Kvar blei det av høna?

1 day ago 7



Kva kom først; Høna eller egget? Uansett kva du svarer, så må du ha ei høne for å få egg. Og alle vil ha egg. Men ingen vil ha høne.

Toppåret for høna kom i 1995. Sidan har det stort sett berre gått nedover.

– Høne er kjempemat! På 60-70-talet kunne du koke nokre høns, så hadde du god middag midt i veka utan at det var for dyrt, fortel Kari Støfringsdal.

  • En person står ved et trebord med oppslåtte bøker i et rom med trepaneler. Det er også en bokhylle på veggen og kjøkkenutstyr i bakgrunnen. Personen bærer et stripete forkle. Rommet har en landlig kjøkkenstil. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Kari Støfringsdal

Ho har drive med norsk tradisjonsmat i ei årrekkje. Skal høna kome på bordet igjen, så må fleire nordmenn få smake ho, trur Støfringsdal.

Tidsklemma sin feil?

Men høna må sjå seg totalt utkonkurrert av avkommet. For ironisk nok peikar pilene for egg og kylling i heilt motsett retning. Aldri før har protein-elskande nordmenn kjøpt så mykje norske egg og kylling som det ligg an til i 2025.

  • Ellen-Margrethe Hovland, daglig leder i Norsk Fjørfelag, i mørkeblå t-skjorte med logo

    Ellen Hovland

– Det er eit paradoks. Samstundes har kyllingen meir kjøt på seg. Han er raskare å lage til og rimelegare. Tidsklemma tek oss når vi kjem heim frå jobb og skal lage ein rask middag, seier Ellen Hovland i Norsk Fjørfelag.

🐔Har du smakt høne?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Frå matbord til betong

Kylling kom for fullt inn i norsk kosthald på 80-talet. Salet har gått frå 0 i 1981 til 110.000 tonn i år. Medan hønseslaktet hadde sin topp midt på 90-talet. Frå då har salet falle med 85 prosent.

– Det er synd at vi nordmenn ikkje et meir høne, altså vaksne fuglar. Dette er god mat, og vi et stort sett berre kylling. Det finst ikkje noko meir berekraftig kjøt enn kjøttet frå dei dyra som uansett blir fora opp, seier forfattar Andreas Tjernshaugen.

  • Andreas Tjernshaugen og høna Silvia.

    Andreas Tjernshaugen

Høna spelte hovudrolla i den siste boka han skreiv. Han trur folk flest ikkje veit kva som skjer med høna når ho er ferdig med å legge egg.

Kring 4 millionar verpehøns forsyner nordmenn med egg. Etter eitt og eit halvt år nærmar livet deira seg slutten.

Frittgåande økologiske høner.

Norske verpehøns får leve i kring eitt og eit halvt år.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Då reiser dei fleste høns reiser til Hamar og Biosirk sitt anlegg. Her blir dei gjort om til feitt til fyring og biodiesel og betong.

– Ja, du kan seie at vi hiv noko som kunne fungert på middagsbordet. Samtidig er det lite kjøt på høna samanlikna med kylling. Og ho er tidkrevjande å lage til, seier Hovland.

NRK-programmet Forbrukerinspektørene prøvde i 2017 «å redde» høna.

I løpet av 2025 har det blitt endå vanskelegare å få tak i høne til matlaging. Nationen melder at ei ny tolking av reglverket, gjer at Nortura har slutta å slakte høner.

Trur nordmenn veit for lite

Å koke eller trekke ei høne tek to timar eller meir, alt etter storleiken. Når nordmenn lagar middag skal det gå raskt. Dagens varme måltid skal helst vere klart på maks ein halvtime.

Samstundes er færre nordmenn tett på gardsdrifta lenger.

– Folk har ikkje bønder i nær familie eller omgangskrets. Høns er heller ikkje ute, så ein kjem ikkje tett på dei. Folk veit og ser lite til dei, og tenkjer ikkje over kva som skjer. Vi kastar mykje verdifull mat, og det burde vi gjere noko med, meiner Tjernshaugen.

Publisert 05.01.2026, kl. 13.03

Read Entire Article