Legg fram analyse om 47 kriminelle barn

15 hours ago 1



Torsdag legg politiet i Agder fram ein ny rapport med analyse av dei 47 barna med flest straffesaker i Agder.

Rapporten tek føre seg kva som kjenneteiknar dei 47 barna som gjorde mest alvorleg kriminalitet i Agder i 2024 og 2025.

Politimeister Kjerstin Askholt seier håpet er at meir kunnskap vil kunne bidra i diskusjonen om korleis ein best kan førebygge vidare kriminalitet.

– Med bakgrunn i politiet sitt kunnskapsgrunnlag har vi hatt eit ønske om å sjå på hva som kjenneteiknar akkurat desse 47 barna. Analysen tek føre seg fleire indikatorar som belyser fleire kjende sårbarhetsfaktorar for å bli involvert i kriminalitet, for å sjå korleis det treff våre barn i Agder, blant anna kjønn og nasjonalitet, levekår og oppvekstsvilkår, seier etterretningsleiar Torgeir Winsnes.

Read Entire Article