Leita etter kona – så høyrte han stønning frå leikeplassen

2 hours ago 1



Mann må i fengsel for brutal vald etter brutal oppdaging.

 Tom Rune Orset / TV «
VALDELEG: Det blei dramatisk då mannen i 40-åra tok kona på fersken i eit leikehus på ein leikeplass i Trøndelag. Biletet er til illustrasjon og har ingenting med hendinga å gjere. Foto: Tom Rune Orset / TV «

Publisert 26.05.2026 13:33 Sist oppdatert 16 minutter siden

Det var i mars i fjor at mannen i 40-åra var på veg heim frå fest saman med kona og ein god kamerat.

Kort tid etter skulle det lystige laget ta ei dramatisk vending for alle, ifølge ein nyleg dom frå Trøndelag tingrett. 

For då mannen hadde lagt seg, skal kona brått ha sagt at ho måtte ut for å leite etter kameraten dei nettopp hadde gått saman med.

Gjekk forbi leikeplass

Då det tok lang tid før ho kom tilbake, gjekk mannen sjølv ut av huset for å leite. Han fekk ikkje svar på verken telefon eller Snapchat.

Han var, ifølge eiga forklaring, på veg heim igjen då han høyrte stønning frå eit leikehus inne på ein leikeplass i bygda.

– Han gjekk nærare slik at han såg inn i huset og der såg han kona hadde sex med kameraten. Han hoppa over gjerdet og ho spratt av kameraten, skriv tingretten om mannens forklaring.

– Svartna

Synet av kona og det han sjølv omtalar som «sin beste ven» fekk det til å svartne for han.

Medan kameraten tok på seg buksa, byrja mannen å sparke til han i skuldra og hovudet hans. Etter fleire spark brukte han knyttneven for å slå han i ansiktet.

– Han låg nede på golvet då han slo. Tiltalte stod med knea på kvar sin side av kroppen hans. Han meiner det stemmer at slaga var harde. Han slutta å slå etter at kona sa at kameraten var livlaus, skriv tingretten vidare om hendinga.

Situasjonen var formildande

No er mannen i 40-åra dømd til fengsel for grov vald.

Den fornærma mannen fekk fleire brot i ansiktet og vart alvorleg skadd av den grove valden.

Tingretten meiner den fornærma var forsvarslaus i det vesle leikehuset. Men dei meiner det er formildande at valdshandlingane ikkje var uprovoserte.

– Det skjedde etter at han hadde funne fornærma, som var ein av hans beste vener, og kona si inne i huset på leikeplassen, medan dei hadde sex.

– Det er inga tvil om at årsaka ikkje kan rettferdiggjera valden, men det gjer at handlinga skal dømmast noko mildare enn tilsvarande handlingar argumenterer retten.

Må sone tre månadar

Dommen er på fengsel i seks månadar, men der halvparten av straffa er på vilkår. 

Han må også betale kameraten litt over 100.000 kroner i både erstatning og oppreisning. 

I retten tilstod mannen i 40-åra. Han kjem ikkje til å anke dommen, opplyser hans forsvarar til TV 2.

Read Entire Article