Klokka 09.36 opplyser politiet at situasjonen er under kontroll.
– Ein ressurs frå Røde Kors er komen opp til hytta. Dei har vore i kontakt med elevar og lærarar, og det er ikkje behov for assistanse frå frivillige eller nødetatar, opplyser operasjonsleiar Ina Kristin Selfors i Nordland politidistrikt.
– Vi avbryt redningsaksjonen og kallar tilbake alle ressursar, legg ho til.
Naudetatane sette i gang ein redningsaksjon i Narvik, skriv politiet klokka 08:12 torsdag morgon.
Det var snakk om ein idrettsklasse ved Narvik vidaregåande skule på tur ved Gamle Holmvassbu.
Klassen bestod av 30 elevar og to lærarar.
Fylkeskommunen sette krisestab, stadfester Trond Erlend Willassen i Nordland fylkeskommune.
Avslutta
Politiet melde først om ein uavklart situasjon då dei ikkje kom i kontakt med dei som er på staden, ifølge operasjonsleiar i politiet Ina Kristin Selfors.
Politi- og brannvesen saman med frivillige blei sendt mot staden for å få ei avklaring.
– Vi støttar politiet i Nordland, men det er dei som koordinerer hendinga, sa Håvard Svenning i HRS Nord-Noreg til NRK.
Også Nordland fylkeskommune var kopla på.
– Det er ein uavklart situasjon som vi undersøker saman med alle involverte partar, uttalte kommunikasjonssjef Anna Brandal i Nordland fylkeskommune til NRK.
Ifølge Brandal var foreldra til dei involverte informerte.
Fleire bilar med tilhengarar som blir brukt til transport av snøscooterar og ATV-ar, og kanskje ein bil frå brannvesenet er observert på veg austover på E10.
Foto: Statens vegvesenDårleg dekning
Det er Narvik Jeger- og fiskerforening som leiger ut hyttene der elevane no er på skuletur.
Det er to hytter med plass til fire og seks personar, men elevane bur i telt og brukar hyttene som back-up til å lage mat og tørke klede.
Det opplyser Kim Opdahl, som er leiar i foreininga.
– Hyttene er ofte utleigde, og det er ei årleg hending at den vidaregåande skulen i Narvik gjer det, seier han.
Opdahl fortel at det er tåke i området og at det er så som så med mobildekning.
– Du får dekning her og der. Det er godt kjent at tåka kan forstyrre mobildekninga, legg han til.
Han skildrar området der hyttene ligg som heilt flatt.
– Det ligg eit vatn i nærleiken, men eg er usikker på om det er islagt per no, seier han.
Ifølge varsom.no er det betydeleg snøskredfare i området.
Takkar frivillige
Politiet takkar frivillige frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshundar som «kraftsamla» og stilte på kort varsel.
– Takk til brannvesenet, toll, Forsvaret og Sivilforsvaret og svensk politi for velvillig bistand. Stolt av å sjå at redningsfamilien trer til når det er behov for det, skriv operasjonsleiar Ina Kristin Selfors i loggen.
Publisert 30.04.2026, kl. 08.42 Oppdatert 30.04.2026, kl. 10.00






.jpg)







English (US)