Irans øvste leiar kan alt vere peikt ut etter drapet på ayatollah Ali Khamenei.
Han hadde vore landets øvste leiar sidan 1989, med siste ord i alle sentrale politiske og militære spørsmål.
Tysdag kveld meldte eksilkringkastaren Iran International at sonen hans, Mojtaba Khamenei, er peika ut til ny øvste leiar i Iran.
Opplysningane er førebels ikkje stadfesta av iranske styresmakter eller fleire uavhengige kjelder.
Torsdag kastar USAs president Donald Trump seg inn i diskusjonen om kven som bør ta over etter Khamenei.
Desse kan ta over
Fleire namn blir no trekte fram som moglege etterfølgarar.
Regimet:
Politikarar og religiøse leiarar som ønsker å halde fram dagens maktsystem og den islamske republikken slik han er.
- Hassan Khomeini – barnebarnet til revolusjonsleiaren Ruhollah Khomeini. Ein religiøs leiar som blir sett på som eit meir moderat alternativ innanfor systemet.
- Mojtaba Khamenei – son av Ali Khamenei. Blir rekna som ein innflytelsesrik maktfigur bak kulissane, men kontroversiell på grunn av frykt for arvefølge.
- Alireza Arafi – konservativ religiøs leiar og medlem av den mellombelse leiinga.
- Ali Larijani – Tidlegare parlamentspresident i Iran og ein sentral konservativ politikar.
Reformistar:
Politikarar som ønsker politiske og økonomiske endringar som gir folk større fridom, men som framleis vil arbeide innanfor den islamske republikken og systemet rundt den øvste leiaren.
- Hassan Rouhani – tidlegare president i Iran. Blir rekna som ein meir pragmatisk og reformorientert politikar.
- Javad Zarif – Tidlegare utanriksminister og toppdiplomat i Iran og ein av arkitektane bak atomavtalen i 2015.
Opposisjonen:
Personar og grupper som ønsker større politiske endringar eller eit nytt styresett, ofte utanfor det eksisterande systemet.
- Reza Pahlavi – son av Irans siste sjah og opposisjonsfigur i eksil.
- Narges Mohammadi – menneskerettsaktivist og Nobels fredsprisvinnar i 2023.
Trump ønsker å vere involvert i leiarval
– Eg må vere involvert i utnemninga, slik som med Delcy Rodríguez i Venezuela, seier den amerikanske presidenten til Axios.
Han viser til den amerikanske aksjonen ved årsskiftet der Venezuelas president Nicolás Maduro blei tatt til fange og frakta til USA.
USAs president Donald Trump vil vere med å bestemme kven som skal leie Iran.
Foto: Nathan Howard / REUTERS,NTBEtterpå tok visepresident Delcy Rodríguez over som fungerande president.
Trump meiner samtidig det er uakseptabelt at Mojtaba Khamenei tar over etter faren.
– Dei kastar bort tida. Khameneis son er ein lettvekta.
Trump seier vidare at USA ønsker ein leiar som kan skape «stabilitet og harmoni» i landet.
Landet har per no sett inn eit mellombels leiarråd, ifølge fleire iranske medium.
Dette er rådet:
AFP
President Masoud Pezeshkian
Irans president sidan 2024.
Han har tidlegare vore helseminister og har lang erfaring som medlem av parlamentet.
Han blir rekna som ein del av den reformorienterte fløya i iransk politikk.
- / AFP / NTB
Justisleiaren Gholam-Hossein Mohseni-Eje’i
Irans justisleiar sidan 2021.
Har hatt ei nøkkelrolle i rettsapparatet gjennom fleire tiår, som både etterretningsminister og riksadvokat.
Ein lojal støttespelar for det etablerte systemet.
khamenei.ir / KHAMENEI.IR
Ayatollah Alireza Arafi
Sentral religiøs leiar i det iranske presteskapet.
Sit både i Ekspertrådet og Vaktar-rådet, to av dei viktigaste maktorgana i landet.
Har leia dei iranske teologiske seminara sidan 2016
Usikker overgang i krig
Banafsheh Ranji, postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap på NTNU, meiner situasjonen i Iran er så uoversiktleg at det er vanskeleg å peike ut ein klar arvtakar.
Banafsheh Ranji
- Postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap, NTNU.
– Det er svært uklart kven som kan ta over. Vi veit ikkje eingong kven av toppleiarane som vil overleve dei pågåande angrepa. Situasjonen endrar seg frå dag til dag, seier ho.
Ifølge Ranji bremsar krig ofte politiske endringsprosessar.
– I ein krigssituasjon blir politiske overgangsprosessar ofte sett på pause. Det er langt meir sannsynleg at eksisterande maktstrukturar held fram enn at eit nytt system oppstår raskt.
Røyken stig over Irans hovudstad Teheran etter israelske og amerikanske angrep.
Foto: Majid Asgaripour / Majid Asgaripour / Reuters / NTBHo peikar også på at utanlandske aktørar i ein slik situasjon fyrst og fremst er opptekne av stabilitet.
– For eksterne aktørar handlar det mindre om kven som blir leiar, og meir om at det finst nokon dei kan forhalde seg til.
Avviser at Iran manglar opposisjon
Fleire analytikarar har peikt på at den iranske opposisjonen er splitta og manglar eit tydeleg politisk alternativ til regimet.
Ranji meiner det er feil å framstille Iran som eit land utan opposisjon.
