Like naturleg å snakke om som sikker­heit, fangst og drift

10 hours ago 2



– Ikkje vær redd for å ta kontakt, enten du er den som treng hjelp, eller er den som er usikker på om du skal ta kontakt! Det var bodskapen då årsmøtet til Sør-Norges Fiskarlag sette psykisk helse i fiskaryrket på dagsorden.

Fiskarlaget har satt psykisk helse for fiskere på agendaen. Her fra panelsamtale under årsmøtet til fiskarlaget. Foto: Jan-Erik Indrestrand, Norges Fiskarlag.

Fiskaryrket er ein viktig del av kystkulturen. For mange fiskarar er jobben meir enn eit yrke. Det er ei livsform, eit fellesskap og ein grunnleggjande del av kven dei er. Når ein fiskar møter økonomisk usikkerheit, skjerpa reguleringar, ulukker eller utanforskap til havs eller i friperiodar, rammar det ikkje berre arbeidslivet, men også sjølvkjensla og identiteten.

Ei fersk medlemsundersøking i Sør-Norges Fiskarlag teiknar eit alvorleg bilete av situasjonen. 62 prosent av fiskarane seier dei er uroa for eiga framtid i yrket, og 58 prosent er bekymra for kollegaene sine. Nesten 70 prosent har opplevd alvorlege ulukker på nært hald, og over ein tredel har mista ein ven, kollega eller familiemedlem i yrket. Heile 76 prosent saknar familie og vener når dei er på sjøen, og 44 prosent kjenner til fiskarar som slit psykisk.

Dette er ikkje unntakshistorier, men kvardagen for mange. Tala viser at psykisk helse må bli ein integrert del av HMS-arbeidet.

På årsmøtet vart det arrangert ein panelsamtale som tok for seg rekruttering til fiskaryrket, oppfølging etter ulukker, press knytta til politiske vedtak og strenge fiskerireguleringar, og forsikringsnæringa si rolle. Alle peikte i same retning: Det må være meir rom for å snakke om psykisk helse, og det må kjennast sjølvsagt at både kollegaer og arbeidsgivarar stiller opp når nokon slit.

«Det kan vere like krevjande å gripe inn som å be om hjelp, men det er heilt avgjerande for å hindre at folk fell utanfor», vart det understreka frå scena.

Meistringsfølelsen til mange fiskarar kan fort forsvinne når dei kjem i land. Overgangen er ikkje alltid enkel, og mange slit. Difor er det viktig at leiarar held tett kontakt med mannskapet, også i friperiodar. Leiaransvaret handlar ikkje berre om drift og økonomi, men også om omsorg for menneska som utgjer teamet når dei er på fiske. Når mannskapet tilbringer lang tid vekke frå familie og vener, må fellesskapet om bord vere sterkt og trygt nok til at ein kan snakke ope om det som er tungt og krevjande.

Det som rørte mest på årsmøtet var dei personlege forteljingane som vart delte. Ein deltakar fortalde om å miste broren sin i ei ulukke, og korleis det var å ikkje ha tid til å sørge når han var bunden opp til drift av fartøy og ansvar for mannskap. Han peikte på behovet for, og mangelfull kjennskap til, møteplassar og støtteordningar.

Ein annan fortalde korleis profesjonell hjelp hos fastlege og psykolog hadde vore avgjerande, og oppmoda andre til å gjere det same. Slik openheit er viktig for å bryte ned tabu.

Forsikringsnæringa har også eit ansvar. Ordningar som gjer det lett å be om hjelp tidleg, kan førebygge at små problem veks seg store.

Bodskapen frå årsmøtet var tydeleg: Vi treng meir openheit, betre støtteordningar og ei kulturendring. Mange uttrykte det same: «Det vanskelegaste er ikkje alltid å be om hjelp – men å tørre å spørje når vi ser at kollegaen slit.»

Vedtaket frå årsmøtet inneheld fleire klare krav og prioriteringar:

  • Psykososiale forhold må bli del av HMS

  • Nulltoleranse for rus, kombinert med låg terskel for hjelp

  • Betre økonomisk tryggleik og tydeleg regelverk

  • Støtteordningar for familieliv og isolasjon

  • Ein kultur for openheit og tryggleik

  • Hjelp til å kome tilbake i arbeid ved sjukdom eller skade

  • Lågterskeltilbod for psykisk helse både til sjøs og på land

Sør-Norges Fiskarlag har sendt ei tydeleg melding til styresmakter, arbeidsgivarar og fiskarane sjølve: Psykisk helse er ikkje tabu, men ei livsviktig prioritering.

Fiskarar er kjent for å bite tennene saman, men vi må ha nulltoleranse for ikkje å ta grep når folk slit. Psykisk helse skal vere like naturleg å snakke om som sikkerheit, fangst og drift. Vi må snakke meir, lytte meir og handle meir. Ikkje vere redde for å ta kontakt. Det handlar om å ta vare på kvarandre.

– At du møter veggen, betyr ikke at du er svak. Du har bare vært sterk for lenge.

Read Entire Article