Landslagsstjerne har frykta å legge opp: – Eg har sett stygge eksempel

3 weeks ago 23



– Nå er det over. Men det er merkeleg å seie dei orda. At «this is it».

Alexander Bonsaksen møter NRK på isen i Jordal Amfi der han fortel; denne sesongen blei hans siste.

– Det er vemodig. Men eg var heldig som fekk avslutte karrieren her kor eg voks opp.

Han snakkar om Vålerenga. Klubben der han lærte å gå på skøyter som treåring. Og som han fekk spele sin siste kamp for.

Karrieren enda i sluttspel-exit mot Storhamar den 24. mars.

– Det er jævlig vondt å tape sånn. Eg hadde jo ein draum om å avslutte med å vinne.

Alexander Bonsaksen iført hockeyuniform og holder en hockeykølle

HEILSVART: For Alexander Bonsaksen og Vålerenga enda sesongen med tap i fire av fire semifinalekampar mot Storhamar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Har frykta å legge opp

«Bonsa» har aldri sett fram til denne dagen. At han ikkje lenger skal spele kampar med synging og hoing frå supporterane.

– Eg har alltid vore redd for det. Ein blir jo jævlig fort gløymt. Du blir på ein måte hylla til å gå ut døra, og så er du «nobody».

Alexander Bonsaksen mottar høy kølle fra russisk spiller

LANDSLAGSSTJERNE: Alexander Bonsaksen spelte heile tolv verdsmeisterskapar for Noreg. Her frå 2012, som var sist Noreg tok seg til kvartfinale i VM.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP / NTB

Frykta botnar i opplevingar frå hans eigen karriere.

Bonsaksen har sett kor ille det kan gå om ein ikkje har ei utdanning å lene seg på eller arbeidsplass å gå til når karrieren er over. I dei verste tilfella har dei enda i alkohol og rus.

– Eg har sett stygge eksempel på nært hald.

– Veldig mange blir etterlatne fort. I klubbane blir du ei brikke i eit stort spel. Når du er ferdig, så er du ferdig. Da skal dei handtere arbeidsoppgåvene sine. Da er ikkje du med i planane.

Ønsker endring

Bonsaksen sjølv har planen klar nå som karrieren er over. Han skal jobbe i eit eventfirma.

Oslo-guten skildrar seg sjølv som heldig, som utan utdanning har fått høve til å kombinere toppidretten med ein deltidsjobb i firmaet dei siste åra. Det gjer at han nå går rett over i full stilling.

Alexander Bonsaksen som spiller hockey

VÅLERENGAGUTT: Alexander Bonsaksen debuterte allereie som 17-åring for Vålerengas A-lag.

Foto: Privat

Bonsaksen ønsker fleire skal kunne gjere det same og ber klubbane ta grep.

– Ytst få fyller banken såpass at dei kan berre legge seg på sofaen når karrieren er over. Eg håpar fleire klubbar hjelper til med å ordne stillingar for spelarane så dei har noko å falle tilbake på.

Leiar i NISO, Kristoffer Vatshaug, seier at å legge opp som toppidrettsutøvar gjerne er knytt til å få ei form for identitetskrise.

Kristoffer Vatshaug som folder armene

FORBUNDSLEIAR: Leiar i NISO, Kristoffer Vatshaug, meiner dette er ei kollektiv oppgåve for heile idrettsrørsla.

Foto: Caroline Mitchell Larød / NRK

– For dei som synest dette er vanskeleg kan det slå ut i uro av ulike former. I dei verste eksempla kan ein begynne å bruke rus eller gamble for å finne tilbake til denne verdien av seg sjølv, seier Vatshaug og held fram:

– Eg synest det blir jobba bra, men ikkje godt nok. Eg ser at vi kan gjere enda meir.

President i Noregs ishockeyforbund, Tage Pettersen, er einig i at dette er noko som bør jobbast meir med.

Idrettens Karrieresenter og fleire klubbar har avtalar med enkelte sponsorar om exit-stillingar. Men på dette området kan vi som forbund og klubbane openbert strekke oss lenger. Dei siste åra har vi likevel løfta dette med mental helse høgt på dagsordenen for å gi alle verktøy til å kunne takle vanskelege dagar på ein betre måte.

Pettersen fortel at dei har hatt større fokus på å legge til rette for at unge skal kunne kombinere idrett med skolegang og utdanning, men at dei jobbar saman med toppklubbane i Elitehockey for å betre tilrettelegginga til livet etter hockeykarrieren.

Les svaret til Elitehockey her:

– Kroppen vil ikkje

Alexander Bonsaksen har vore ein viktig spelar på det norske landslaget i ei årrekke, der han blir ståande med tre OL og ti VM. Han legg opp etter å ha spelt både i Noreg, Sverige, Finland og Tyskland.

Han mimrar tilbake til å vekse opp i barndomsklubben på laget Vålerenga Blueberries, der han var ein del av ein sterk 87-årsgang, med Mats Zuccarello i spissen.

En gruppe barne-hockeyspillere

VÅLERENGA BLUEBERRIES: Frå venstre: Mats Knutsen, Mats Zuccarello, Lars Haugen, Brede Csiszar og Alexander Bonsaksen.

Foto: Privat

Han skulle gjerne kunne sagt at han nå er mett og vil gi seg, men det er han ikkje.

– Hovudet mitt vil jo, men kroppen vil ikkje. Derfor er det vanskeleg, seier Bonsaksen.

– Eg er 38 år og har ein kropp som har fått køyrt seg gjennom karrieren. Og akkurat nå toler ikkje hofta mi meir. Eg har operert venstrehofta to gonger og høgre éin. Og nå er det venstrehofta som har begynt å krangle meir og meir i løpet av sesongen.

Nå skal han bruke meir tid saman med familien som består av tidlegare snøbrettkøyrar Silje Norendal og barna Nicoline (11 md.) og Bianca (3,5 år).

Alexander Bonsaksen og familie

IDRETTSFAMILIE: Alexander Bonsaksen saman med kjærasten Silje Norendal og eldste dotter Bianca.

Foto: Privat

– For min eigen del er eg takksam for at foreldra mine aldri pusha meg. Det håpar eg at eg kan bringe vidare og berre legge til rette. Og at vi kan begynne med ein eller annan morosam idrett.

– Det er kaldt i ishallar som publikummar, så kanskje noko anna.

Publisert 09.04.2025, kl. 11.22

Read Entire Article