske kvalitetsaugeblikk

Dei er rundt oss heile tida: leiar som er spydig mot personvernombodet, lovpålagt krav som blir brote, nokon som ikkje gjer jobben sin.

Ein av grunnane til at slike situasjonar er vanskelege å handtere er at me ikkje alltid er einige om kor alvorleg situasjonen er.

Ta for eksempel ein situasjon der medarbeidarar vurderer å slutte, fordi tempoet har blitt for høgt og avdelinga ikkje får puste. For kollegaen som veit kor mykje erfaring som forsvinn ut døra og kor vanskeleg det er å erstatte dette, er dette eit stort kritisk kvalitetsaugeblikk.

For direktøren som set lenger unna, ser det kanskje annleis ut. Ho er kanskje glad for at dei gamle travarane som er dyre i drift og vanskelege å styre, er på veg ut.

Skrifta på veggen

Grunnen til at Paul Simon bruker historia om kong Belsasars gjestebod i songen sin er truleg at historia lærer oss at umoral som regel innhentar oss, og at me ofte forstår det for seint.

Det var eit kritisk kvalitetsaugeblikk då kongen bad om at det skulle dekkast til fest med stolne gullkar. Men ytringsklimaet rundt kongar som Belsasar er elendig. Ingen kjem levande frå å seie imot slike kongar. Så då haldt folk kjeft og kongen døde.

Historia om gjestebodet har gjeve oss uttrykket å sjå skrifta på veggen. Mange tolkar dette feil, ved å tru at å sjå skrifta på veggen handlar om å få ei åtvaring. Men greia er, når skrifta først er skriven på veggen, er det for seint å gjere noko med det.

Skrifta på veggen er den kompetente fagpersonen som slutta. Den overbelasta tilsette som gjekk ut i langstidssjukemelding. Kunden som glapp, fordi tilbodet blei sendt inn for seint.

Før alle desse skrifta på veggen-situasjonane, har det vore ei mengde kritiske kvalitetsaugeblikk som har blitt handsama dårleg.

Sus av stille

Frå 2020 har norske arbeidsgjevarar vore pålagde å leggje til rette for eit godt ytringsklima. Grunnen er at det ofte blir dårleg stemning når nokon i organisasjon tek ansvar i kritiske kvalitetsaugeblikka.

Pålegget i arbeidsmiljølova tvinger arbeidsplassar til å jobbe førebyggjande, slik at ein unngår situasjonar med stolne gullkar og kongar som ikkje vil innsjå at dagane deira er talte.

Det er tidkrevjande og ubehageleg å begynne å sjå etter dei kritiske kvalitetsaugeblikka og ta tak i dei. Men løna er at ein slepp å få skrifta på veggen i form av negative mediesaker og kundar som glapp. Ein slepp også arbeidsfellesskap der stilla er så trykka at du kan høyre suset av henne.

Publisert:

Publisert: 2. mars 2026 11:02

Read Entire Article