Livsfarleg avfall på beite­område: Kua Angjanni (3) sette fast ein kaffikjel i munnen

2 hours ago 1



I helga fekk bonde Arnt Ove Aure ein telefon frå turgåarar om at kua hans hadde sett ein kaffikjel fast i kjeven.

– Eg fann fort ut at eg berre måtte avbryte det eg dreiv på med og reise dit kyrne var.

Det var avisa Nyss som omtala saka først.

Arnt Ove Aure er bonde, og er glad folk melder inn når dei ser dyr som ikkje har det bra.

Bonden er glad for å ha blitt kontakta.

Foto: Arnt Ove Aure / Privat

Glad det gjekk bra

Då han kom fram måtte han jage dei tretti kyrne til ei innhegning slik at han fekk tak i kua som hadde gapt over for mykje.

– Då greidde eg å dra laus den kjelen, men eg måtte bruke makt for å få den laus.

Bonden er sikker på at kua ikkje hadde greidd å få laus kjelen sjølv.

– Å få den laus sjølv hadde ho ikkje greidd, nei. Men ho hadde fått den på sjølv, då, seier han humrande.

Kjelen som kua satt fast i munnen.

Kjelen sat godt fast i underkjeven til Angjanni.

Foto: Arnt Ove Aure / Privat

Aure seier at kua var prega av hendinga, og ho sprang rett til ei elv for å drikke vatn. Og han er glad det gjekk bra denne gongen, for han fryktar det kunne gått mykje verre.

– Om det hadde gått lang tid, så hadde ho blitt sjuk og i verste fall hadde ho krepert. Utan vatn går det ikkje an å klare seg.

Bonden ser hyppig til dyra sine, og han er glad for at folk melder inn når dei ser noko som ser rart ut.

– Vi som har beitedyr er svært takknemleg for beskjed når turfolk gir beskjed når dei ser dyr som ikkje har det bra, legg bonden til.

Arnt Ove Aure har tatt bilete då han jaga kyrne på beitet

Kyrne blei jaga av bonden, slik at han skulle få tak i Angjanni.

Foto: Arnt Ove Aure / Privat

Fleire mjølkekyr har døydd

Mjølkebøndene sine eigne statistikkar viser at framandlekamar på beite er eit problem. Siste oppdaterte tar er frå 2022, då fekk 1194 mjølkekyr i seg framandlekamar.

NRK har tidlegare skrive sak om ei ku som døydde etter å ha fått i seg metall frå ein ølboks.

Vil oppfordre folk til å ta med seg søpla

Mattilsynet stadfestar at fleire dyr blir skadd eller døyr grunna metallsplintar i fôret.

Det kan medføre store smertar, indre blødingar og i verste fall ein smertefull død for dyra som et fôret.

Det fortel Jarle Bergsjø som er avdelingsleiar for avdeling landdyr i Mattilsynet.

Vi oppmodar folk til aldri å kaste metallboksar på jorde eller i naturen. Det kan føre til enorme lidingar for dyr. Når metallboksar ligg på jorde kan dei hamne i slåmaskinar og bli rivne opp. Dermed endar metallsplinter opp i fôret til dyra utan at bonden oppdagar det.

Bonde Arnt Ove Aure vil at folk skal ta med seg søppel dei ser i naturen.

– Eg vil oppmode folk til å ta med søppel heim, enten sitt eige eller om dei finn noko anna.

Publisert 19.08.2025, kl. 15.28

Read Entire Article