Kyle Alessandro fekk hasteoperert visdomstanna

4 hours ago 2



Søndag hadde det norske Eurovision-bidraget med Kyle Alessandro i spissen sine første prøver i Basel.

Men det var berre så vidt Kyle klarte å gjennomføre dei, ifølgje leiar for den norske delegasjonen Mads Tørklep.

– Han klarte så vidt å opne munnen i dag tidleg og tok sterke smertestillande for å klare å gjennomføre prøvane.

Rett etter at prøvane var ferdig kom Kyle seg til tannlegevakta i all hast, og der var beskjeden klar.

Tannlegen kunne konstatere at det hadde gått ein kraftig infeksjon i tannkjøtet. Tannlegen vurderte det dit hen at tanna måtte bli trekt med ein gong.

Tanna til Kyle Alessandro etter at han måtte trekke den i Basel

TREKT: Visdomstanna som blei operert ut.

Foto: Privat

Smertene starta måndag

Kyle Alessandro seier smertene starta alt på måndag.

– Eg tenkte ikkje noko stort over det og tenkte at det sikkert gjekk over etter nokre dagar, men sidan då blei smerta berre større og større, heilt til i dag. Vi starta dagen med den første prøven på arenaen, og det gjekk utmerka godt.

– Etter prøvane byrja eg å få ganske store smerter igjen, så då fekk vi hastetime hos tannlegen der det resulterte i at tanna ble trekt.

– Nå har tannlegen sagt at eg må kvile fram til onsdag, så går dette bra.

Kyle Alessandro saman med dansarane backstage før dei aller første prøvane i Basel

FØR SCENEPRØVE: Søndag hadde Kyle Alessandro sin aller første sceneprøve i Basel.

Foto: Camilla / NRK

Droppar alt program dei neste dagane

Kyle Alessandro har fått beskjed frå tannlegen om å halde seg i ro og unngå fysisk aktivitet dei neste dagane. Han kan heller ikkje synge.

Dermed har alt program dei neste dagane blitt lagt på is.

Ifølgje Tørklep var det mykje som sto på programmet dei neste dagane. Måndag skulle han hatt full prøvedag, som dei nå er nøydde til å droppe. Og både måndag og tysdag skulle han hatt tre timar med intervju med internasjonal presse.

–Vi må sjå an kva vi gjer. Ein blir ofte i dårleg form når ein trekk ei visdomstann, så det blir vanskeleg for oss å gjennomføre dei planlagde aktivitetane.

– Vi må berre sjå det an nå han er i form igjen og klar for å synge, seier Tørklep.

Resten av teamet kjem til å øve på det dei får til åleine.

Søndag hadde Kyle Alessandro sine første sceneprøver i Basel som første land ut. Det er første gong Kyle står på det som er verdas største musikkscene.

Kyle Alessandro og teamet hans rakk tre gjennomgangar av nummeret.

Publisert 04.05.2025, kl. 16.55 Oppdatert 04.05.2025, kl. 18.29

Read Entire Article