Lungetransplantasjon: – Må ha telefonen på dag og natt

2 hours ago 2



Når ei ny lunge blir tilgjengeleg er usikkert, ifølgje informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon Aleksander Sekowski til NRK.

– Når donoren døyr startar prosessen med å sjå på om organa kan bli transplantert.

Talet organ som er tilgjengeleg til ei kvar tid, varierer veldig.

Dette er lungefibrose

  • Kva sjukdom har kronprinsessa?

    Kronprinsesse Mette-Marit har ein lungesjukdom som heiter lungefibrose.

    Ho fekk sjukdommen hausten 2018. Det siste året har sjukdommen til kronprinsessa forverra seg, og ho har sidan april vist seg på offisielle oppdrag med oksygentilførsel.   

    Lungefibrose er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar. Av dei som har sjukdommen får ein tredjedel til halvparten nye lunger.

    Sjukdommen gjer lungene stive på grunn av at det blir danna arrvev i lungene. Det gjer at det blir vanskeleg å få nok oksygen. Det er ingen kur for sjukdommen, og det er vanleg at pasientar blir verre over tid.

  • Korleis få nye lunger?

    For å få nye lunger må du vere sjuk nok til at du treng ein transplantasjon, men frisk nok til at du toler å gjennomføre operasjonen.

    I Noreg er det litt over 30 personar som får nye lunger kvart år. Krava for å komme på venteliste er strenge.

    Det er tre hovudkrav for å komme på venteliste:

    • Pasienten har ei venta leve­tid på maks eitt til to år utan nye lunger.
    • Det er over 80 prosent sannsynleg at pasienten lever minst fem år etter transplantasjonen.
    • Pasienten må vere yngre enn 65 år.

    15 til 20 prosent av dei som står på ventelista rekk ikkje å få nye lunger.

    Dei som ventar på nye lunger er avhengig av å vere ein match med givar. Det fordi lungene må ha rett storleik for brystkassa, blodtype som passar saman og lungene må vere friske og utan skadar.

  • Har kronprinsessa fortrinnsrett på nye lunger?

    Nei, kronprinsesse Mette-Marit blir ikkje prioritert framfor andre.

    Dersom det blir aktuelt for kronprinsessa å bli sett på venteliste, må ho vente på tur etter ein match på lik linje som alle dei andre som ventar på nye lunger.

    Det er eit team av hjarte- og lungekirurgar, lungelegar og transplantasjons­sjukepleiarar ved Rikshospitalet som bestemmer om ein person skal på ventelista.

    Ventelista er ikkje nummerert, ettersom givar og mottakar må vere ein match. Dersom fleire på lista er ein match til tilgjengelege lunger, vil den som er sjukast få lungene.

– Plutseleg kan det komme fire om gongen. Det går opp og ned.

Ei lunge toler rundt seks timar utan blodsirkulasjon.

– Det betyr at pasienten må ha telefonen på dag og natt. Dei må vere klare til å komme seg til Rikshospitalet så raskt som mogeleg.

Grafen under viser talet organdonorar som har registrert seg sidan desember 2025. Det er ein kraftig auke rundt same tid det blei kjent at kronprinsessa var sjuk.

Bildet viser antall registrerte donorer. Det øker kraftig desember 2025.

Faksimile: Stiftelsen Organdonasjon

Få på venteliste

– Talet på dei som ventar er veldig lågt, samanlikna med tidlegare, seier Sekowski.

I mars var det talet rekordlåg med berre tre personar på venteliste.

No står åtte personar på lista, men det har truleg lite å seie for kronprinsessa. Ventelista er ikkje ein kø, men ei oversikt for å finne ei lunge som passar.

Sekowski legg til at talet tidlegare har vore tosifra.

Portrett av Aleksander Sekowski, informasjonssjef i Stiftelsen organdonasjon

Informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon Aleksander Sekowski.

Foto: NRK

Det var i 2018 at kronprinsesse Mette-Marit først var open om sjukdommen, og i desember 2025 blei det klart at lungesjukdomen er alvorleg.

Tidlegare har ho sagt at situasjonen er såpass dramatisk at det går mot lungetransplantasjon.

