Må ofre ferien – påskjønninga kan bli ein historisk cupfinale

5 hours ago 1



Herrelaget til Aalesunds Fotballklubb har vore i to cupfinalar, og vunne begge. Nå kan dei altså få selskap av damelaget, som er ein kamp unna cupfinale på Ullevaal i september. Siste hinder er Stabæk på Nye Nadderud stadion.

Katarina Dybvik Sunde er toppskåraren til laget, og har vore sentral i suksessen dei har hatt både i serien og cupen.

– Det å vere i semifinalen er veldig spennande, og veldig gøy, seier ho.

Katarina Dykvik Sunde i treningsvest på en fotballbane med en trener i bakgrunnen.

Katarina Dybvik Sunde vil ikkje vere med på at dei er favorittar mot Stabæk.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sunde vil likevel ikkje vere med på at AaFK er favorittar i kampen mot Stabæk.

– Stabæk er eit veldig godt lag, og når vi møtte dei her, så blei det 2 -2. Men, det handlar om å ha fokus på oss sjølve, og det vi skal gjere, så trur eg det blir bra.

Må ofre ferien

Også for trenar Martin Lindmark er det stort å vere klar for ein semifinale, sjølv om det betyr kortare ferie. Toppserien spelte nemleg sin siste kamp før sommaren i helga, mens dei som skal spele semifinale må halde det gåande ei veke til.

– Det er veldig moro. Vi snakka om det, at vi har gjort oss fortent til ikkje å ha ferie, seier Lindmark, som legg til at det er ein veldig fin posisjon å vere i.

Spilllere fra AaFK kvinner på trening på en stadion i regnvær.

AaFK-spelarane må utsette ferien ei veke til.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Strålande vårsesong

Semifinalen på søndag i cupen toppar ein vårsesong der laget i debutsesongen sin i Toppserien ligg på ein andreplass på tabellen. Det er ei plassering som ved sesongslutt vil gi kvalifisering til spel i Mesterligaen.

Martin Lindmark tok over trenaransvaret for klubben framfor sesongen i år. Han er ikkje overraska over at laget har tatt nivået så fort.

– Vi er ikkje overraska over måten vi har prestert på, men at vi skulle ende opp med å ha så mykje poeng, og at situasjonen er som han er, det er kanskje meir overraskande, om eg skal bruke det omgrepet, seier trenaren. Han er veldig fornøgd med at laget har prestert så jamt over tid.

Vil fornye cupen

Noregs Fotballforbund jobbar hardt for å få enda fleire tilskodarar på cupfinalen for kvinner. Dei tar derfor nå fleire grep for å revitalisere denne kampen, som dei vil skal vere ein folkefest.

Eitt av grepa er å flytte cupfinalen til september, og målet er å skape ein heilskapleg festdag på Ullevaal stadion. Den dagen vil AaFK-trenaren veldig gjerne ha med seg.

– Absolutt. Og det skal vi jobbe knallhardt for, avsluttar Martin Lindmark.

Avspark er klokka 14 på søndag.

Fotballtrener Martin Lindmark peker og gir instruksjoner til spillere på en fotballbane.

AaFK-trenar Martin Lindmark, her i aksjon på trening, seier dei skal jobbe knallhardt for å nå cupfinalen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Publisert 26.06.2026, kl. 07.07 Oppdatert 26.06.2026, kl. 07.08

Read Entire Article