Kvifor blir kraftinntektene snakka ned i Sandnes?

1 day ago 9



Kvifor skal Sandnes hausta på begge sider av samfunnskontrakten om norsk kraft, spør Årstein Løland frå Forsand (bildet). Foto: Tor Inge Jøssang

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Aksjonsgruppa på Forsand registrerer at ordførar og varaordførar i Sandnes, snakkar ned kraftinntektene si betydning for Sandnes-økonomien. I tillegg er beløpa som blir presentert, ufullstendige.

Kraftinntektene består av konsesjonskraft, konsesjonsavgifter til kraftfond, naturressursskatt og eigedomsskatt på kraftanlegg, kraftlinjer og transformatorar. Vel, vel, men godt nok for oss å vite. Vasskrafthistoria i Norge er ei stolt og lang historie. Tidleg på 1900-talet, var Stortinget både klarsynte og langsiktige. Representantane la då fundamentet for eit velfungerande lovverk vedkomande vasskraftutbygginga i Norge. Her vart den store samfunnskontrakten nedfelt.

Byar og sentrale strok skulle få tilgang på elkraft for utvikling av sine tettstader og næringsliv. Det var difor bykommunane og dei sentrale kystområda, som hadde kapital til å byggje ut dei store kraftanlegga. Byar og kommunar vart eigarkommunar. Som eigarkommunar av Lyse får dei sine utbytter på si side av kontrakten. På den andre sida av kontrakten, var Stortinget opptatt av at distrikta som avstod ressursen, måtte tilgodesjåast.

Tidleg 1900-tal, fekk me konsesjonslova, og vassdragsreguleringslova, i 1975 fekk me Eigedomskattelova for verk og bruk. Det er på denne bakgrunn, ikkje hensiktsmessig at den 5. største bykommunen i Norge skal «hauste» på begge sider av samfunnskontrakten. Så langt det historiske om vasskrafta. Nå til vår kampsak om grensejustering til Strand som del av Ryfylke.

Ryfylke har saman ein sterk posisjon innan samla vasskraftutbygging. Når det så gjeld kraftinntektene, er verknadsgraden langt, langt høgare for Strand-/Forsand-økonomien med 13.000 innbyggjarar, enn Sandnes sine 85.000. Til slutt det overordna perspektivet: Aksjonsgruppa fører ein rettferdig kamp for at vår kvardagsregion saman med Strand kommune, blir realisert. Slik kan også føresetnaden for eitt aktivt lokaldemokrati og ei styrka lokal utviklingskraft reparerast.

Publisert:

Publisert: 29. april 2026 09:58

Read Entire Article