På komfyren står ein kjele med spagetti og koker, mens baconbitane får ei runde i steikepanna.
Middagen heime hos Malin Lothe Fjellstad (28) og sambuaren Mads Hauge (23) er tre gonger dyrare å lage, fordi dei ikkje har noregspris.
Malin Lothe Fjellstad valde å ikkje teikna eigen straumavtale då ho og kjærestan skulle leige leilegheit.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
Malin Lothe Fjellstad valde å ikkje teikna eigen straumavtale då ho og kjærestan skulle leige leilegheit.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
Eit gjennomsnittshushald i Sør-Noreg vil kunne spare mellom 1000 og 1500 kroner på noregspris, samanlikna med vanleg straumstøtte.
– Valde å ikkje gjera det
– Vi bruker lite straum og har tenkt at det ikkje er så mykje å spare, forklarer Mads.
Mads og Malin er begge studentar, og leiger den vesle leilegheita av ein privat utleigar.
– Me vart jo tilbodne om me ville teikna eigen straumavtale når me flytta hit, men sidan me truleg ikkje skulle bu her så veldig lenge, så valde me å ikkje gjera det, seier Malin.
Sambuarparet synest det er kjipt å tenkje på at dei kunne spart nokre tusenlappar om dei hadde valt makspris på straum.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
Sambuarparet synest det er kjipt å tenkje på at dei kunne spart nokre tusenlappar om dei hadde valt makspris på straum.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
Dei er ikkje aleine om å velje bort den nye ordninga med makspris på straum.
Unge vel bort noregspris
Berre 73 prosent av kundane i Sør-Noreg har valt noregspris, ifølgje Elhub.
Men det finst ingen statistikk over kva aldersgrupper dette utgjer.
Straumselskapa NRK har vore i kontakt med, fortel at det er flest eldre og yngre kundar som ikkje har den statlege støtteordninga.
Hos Fjordkraft har berre 53 prosent under 28 år, og 62 prosent over 77 år, valt makspris på straum.
– Det gjer oss bekymra for om informasjonen til dei som burde velje noregspris, ikkje når fram, seier produktsjef Renate Larsen hos Fjordkraft.
Renate Larsen
Produktsjef hos Fjordkraft
Usikre leigetakarar
Ho fortel at dei får veldig mange førespurnader om noregspris frå kundar som leiger bustad.
Også Leieboerforeningen har merka auka pågang om straumprisar.
Mange er usikre på grunn av bindingstida, og nokre utleigarar nektar leigetakarar å inngå avtale på grunn av dette, seier advokat Tom O. Risa.
Tom Olav Risa
Advokat hos Leieboerforeningen
– Det er eit økonomisk tap for leigebuaren.
Risa tilrår leigetakarar til å gå i dialog med utleigar, og meiner det er ein fordel med noregspris også for framtidige leigetakarar.
Ei oversikt som viser kor mykje eigar av eit rekkehus sparte på noregspris framfor ordinær straumstøtte i januar. Eksempelet er henta frå ein bustad i Sør-Noreg.
Foto: skjermbilde / NRKTapar pengar
Kundar som ikkje har valt noregspris, får framleis straumstøtte. Likevel burde fleire velje ordninga, meiner Forbrukarrådet.
– Det er veldig synd at folk går glipp av den, utan at dei har tatt eit bevisst val, seier fagsjef Thomas Iversen.
Thomas Iversen
Hushald og hytter frå og med Midt-Noreg, inkludert Trøndelag og sørover, bør velje noregspris, meiner han.
Mads og Malin er overraska over kor mykje det er å spare.
DYR STRAUM: Sambuarparet Malin Lothe Fjellstad og Mads Hauge ser på kor billig straumen kunne ha vore.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
DYR STRAUM: Sambuarparet Malin Lothe Fjellstad og Mads Hauge ser på kor billig straumen kunne ha vore.
Foto: Aina Beate Indreiten / NRK
Dei meiner informasjon om noregspris kunne vore betre overfor unge leigetakarar.
– Det er jo litt kjipt å tenke på at vi har betalt ein ekstra tusenlapp dei siste månadene.
Publisert 02.03.2026, kl. 16.46














English (US)