– Viser ein ukultur, meiner leiaren i Fagforbundet. Kommunen seier dei jobbar for å få fleire heiltidsstillingar.
Publisert 01.05.2026 13:43
– Eg synest det er utruleg trist, med tanke på at vi treng arbeidskrafta både no og dei neste åra, seier leiar i Fagforbundet, Helene Harsvik Skeibrok.
Ho viser til ei kartlegging som fagforeininga har gjort.
Fagforbundet har i fleire år jobba for å få fleire tilsett på heiltid. Kartlegginga viser derimot at det i fleire kommunar knapt blei utlyst fulle stillingar som helsefagarbeidar i 2025.
Må sende krav
Halden er ein av kommunane som kjem dårleg ut. Østfoldkommunen lyste ut 41 eksterne stillingar som helsefagarbeidar i 2025. Alle var deltidsstillingar.
Behovet for folk er likevel stort, opplever Veronica Vang, som er leiar for Fagforbundet Halden og Aremark.
Dette fører til at måten mange får full stilling på, er gjennom krav.
Ein kan krevje dette dersom ein til dømes har jobba ei viss mengd i eitt år, samtidig som stillingsprosenten er lågare enn arbeidsmengda.
– I periodar har eg brukt 100 prosent stilling på krav. Vi brukar mykje unødvendig tid på det, seier Vang.
Tilsette som går denne vegen, opplever det som vanskeleg, ifølge ho.
– Ofte føler dei at dei nesten gjer noko ulovleg, og at dei må forsvare jobben sin, seier Vang.
– Vi prøver å trygge dei på at ein har full rett til å krevje, og at det dessverre er vegen ein må gå for å få full stilling. Du gjer ingenting ulovleg, legg ho til.
Vang legg også til at det blei lyst ut nokre interne heiltidsstillingar i 2025, og det har kome nokre fleire så langt i år.
Fekk full stilling
Ei av dei som fekk full stilling gjennom å sende krav til arbeidsgivar, er Duangjai Bjørsvik.
I 2024 var ho ferdig på skule og hadde bestått fagprøva. På dette tidspunktet hadde Bjørsvik jobba i lengre tid med ei lita stilling på ein sjukeheim.
Bjørsvik treivst i jobben, men som åleinemor ønskte ho ei full stilling.
Gjennom fagforeininga fikk ho først ei 86 prosents stilling, før ho til slutt fekk ei 100 prosents stilling.
Då hadde Bjørsvik i lengre tid jobba så mykje at det til slutt svarte til ei full stilling.
– Eg var heldig. Eg er ferdig på skule og fekk jobb etter kort tid. Eg høyrer om mange som ikkje får stillingar, sjølv om de har venta i mange år, mens eg fekk 100 prosent etter eit år. Eg synest det er veldig bra, seier Bjørsvik.
– Påkjenning
– Det viser ukulturen som kommunesektoren har ved å tilsette folk i deltidsstillingar framfor å tilsette ut frå behovet og det som er nødvendig i tenesta, seier Skeibrok i Fagforbundet.
Ho meiner at mange kommunar har for stor grad av deltidstilsette.
– Du må stå med telefonen i handa kvar dag for å vere sikker på at du får ei vakt dagen etterpå, seier Skeibrok.
– Det er ei påkjenning for den enkelte tilsette å alltid leve i den usikkerheita for korleis du skal planlegge både jobben og fritida di, legg ho til.
– Blir ikkje attraktivt
Vang er redd for at situasjonen i Halden gjer yrket mindre attraktivt.
– Det som er synd med at ein ikkje får rydda opp i dette, er at når vi får lærlingar som kjem til kommunen, så vil det aldri vere jobb til dei, fordi ein alltid vil ha ei deltidskrise. Det gjer at det skal fyllast opp før ein kan lyse ut eksternt igjen, seier Vang.
– Det blir ikkje attraktivt for nye. Eg blir redd for at dei unge skal slutte å utdanne seg som fagarbeidarar, for det er jo ikkje noko jobb å få, seier Vang.
I førre regjeringsperiode blei det innført ei såkalla heiltidsnorm i arbeidslivet.
Konkret blei det lagt til ei setning i arbeidsmiljølova som seier at tilsette «som hovudregel skal tilsettast på heiltid».
Skeibrok meiner at noko kommunar må bli betre på å få tilsette i heiltidsstillingar.
– Her er det eit
potensial for partane til å sette seg ned og sjå på korleis vi skal få det til, seier Skeibrok.
Fortrinnsrett
Grunnen til at Halden ikkje lyste ut eksterne stillingar i 2025, er at heiltidsstillingane blei lyst ut internt, slik at dei som er deltidstilsette blei prioritert, seier Martin Ekran.
Han er direktør for helse og meistring i Halden kommune.
– Alle kommunar må ha noko deltid for å drive helsetenester døgnet rundt, men målet vårt er å auke andelen som jobbar heiltid, seier Ekran.
– På vegen dit prioriterer vi dei helsefagarbeidarane vi allereie har, ved å gje dei fortrinnsrett til ledige
stillingar. Når deltidsandelen på sikt går ned, så vil ledige heiltidsstillingar
også bli lyst ut eksternt, seier Ekran.
– Skeibrok meiner kartlegginga viser ein ukultur med å tilsetje folk i deltidsstillingar?
– Vi jobbar med å endre ein kultur, men det er meir enn 7,5-timars vakter som må på plass for å kome i mål. Vi tar på alvor at vi jobbar med viktige kursendringar, og er overtydde om at kontinuerleg og systematisk arbeid på sikt vil gje meir heiltid i vår kommune, seier Ekran.








English (US)