Kyrkjeasylanten blei henta av politiet - i dag tok han eksamen

1 day ago 5



Onsdag var det inga bønn for Suel Kassembo, som har budd ulovleg i Noreg i meir enn 20 år. Politiet henta han ut av kyrkjeasylet i Herøy og sende han til Politiets utlendingsinternat på Trandum.

– Det er vanvettig kor mange som engasjerer seg. Folk synest det er sjokkerande, seier Heidi Fagna.

Ho sit i støttegruppa og opplever ei massiv støtte. Folk har sett i gang innsamlingsaksjon og planlegg også demonstrasjon utanfor Stortinget.

Planen er at Kassembo skal sendast ut av landet fredag, og no jobbar dei på spreng, både juridisk og politisk, for å hindre dette.

Heidi Fagna er i støttegruppa for Suel Kassembo og har ansvar for facebook-kontoen til støttegruppa

Heidi Fagna og Randi Neteland jobbar for at Suel Kassembo skal få bli.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tok eksamen

Kassembo kom til landet som blindpassasjer på eit skip i 2004, og oppgav då at han var 16 år gamal. Han sa at han flykta frå Burundi i Aust-Afrika etter at veslesøstera og foreldra var drepne.

Men staten trudde ikkje på historia hans. Dei meinte han var frå Tanzania, og han har tapt i både tingretten og lagmannsretten. Kassembo har seinare dokumentert at han kjem frå Burundi.

Kassembo har dei siste 2,5 åra sete i kyrkjeasyl fordi han meiner det er livsfarleg å dra heim. Før det har han i fleire år jobba på Runde miljøsenter på Sunnmøre.

Suel Kassembo som sit på Trandum har hatt digital, munnleg eksamen i dag. Han har tatt ei studium i religion dette semesteret, og fullførte med godt resultat.

Suel Kassembo i Kyrkjeasyl i Herøy

Suel Kassembo sat i kyrkjeasyl i Herøy over to år.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Vil ha amnesti

Fleire politikarar har engasjert seg i saka. Stortingspolitikar Harry Valderhaug ( KrF) har i dag ei ringerunde til Stortinget.

– Hadde det vore opp til KrF, hadde Suel fått amnesti. Vi krev at regjeringa ser på saka på nytt no, før Suel blir sendt ut av landet, seier Valderhaug.

Partiet oppfordrer alle andre partier til å støtte opp om kravet.

I dag er det opa kyrkja i Herøy, der folk kan kome og snakke om det som har skjedd.

Politiets utlendingsenhet seier at personar som har fått endeleg avslag på søknad om opphold har plikt til å forlate landet.

Utlendingsnemnda (UNE) meiner at vedtaket i saka er i tråd med norske reglar og Norges menneskerettslige forpliktingar. Dei viser til at saka har blitt grundig behandla og prøvd i domstolane.

Harry Valderhaug smiler på valgvaken på Pir.

Harry Valderhaug (Krf) er berre ein av mange politikarar som engasjerer seg for å stoppe utsendinga av Kassembo.

Foto: Remi Sagen / NRK

Veit ikkje om han har bustad

Samstundes som Heidi Fagna og resten av støttegruppa jobbar for å stanse utsendinga, prøver dei også å skaffe informasjon om kva som skjer med Kassembo dersom han blir sett på flyet.

Dei veit ikkje om det er ordna bustad til han eller korleis han skal bli fulgd opp.

Men er det ikkje rett å sende han ut av landet når han er her ulovleg, då?

– Styresmaktene har vald heile vegen at de ikkje ville tru på det han sa. Det er det avslaget er basert på, seier Fagna. Ho meiner heile saka er feil.

Utenriksdepartementet skriv i sine generelle reiseråd at dei frarår reiser til Burundi som ikkje er strengt naudsynte fordi situasjonen i landet er ustabil.

Støttegruppe for Suel Kassembo

Støttegruppa jobbar i fleire spor, både politisk og juridisk. Dei gir ikkje opp håpet om at Kassembo får bli verande i Noreg.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Publisert 28.05.2026, kl. 14.34

Read Entire Article