Mann (89) var skoten i panna – rifla hadde lyddempar

3 hours ago 2



Politiet har gjort nye avhøyr. TV 2 kan avsløre fleire detaljar om det spesielle bevisbilete i saka.

 Politiet
KRAFTIG BRANN: Mannen (89) vart funnen død inne på soverommet som har vindauge lengst til høgre her. Foto: Politiet

Publisert 27.01.2026 08:57

I januar 2025 vart ein 89 år gamal mann henta ut frå ein brennande einebustad i Hausdalen i Bergen.

Obduksjonen viste at mannen var skoten to gonger i hovudet og at han ikkje hadde sot i luftvegane.

Våpenet som låg på golvet i same rom var hans eige; ei salongrifle med 22 kaliber.

Som TV 2 har omtalt ligg saka likevel an til å bli lagt vekk som sjølvdrap av politiet

Avhøyrde røykdykkarane

Førre veke valde dei å utvide etterforskinga med fleire undersøkingar.

Eit av etterforskingsskritta har vore å gjera nye avhøyr av røykdykkarane som henta mannen ut.

– Eg vil ikkje gå inn på kva dei har forklart seg om eller kva avhøyra handla om, seier politiadvokat Are Nygård Bergh til TV 2.

Politiet skal gjera nye undersøkingar i spesiell sak

Det gjenstår også andre etterforskingsskritt, men dei vil Bergh halde for seg sjølv. Det er framleis ingen mistenkte i saka.

Han seier politiet framleis meiner det mest sannsynleg er snakk om eit sjølvdrap.

Fleire detaljar

Etterlatne har reagert på politiet sin påstand om at den spesielle saka er etterforska grundig. 

Dei meiner først og fremst at 89-åringen ikkje kan ha vore i stand til å gjennomføre handlinga. Årsaka er den svært dårlege helsetilstanden hans.

– Eg og min bror trur ikkje det er sjølvdrap, slik vi kjenner hans situasjon og omstenda i saka, har dottera til 89-åringen sagt til TV 2.

TV 2 kan no avsløre fleire detaljar om funnet i den brennande huset. TV 2 er kjent med at:

Mannen sat livlaus i senga då han vart funnen.

 Begge skota er plassert midt i panna på mannen.

Det var påmontert ein lyddempar på rifla. 

 Politiet
OVERTENT: Politiet veit ikkje kvifor, eller kvar, det byrja å brenne i einebustaden. Men brannen utvikla seg raskt til ein svært kraftig brann. Foto: Politiet

Dette har Kripos undersøkt

Som TV 2 også har omtalt, har Kripos undersøkt om 89-åringen i det heile teke kunne nå avtrekkaren på rifla med hendene sine.

Det kunne han ikkje, verken i sitjande eller ståande posisjon. 

TV 2 har sett animasjonane Kripos har laga, der kolben på geværet er plassert i golvet og løpet i aktuell vinkel mot panna der mannen er skoten.

Den påmonterte lyddemparen gjer at avstanden til avtrekkaren blir lenger.

– Men eit skytevåpen kan avfyrast på fleire andre måtar enn dette. Det står derfor i rapporten at den ikkje kan brukast som konklusjon for at hendinga har gått føre seg slik det er lagt til grunn i rapporten, har politiadvokat Are Nygård Bergh sagt til TV 2 tidlegare.

 Lars Christian Økland / TV 2
HAR UTVIDA: Politiadvokat Are Nygård Bergh fortalde TV 2 i førre veke at politiet skal gjera nokre nye undersøkingar i den spesielle saka i Hausdalen. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Låste dører og handskrive notat

Eit anna stort spørsmål i saka er sjølve brannen, som starta natt til 15. januar 2025.

Brannvesenet gjennomførte ei kontrollert nedbrenning av huset etter at 89-åringen vart henta ut. 

I dag veit ikkje politiet kvifor, eller kor, det begynte å brenne i huset. Rifla vart også liggande igjen, slik at verken DNA eller fingeravtrykk er mogleg å henta ut.

Det er det totale bevisbiletet som gjer at politiet framleis meiner det er sjølvdrap. 

TV 2 er kjent med at noko av dette handlar om at:

 Hovuddøra og kjellardøra til huset var begge låst. Soveromsdøra måtte brytast opp.

Mannen hadde ein tryggleiksalarm på seg. Ein slik alarm gjer det mogleg for eldre og funksjonshemma å tilkalle rask hjelp døgnet rundt. Men den vart aldri trykka på.

 Det er funne eit handskrive notat som kan tolkast som at 89-åringen hadde det vanskeleg. Men notatet er datert nokre månadar tilbake i tid.

Samstundes har rettsmedisinarar sagt at ei salongrifle av denne typen ikkje nødvendigvis er kraftig nok til at eit skot i hovudet er dødeleg umiddelbart.

Vart aldri koda som drap

Politiet har i tillegg undersøkt både mobiltelefondata i aktuelt område og gjort undersøkingar for å avklare kva køyretøy som var i området i aktuelt tidsrom.

 Kristian Myhre / TV 2
BEDT OM VURDERING: Espen Erdal i Kripos seier bergenspolitiet har spurt om dei vil gå gjennom saka før endeleg avgjerd om etterforskinga blir tatt. Foto: Kristian Myhre / TV 2

Kripos skreiv i ei pressemelding førre veke at ingen av drapssakene frå 2025 vert rekna som uoppklara.

– Saka i Hausdalen er så langt ikkje koda som drap, som er eit kriterium for å kunne føre den i drapsoversikta, seier fungerande leiar Espen Erdal på Voldsseksjonen i Kripos.

Hausdalen-saka har vore koda som mistenkeleg dødsfall. 

Politiet i Bergen har bedt nettopp Kripos om å ta ein gjennomgang av etterforskinga før dei landar ei innstilling til Statsadvokaten. 

– Anmodninga om saksgjennomgang er til vurdering. Utover det kan vi ikkje kommentere saka, svarar Erdal.

Read Entire Article