Dommen over Senterpartiet er hard frå veljarane i Norstats siste måling for NRK, Dagbladet og Vårt Land: 3,7 prosent!
Med eit slikt valresultat er Sp under sperregrensa. Partiet ville berre kapra ein einaste stortingsplass, truleg den frå Hedmark som partileiar Vedum har i dag.
Meningsmåling mars 2026 Hvordan ville Norge stemt?
Vis i tillegg
Forrige måling Valget i 2025 Feilmargin
| 28,1 % | +1,6 |
| 21,9 % | +0,1 |
| 19,6 % | −0,4 |
| 8,0 % | +0,2 |
| 5,0 % | +0,5 |
| 4,5 % | −0,6 |
| 3,7 % | −1,6 |
| 2,9 % | +0,6 |
| 2,4 % | −1,5 |
Partimåling fra Norstat for mars 2026 med 1 000 spurte. Viser endring fra meningsmåling i februar.
Det er 13 år sidan eit like dårleg Sp-tal i NRKs målingar.
Den gongen var Liv Signe Navarsete partileiar og partiet sleit i motbakke på slutten av åtte år i Jens Stoltenberg si raudgrøne regjering. Eit halvår ut i Erna Solbergs tid som regjeringssjef, tok Trygve Slagsvold Vedum over som leiar i Senterpartiet.
Oppturen starta.
I åra 2017 til 2021 var Sp eit parti som jamt låg over 10 prosent i oppslutning, og med eit godt valresultat i 2021 kunne partiet gå i regjering med Arbeidarpartiet.
Men valet sist haust var ein solid nedtur, og etter eit lite oppsving på nyåret held nedgangen berre fram no.
Over tid Støtten til Senterpartiet
Vis partiets tid i regjering
Senterpartiet ble stiftet i 1920 under navnet Bondepartiet. Partiet skiftet navn i 1959. Grafen viser partiets oppslutning i stortingsvalgene etter krigen og frem til 2025, samt siste meningsmåling fra mars 2026.
KrF og Sp er dei to partia som har tilbakegang frå førre månad større enn feilmarginen. Snittet på målingane i mars er rett nok litt betre. 5 prosent i snitt for Sp, ifølgje nettstaden pollofpolls. NRKs Norstat-måling skil seg ut med det dårlegaste Sp-talet i mars.
Sps stortingsrepresentant frå Oppland, Bengt Fasteraune, kommenterer målinga til NRK:
– Det er altfor dårleg!
– Kva gjer partiet feil?
– Det er vanskeleg å seie, vi veit det kanskje ikkje. Vi må berre halde fram med å jobbe med dei sakene som betyr noko for folk i kvardagen. På sikt trur eg det er det einaste som løyser det. Vi må jobbe vidare for det vi trur på.
Berre ein dryg halvpart av dei som stemte Sp i haust, vil gjere det igjen, viser bakgrunnstala. Og Frp er det partiet flest senterpartiveljarar går til.
Fest for Listhaug
Målinga viser elles:
- Frp har ikkje vore så store i NRKs målingar sidan 2009
- Frp og Høgre kunne danna fleirtalsregjering saman
- Raudt dreg frå dei andre småpartia og gjer beste måling på fire år
- Verken Sp, KrF eller Venstre klarer sperregrensa på 4 prosent
YEAH! Frp-leiaren i godt humør på valnatta i september. No er Frp endå fire prosentpoeng større.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKFrp-nestleiar Hans Andreas Limi har ei forklaring på den politiske stemninga.
– Eg trur folk der ute kjenner på effekten av regjeringa sin politikk med høge drivstoffprisar, matprisar og rente. Dei hadde nok forventa ei regjering som handla og gjorde noko for å dempe konsekvensane slik dei gjer i andre europeiske land, deriblant Sverige, seier han.
Limi meiner Frp-forslaga som gir vanlege folk meir økonomisk handlefridom er med på å forklare suksessen på målingane. Partiet har blant anna foreslått å senke og fjerne avgifter i møte med aukande prisar.
Men også Senterpartiet har liknande forslag i avgiftspolitikken. Utan at det gir gevinst.
– Mista truverd
– Sp og Frp har totalt skifta roller. Der sola skin på Frp, kavar Sp utan å få det minste betalt av veljarane, seier NRKs politiske kommentator Tone Sofie Aglen.
– For Sps del står det ikkje på innsatsen. Dei har både gått ut av regjering og brukar vippeposisjonen på Stortinget for alt den er verd. Hovudårsaka er at partiet mista truverd som opposisjonsparti, ikkje minst etter åra med Vedum som finansminister. At vi nærmar oss lokalval kan utløyse frustrasjon i partiet.
På den andre sida har Frp gradvis bygd opp att tillit hos veljarane, peikar Aglen på.
Flertall på Stortinget Kunne Støres regjering ha fortsatt?
Fordeling av politikere til venstre- og høyresiden
Venstresiden

Antall politikere: 75
Ned 13 politikere sammenlignet med valget 2025 ↓
Høyresiden

Antall politikere: 94
Opp 13 politikere sammenlignet med valget 2025 ↑
Viser politikere på Stortinget ifølge marsmålingen, sammenlignet med dagens storting. Støres regjering har støtte fra 88 politikere fra Ap, Sp, SV, R og MDG. En regjering må ha flertallet (85) av Stortinget bak seg. I målingen ligger de fem partiene an til å miste flertallet.
Statsministerbytte
Om folket gjekk til stemmeurnene no, måtte Jonas Gahr Støre ha flytta ut av Statsministerens kontor.
– Kva seier det om tilliten til regjeringa at veljarane ville stemt fram ei Frp-Høgre-regjering?
STØRE: – Landet treng ikkje Frp-politikk.
Foto: Truls Skram Lerø / NRK– Det er ikkje val no. Vi jobbar langsiktig med ein plan for Noreg som skal gje folk betre råd samtidig med at vi held landet trygt i ei utrygg verd. Situasjonen krev mykje av oss no, både i utanriks- og tryggingspolitikken og i den økonomiske politikken. Eg trur ikkje landet treng Høgre- og Frp-politikk, seier Støre til NRK.
Han har denne forklaringa på at Frp er klart største parti.
– Frp er framme med forslag på nær sagt alle område der folk er misfornøgde. Dei lovar meir der folk er misfornøgde og lovar skattelette som kuttar i fellesskapet. Kvart forslag kan verke appellerande eitt for eitt, men eg trur ikkje det er trygt og berekraftig over tid.
Flertall på Stortinget Antall stortingspolitikere
| 15 | +6 ↑ | |
| 8 | −1 ↓ | |
| 42 | −11 ↓ | |
| 1 | −8 ↓ | |
| 9 | +1 ↑ | |
| 1 | −6 ↓ | |
| 2 | −1 ↓ | |
| 37 | +13 ↑ | |
| 54 | +7 ↑ |
Viser hvor mange politikere partiene ligger an til å få valgt inn på Stortinget ifølge NRKs partimåling mars 2026. Sammenlignet med hvor mange partiene fikk inn ved valget høsten 2025.
Publisert 24.03.2026, kl. 17.59 Oppdatert 24.03.2026, kl. 18.09










English (US)