Han ble avslørt etter at mor sende uromelding til skulen. I retten skulda mannen på sin eigen bror.

Det var i juni 2023 at ei mor sende uromelding til skulen om at læraren skulle ha befølt dottera hennar.
I eit møte med rektor nekta mannen for skuldingane. Om lag ei veke seinare kom politiet på besøk til læraren.
Då var saka politimeld. Politiet leita gjennom dei digitale einingane til mannen, utan å finna noko knytt til skuldingane frå eleven og mora hennar.
Dei fann derimot noko anna.
Kamuflert i skulemappe
No er den tidlegare læraren i 40-åra dømd til fengsel i 120 dagar i Nord-Troms og Senja tingrett.
Politiet fann nemleg 101 bilde og fire filmar som seksualiserer barn eller viser seksuelle overgrep mot barn, mellom anna utført av vaksne menn.
– Vi vil gå gjennom dommen før vi tek stilling til ei eventuell anke, seier forsvarar Ola Kristiansen Larsen til TV 2.
Noko av materialet var skjult i læraren sitt filmappesystem.
Hovudmappa hadde namnet «Skole». I undermappene «Gammelt» og «10 min presentasjon fordypningsemnet» blei det funne fleire ulovlege filer.
Endra filtypen
Overgrepsmaterialet var kamuflert slik at filtypene måtte endrast for å kunne opnast.
Til dømes var filene av typen «.docx», som er eit typisk lagringsformat for til dømes Microsoft Word.
Ved å endre filtypen til bildeformatet «.jpeg», avslørte politiet kva som faktisk låg der.
Nokre av jentene på materialet står fram som under ti år, påpeikar retten.
Skulda på broren
I retten erkjente ikkje mannen straffskuld.
Overgrepsmaterialet som vart funne skjult i skulemappene meinte han kunne stamme frå broren sin. Han skal ha ein dom på eit liknande forhold frå før, men han ville ikkje forklare seg for retten.
Retten festar uansett ingen lit til lærarens forklaring på filene, og meiner det er han som oppbevart filene.
Hadde «pornomappe»
Forklaringa på dei andre filene var at dei vart lasta ned i forbindelse med nedlasting av anna lovleg porno.
Læraren fortalde at han hadde ei eiga mappe som han lasta ned filer til og at han ikkje hadde kjennskap til at det var ulovlege filer i dei.
Han forklarte at han kan ha lasta ned «så mykje som 3000 bilete» frå mellom anna appen Telegram og at det kunne dukke opp material av ulovleg karakter der.
Lagt vekk
Men her blir han heller ikkje trudd av retten, som ser på det som «sikkert bevist at tiltalte forstod at materialet var bilete som viste seksualisering av og seksuelle overgrep mot barn».
På grunn av lang saksbehandlingstid, får læraren delar av straffa på vilkår. Av dei 120 dagane i fengsel, er det 30 av dei som er på vilkår med to års prøvetid.
Forsvararen opplyser til TV 2 at saka om beføling av elev vart lagt vekk av politiet.