– Det stemmer ikkje at Iran manglar opposisjon. Det finst sterke sosiale rørsler inne i landet, kvinnebevegelsar, arbeidarar, lærarar og fagforeiningar som held fram trass i undertrykkinga.
I fleire europeiske byar er det protestar til støtte for folk i Iran. Fleire utrykker glede over at ayatollah Ali Khamenei er drepen.
Foto: Aurelien Morissard / AP / NTBI Amsterdam har personar som er mot det iranske regimet vist si støtte til USA og Israel sine angrep som tok livet av ayatollah Ali Khamenei.
Foto: KOEN VAN WEEL / AFP / NTBEi kvinne har poppa ei champagneflaske under ein demonstrasjon i Paris etter USA og Israel sitt angrep mot Iran.
Foto: Aurelien Morissard / AP / NTBI mange europeiske byar har folk tatt til gatene for å vise si støtte til iranske borgarar.
Foto: Aurelien Morissard / AP / NTBOgså i Berlin har store folkemengder gjennomført demonstrasjonar.
Foto: Ebrahim Noroozi / AP / NTBOgså italienarar i Roma har gjennomført protestar.
Foto: Matteo Minnella / Reuters / NTB
Ho understrekar at eksistensen av politiske fangar nettopp viser at motstanden lever vidare.
– Opposisjonen eksisterer, men har ikkje hatt høve til å organisere seg fritt eller konkurrere politisk.
Ingen samlande opposisjonsfigur
Ifølge forskaren gjer både politisk undertrykking, og stort sosialt mangfald det vanskeleg å samle landet bak éin alternativ leiar.
– Iran er eit svært mangfaldig samfunn med mange etniske grupper, noko som gjer det lite sannsynleg at éin opposisjonsfigur kan samle heile landet.
Ho meiner difor at framstillinga av til dømes eksilprins Reza Pahlavi som ein samlande kandidat gir eit forenkla bilete.
Reza Pahlavi er son av Irans siste sjah
Foto: OLIVIER DOULIERY– Pahlavi har støttespelarar, særleg i eksil, men han representerer berre éin del av opposisjonen. Det finst ingen dokumentasjon på at han samlar fleirtalet av iranarar.
– Narrativet om at alle iranarar samlar seg bak éin opposisjonsfigur, er misvisande.
Ranji er også feministisk og antirasistisk aktivist, men uttaler seg her som forskar.
Splitta syn på kven som kan samle Iran
Samstundes går det føre seg ein diskusjon blant iranarar, både i og utanfor landet, om kven som kan samle Iran dersom regimet fell.
Sarah Gaulin, dagleg leiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald (LIM), meiner eksilprins Reza Pahlavi framstår som ein av dei få tydelege samlande figurane
Sarah Gaulin
Dagleg leiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald (LIM),
– Mi oppfatning er at mange roper og heiar på Reza Pahlavi, fordi han er kandidaten som samlar flest. Namnet hans blir ropa i gatene, og han har ein plan og noko konkret å vise til, seier ho.
Også stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har uttrykt støtte til Reza Pahlavi som overgangsleiar for Iran, mellom anna til VG.
Gaulin seier ho fryktar eit maktvakuum dersom regimet fell utan eit klart alternativ.
– Eg ser dessverre ikkje at det er andre kandidatar som blir løfta fram. Når vi ikkje har andre alternativ, kan vi få situasjonar som i Syria eller Afghanistan.
Pahlavi har samstundes vore kritisert for manglande demokratisk legitimitet og for banda til det autoritære styret under faren før revolusjonen i 1979.
Ayatollah Ali Khamenei, leia Iran i nærmare 40 år.
Foto: AFP / NTB / AFP / NTBGaulin meiner eksilprinsen har forplikta seg til ei mellombels rolle.
– Han har lagt fram dokument og konkrete planar. Dersom han ikkje held det han lovar, trur eg iranarane raskt vil gå ut i gatene igjen.
Åtvarar mot eksilprinsen
Siavash Mobasheri, gruppeleiar for Raudt Oslos bystyregruppe meiner på si side at det er feil å peike ut ein ny leiar, fordi vi ikkje veit kva iranarar i Iran vil ha.
– Vi veit ikkje om dei vil ha republikk, monarki eller noko anna, fordi dei aldri har fått stemme fritt om det.
Han er særleg kritisk til at iranarar i eksil skal definere framtida til landet.
– Eg meiner det er prinsipielt feil at vi i eksil skal kome med ein kandidat og definere kven som skal ta makta.
Siavash Mobasheri
Gruppeleiar for Raudt Oslos bystyregruppe
Han påpeikar at Iran er eit land med over 90 millionar innbyggarar, og mange folkegrupper med ulike interesser.
– Pahlavi har ei viss støtte, men vi veit ikkje kor stor den er.
Mobasheri åtvarar mot å samle makt hos éin person.
– Khomeini sa også i 1979 at han berre skulle vere ein mellombels figur. Historia viser kor raskt «midlertidig» kan bli permanent når makt først er konsentrert.
Både Gaulin og Mobasheri peikar på at det internasjonale samfunnet kan få ei viktig rolle dersom Iran går inn i ein overgangsfase, mellom anna gjennom støtte til demokratiske institusjonar.
Utanriksredaksjonen i NRK følger utviklinga tett. Følg med på podkasten her:
Publisert 05.03.2026, kl. 21.20

















English (US)