Kva no, Å Energi?

8 hours ago 1



Å Energi har skrive ned milliardinvesteringa i batteriselskapet Morrow til null og varslar nedbemanning av rundt 100 tilsette. Det er resultat av ein kurs som over fleire år har fjerna selskapet frå kjerneverksemda.

Det er eigarkommunane som sit att med rekninga. Hundretals millionar er skusla bort. Det er ikkje småpengar, men store summar som kunne kome kommunane til i gode i form av stabilt og føreseieleg utbyte, skriv Margit Dale (Sp). Foto: Jacob J. Buchard

Det offentleg eigde selskapet skal først og fremst utvikle og forvalte kraftressursane, og skape stabile verdiar for fellesskapet. I staden har dei gjort hasardiøse investeringar og auka talet tilsette i stab- og støttefunksjonar.

For over eit år sidan tok eg dette opp i fleire debattinnlegg, men kritikken vart avvist. Svaret var at det låg gode forretningsmessige vurderingar til grunn og at leiinga hadde full kontroll.

Eigarstyring handlar ikkje om å gje leiinga uavgrensa tillit.

Ordførarane sit med eigaransvar

Fleire av ordførarane i Agder, som sit med eigaransvaret på vegne av innbyggjarane, gjekk ut og forsvarte kursen og uttrykte tydeleg tillit til leiinga.

Diverre har det gått som eg frykta. Å Energi har investert rundt 1,3 milliardar kroner i batteriselskapet Morrow. No er investeringa utan verdi, resultata er tyngde av nedskrivingar og selskapet varslar nedbemanning med rundt 100 tilsette i stab og støttefunksjonar.

Hundretals millionar skusla bort

Det er eigarkommunane som sit att med rekninga. Hundretals millionar er skusla bort. Det er ikkje småpengar, men store summar som kunne kome kommunane til i gode i form av stabilt og føreseieleg utbyte. Pengar kommunane sårt treng til skule, helse og eldreomsorg. Å Energi skal vere eit solid kraftselskap for eigarkommunane og fellesskapet. Ikkje eit investeringsselskap for høgrisikoprosjekt. Difor er det alvorleg at kritiske spørsmål vart avfeidd då dei vart stilte. Ikkje berre av leiinga i selskapet, men også av eigarane. No ser vi konsekvensane.

Har vi rett leiing i Å Energi?

Når milliardverdiar er borte og selskapet må nedbemanne, er det både rett og naudsynt å stille følgjande spørsmål:

Har vi rett leiing i Å Energi?

Har vi god nok eigarstyring?

Når ting går så gale som i dette tilfellet, er det venteleg at leiinga tek ansvar, og det er naturleg at eigarane vurderer kva for leiing selskapet er best tent med vidare.

Men eigarkommunane må også sjå på si eiga rolle. Eigarstyring handlar ikkje om å gje leiinga uavgrensa tillit. Det handlar om å setje tydelege rammer, stille kritiske spørsmål, og sørgje for at selskapet held seg til oppdraget sitt. Den jobben vart ikkje gjort godt nok.

No må eigarane samle seg, fylgje opp eigarstrategien og ansvarleggjere leiinga og styret, slik at selskapet kjem tilbake på rett kurs.

Read Entire Article