Sjukdommen har den siste tida forverra seg. Ifølge kongen og kronprinsen er ho alvorleg sjuk.

– Kronprinsessa er alvorleg sjuk, og eg synest at ho har blitt ein del dårlegare i det siste. Så eg er bekymra for helsa hennar, sa kronprinsen til pressa førre veke.

En dame med lyst hår og oksygenmaske smiler og vinker til kamera.

Kronprinsessa med oksygentilførsel.

Foto: Lise Åserud / NTB

No har han reist heim frå Japan og prinsesse Ingrid Alexandra frå Australia for å vere saman med kronprinsesse Mette-Marit.

Nokon døyr medan dei ventar

Men det er ikkje slik at alle som har behov for nye organ hamnar på venteliste.

Kven som kjem på lista er avgrensa, og reflekterer kor mange organ som er tilgjengeleg.

– Det er mørketal, og det er også dei som dessverre døyr medan dei ventar fordi organa ikkje kjem i tide.

Illustrasjon av ei frisk lunge og ei lunge med lungefibrose.

Lungefibrose er ein kronisk lungesjukdom kor det blir danna arrvev i lunga. Dette gjer lungene stivare og reduserer evna til å ta opp oksygen.

Foto: Anja Engedahl Oppen

For å bli sett på venteliste må legane vurdere at pasienten har rundt eitt år igjen å leve om dei ikkje får nye lunger.

Samtidig må dei nye lungene gi meir enn fem nye leveår.

– Ein gjennomfører ikkje ein transplantasjon før det er høgst nødvendig. Du kan ikkje vere så sjuk at du ikkje overlever ein operasjon heller, for det er ei ganske omfattande greie.

Totalt er det rundt 600 nordmenn som står på venteliste for diverse livreddande organ.

– Behovet aukar mykje meir enn tilgangen til organa, fortel Sekowski.

Les meir om lungefibrose her:

«Eit sjansespel»

– Kor lang tid tar det frå å komme på venteliste til å få operasjon?

– Det er eit sjansespel, eit lotteri på ein måte. Det er veldig få lunger tilgjengeleg på marknaden samanlikna med det er behov for, fortel Olav Kåre Refvem.

Han er lungespesialist og rådgivar for Landsforeininga for hjarte, lunge og hjerneslag (LHL).

Olav Kåre Refvem

Olav Kåre Refvem, lungespesialist og rådgivar for LHL.

Foto: LHL

Det er stor variasjon på kor lenge ein lever etter ein lungetransplantasjon.

Ifølgje Refvem er det gode prognosar i Noreg.

– Men etter ti år så lever vel omtrent 50 prosent.

Kurva for dei som overlever transplantasjonar for lungefibrose minkar «ganske jamt» også etter ti år.

Talet på personar som lever lenger enn 20 år framstår «veldig lågt» og gjeld truleg ei lita gruppe.

Annleis 17. mai-feiring

Også på 17. mai blei det tydeleg at sjukdommen er belastande for kronprinsessa.

I motsetning til tidlegare år møtte kronprinsessa barnetoget på Skaugum ikledd ein kjole, flate sko og med pustehjelp, i staden for bunad som tidlegare år.

Etter å ha vinka til barnetoget i rundt 15 minutt, måtte ho trekke seg tilbake. Ho måtte også ta ein lengre pause då kongefamilien helsa barnetoget i hovudstaden frå slottsbalkongen.

Kongefamilien på slottsbalkongen - mennene i mørke dresser, holder flosshatt i handa, kronprinsessen og dronningen i hvit kåpe og hatt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Refvem forklarar at pasientar med lungefibrose berre får avgrensa med hjelp med tilførsel av oksygen, ettersom lungene er for øydelagde for å kunne ta opp nok oksygen.

Ifølge lungeeksperten blir kvardagslege gjeremål gradvis meir utfordrande etter kvart som sjukdommen utviklar seg negativt.

– Berre det å opptre sosialt eller offentleg vil påverke kroppen sitt behov for oksygen, og når kroppen har lite å gå på vil ein merke det ganske godt, seier han.

Publisert 03.06.2026, kl. 16.48

Read Entire Article