Kvinna i 70-åra blei svindla – har pågripe éin person i Danmark

1 month ago 9



Politiet i Møre og Romsdal har sidan februar etterforska saka der ei kvinne frå Romsdal blei lurt til å bli med til Tyrkia og svindla for eit millionbeløp.

Gjennom Kripos har dei samarbeidd tett med internasjonale politistyresmakter som Interpol og Europol. I tillegg samarbeider politidistriktet med politi både i Danmark og Tyrkia.

No er ei kvinne pågripen i saka.

– På bakgrunn av etterforskinga av tekniske spor har vi klart å identifisere ein av gjerningspersonane. Det er ei dansk kvinne i 50-åra som no er pågripen i Danmark. Ho er sikta for grovt bedrageri etter straffelova § 372, seier politiadvokat Anders Skorpen-Trøen til NRK.

Kan vere den som oppsøkte kvinna

Politiet opplyser at det er for tidleg å gå inn på detaljar om kva rolla til den sikta kvinna har vore i denne saka.

– Men vi er av den oppfatning at det er ho som oppsøkte den fornærma kvinna i heimen hennar i Romsdal, og bidrog til at ho reiste til Tyrkia, seier Skorpen-Trøen.

Anders Skorpen Trøen ser alvorlig mot kamera i politiuniform.

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Håper de at arrestasjonen av denne kvinna kan vere med på å avdekke fleire involverte?

– Vi håper at den vidare etterforskinga kan gi meir detaljar om både ho og eventuelt andre.

Politiet håper også at den vidare etterforskinga vil gi meir informasjon om kvinna si rolle i saka.

Vi kan ikkje utelukke at det fleire involverte, då mykje tyder på at den danske kvinna ikkje har opptredd åleine, seier Skorpen-Trøen.

Skal samarbeide med

Saka blir etterforska vidare av politiet.

– Vi har eit tett samarbeid, særleg med danske myndigheiter, om den vidare etterforskinga.

Kvinna sit no i arresten i Danmark.

– Blir ho utlevert til Noreg?

– Vi må ha eit samarbeid med danske styresmakter om kva som skjer med ho vidare. Vi har ein plan om å avhøyre ho, og så må vi samarbeide om korleis det er best mogleg å gjennomføre dette, seier Skorpen-Trøen.

Det blir framleis jobba med å få tilbake pengane som blei svindla frå kvinna i 70-åra.

Publisert 03.04.2025, kl. 11.59 Oppdatert 03.04.2025, kl. 12.49

Read Entire Article