Kvifor ivrar ikkje MDG for jordkablar?

10 hours ago 1



DEBATT: Formannskapet i Stavanger skal 18. juni handsame den viktigaste lokale miljøsaka i kommunedelane Finnøy og Rennesøy i denne kommunevalperioden. Skal det nye straumnettet henge vel 20 meter over bakken festa i store master eller leggjast i kabel?

Ta ekstrakostnaden med jordkabel og bevar natur- og landskapsverdiar for komande generasjonar, skriv Jostein Eiane (bildet).

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det har vore heilt tyst frå dei som har miljø i partinamnet sitt når det nå skal takast stilling til korleis kulturlandskapet skal sjå ut i generasjonane som kjem. Eg vil minne om nokre av utfordringane på Rennesøy som eg kjenner best.

Lufttrasé som kjem tett på færrast hytter og hus går over Austbøheia. Dette er eit kystlyngheiområde som i 2008 vart peikt ut som utvald kulturlandskap i Rogaland som eit av tre. Dei har hatt eiga forskrift saman med verdsarvområde som Vega og Røros. Lokale bønder har saman med staten brukt store ressursar på å verne om denne unike landskaps- og naturtypen. Vert denne traséen vald er det nærast gjeve at det kjem motsegn frå statsforvaltar, fylkeskommune og kommune. Det er også flygande og stadbundne raudlisteartar her.

Miljøsaker i kø

Det som då står att som aktuell lufttrasé går forbi Nordbøvika og Eltarvåg mot Rennaren på nordsida av Rennesøy. Det vart nettopp klart for dei som bur her, to byggjefelt og ei rekkje tradisjonsrike hytter, at dei risikerer å få kraftlina tett framføre stoveglasa. Lnett tek ikkje omsyn til desse som ikkje er grunneigarar, og kommunen hadde ikkje dette som eit moment i sakshandsaminga. Nærmiljøet til folk er ei viktig miljøsak. Tek ikkje kommunen meirkostnaden, taler alt for at luftlina vert bygd her.

Miljøsakene står i kø også her. Det er hekkande havørn rett ovanfor trasé. Det betyr at linene må kryssast mange gonger til dagen på veg etter mat frå sjøen. Vikene nedafor er leve- og oppvekstområde for sjøfugl i store mengder.

Store delar av strekket er ein del av kulturlandskap av nasjonal interesse, KULA. Eit av prinsippa frå Riksantikvaren er å unngå høge installasjonar som forstyrrar samanhengane i landskapet. Ein skal vidare ta særleg omsyn til kystlinja og landskapselementa knytt til den.

Ta denne ekstrakostnaden!

Det er også beite og dyrka mark her. Ein del av jordvernet er å unngå inngrep som forstyrrar og reduserer høve til å produsere mat. Luftliner av denne type legg beslag på spreiingsareal vel 30 meter breitt i beite, og er så risikabelt for bonden over dyrka mark, at det i praksis legg band på tilsvarande areal utan kompensasjon for tapt spreiingsareal der. Når det naturlege kretsløpet vert forstyrra, og ein må erstatte naturgjødsel med handelsgjødsel, aukar klimautsleppa. Dei som har knapt med spreiingsareal må redusere dyretalet i all framtid. Dette er dramatisk negativt for bonden og samfunnet. 

Ved sjøen ligg gamle naustgrunnar og restar etter naust. I desse dagar vert det gjort utgravingar på Sørbø som dokumenterer tilsvarande kulturminneverdiar knytt til leidangsystemet i Ryfylke.

Her er det berre ein ting å gjere for dei i Stavanger formannskap som vil ta miljøomsyn: Ta ekstrakostnaden med jordkabel og bevar natur- og landskapsverdiar for komande generasjonar.

Publisert:

Publisert: 14. juni 2026 12:38

Read Entire Article