KOMMENTAR: Når gjer vi det rette? Er det med straff og kontante reaksjonar unge kriminelle og deira bakmenn kan forstå? Eller bidrar vi til at råskapen blir endå råare då?
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
«Gjengene vet hvor det gjør vondest. Vi trenger et sterkt politi. Så ingen må leve i frykt i det som skal være verdens tryggeste land. For du sover kanskje godt om natten. Men hva med de vi er aller gladest i?»
Det har blitt fredag ettermiddag på Høgres landsmøte då Arina Aamir går på talarstolen. Og fortel at gjengane veit kor det gjer vondast. Det er dei unge ho innstendig ber landsmøtet hugsa på. Gjera dei trygge. Styrka politiet. Ho fortel om tenåringen som for få dagar sidan blei skoten og alvorleg skadd på T-banestasjonen på Stovner.
Ung kriminalitet
Eg trur vi kunne gått rett inn i den diskusjonen, frå alle kantar, vi som er foreldre, ungdommar eller politikarar i Sandnes eller Stavanger også. Uansett kva parti vi lener oss mot. For unge ranar unge, fleire går med kniv, og politiet arresterte nettopp fleire ungdommar for å ha planlagt å drepa ein tenåring. Ein av dei, ein 17-åring, blei tatt utanfor huset til han dei visst nok skulle ta livet av i Stavanger. Han skal ha hatt kniv. Han er frå før mistenkt for å ha begått fleire ran, den gongen han var under den kriminelle lågalderen. Og denne veka startar ei rettssak i Sør-Rogaland tingrett, der tre tenåringar er tiltalt for valdtekt, grov valdtekt og medverknad til grov valdtekt. Dei fornærma var begge under 14 år då det skjedde. Dei tiltalte 16 og 18. Dei tiltalte er alle frå Syria.
Så når Høgre diskuterer kriminalitet, er det ikkje rart at det er dei unge som ber om strengaste tiltak, mot andre unge. Og det er ikkje rart at diskusjonen om innvandring følgde rett etterpå. For innvandrarar er overrepresenterte blant dei unge som driv med kriminalitet. Men nå, nå var det kor aldersgrensa for å kunna bli straffa skal gå. Og for når politiet skal ha våpen på hofta.
«Det er vi unge som kjenner kriminaliteten på kroppen», blei det sagt. 21.800 straffbare forhold begått av unge under 18 år, blei påtaleavgjort i 2023. Mange er gjengangarar. «Vi må fiksa det mønsteret», ber Unge Høgre landsmøtet sitt om. Dei vil ha den kriminelle lågalderen ned, frå 15 år til 13.
Er du i stand til å drepa eit anna menneske, er du i stand til å ta ansvar for det, blei det sagt. Nei, barn er ikkje strafferettsleg tilreknelege, blei det svart, frå dei som er hakket eldre. Ein 13-åring må følgast opp, ikkje straffast. Det nyttar ikkje lenger at barnevernet kjem på døra, blei det sagt. Men fengsel kriminaliserer, blei det også sagt. Og frå byråd Erling Lae Solberg i Oslo: Kriminelle utnyttar sårbarheiten i barna og ungdommane våre. Råskapen blir verre.
Mens Kine Myhre, barnehagelærar og gruppeleiar i Sandnes Høgre, snakkar om å halda igjen, vera konservativ, vera Høgre. Stå i det, sjølv om det er vanskeleg akkurat nå, tenkja førebygging, ikkje fengsel. Ikkje setja ned alderen for når barn kan straffast.
Alltid væpna politi?
Nikolai Astrup, som er blant dei vaksne og mektige i partiet, og som difor heile landsmøtet er opp og ned av talarstolen for å forklara kva redaksjonskomiteen kan gå god for og ikkje, viser til Storbritannia. Der politiet ikkje alltid er væpna, men der dei har innført strenge straffer for å ha våpen ulovleg. Det hjelper, seier dei.
Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, men nok ikkje så ung at han er blant dei som sjølv kjenner seg utsette, er også imot. Han ser ikkje kva det skulle hjelpa mot.
Politiet, også i vårt distrikt, seier dei treng det. Treng våpen. At dei kriminelle alt har det. At dei som skal trygga oss, sjølv må få kjenna seg trygge.
Kva blir riktig?
Så korleis tar vi best vare på det samfunnet vi vil ha? Korleis gjer vi dei vi er aller gladast i – barna våre – trygge?
Er det ved å satsa alt på å førebyggja, senda pengane og folka som kan dette den vegen, vera forsiktige med straff for dei vi ser ennå er barn, og halda igjen på når politiet kan bera våpen på hofta?
Eller er det ved kontante reaksjonar, ta dei kriminelle bort frå gata, kunna låsa dei inne, visa eventuelle nettverk at nei, det nyttar ikkje å rekruttera blant dei yngste tenåringane våre og tru dei ikkje kan straffast?
Når bidrar vi sjølv til å gjera samfunnet hardare? Er det når vi strammar til og møter hardt med hardt, eller er det når vi held igjen? Kva er mest naivt? Og for folka på Høgres landsmøte – kva er det å vera konservativ, i dette?
Høgre måtte jo landa den diskusjonen. Dei skal samla seg om ein politikk å gå til val på. Som vi kan stemma på, eller la vera.
Kva dei gjekk for?
Dei sa ja til å bevæpna politiet. Alltid. Dermed er det fleirtal på Stortinget for å gjera det. Dei sa nei til å setja ned den kriminelle lågalderen.
Men dei går inn for at vi skal ha minst to politifolk per 1000 innbyggjarar, at det skal finnast landsdekkande institusjonstilbod for barn som begår alvorleg eller gjentatt kriminalitet, og for å utvida avdelingane for ungdom i fengsel.
Få dei bort frå gatene. For å beskytta alle andre. Visa kva som gjeld. Men også prøva å hjelpa.
Den gjorde inntrykk på meg, den diskusjonen.
Publisert:
Publisert: 23. mars 2025 20:50