Den 22. oktober i 2024 bestemte to tilsette ved ein barneskule i Vestnes, at dei skulle reise heim til leilegheita der ein gut som gjekk på skulen budde.
Han hadde ikkje møtt opp på skulen som normalt den dagen.
I leilegheita til familien fann dei ei død kvinne, og ein hardt skadd gut på ni år.
Den eine storebroren til guten og sonen til kvinna blei seinare tiltalt for å ha drepe mor si, og skadd broren.
No er mannen dømt til tvunge psykisk helsevern, fordi han var psykotisk då drapet skjedde.
I tillegg må han betale til saman 225 000 i erstatning til søskena.
Eli Brusdal var dommar i saka.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK– Hadde stemmer i hovudet
I dommen står det at mannen i 20-åra har diagnosen Hebefren schizofreni. Det står også at det er stor fare for at mannen kan gjere nye alvorlege valdshandlingar.
– Dommen er som forventa. Tingretten fant jo domfelte utilrekneleg. Då var det berre eitt utfall, og det var dom på tvunge psykisk helsevern, seier forsvararen til mannen, Roy Peder Kulblik.
Psykiatrispesialist Øyvind Erik Duguid Jensen sa i retten at han aldri før hadde møtt nokon som så klart har alle dei klassiske kjenneteikna på schizofreni.
Han viste blant anna til at mannen hadde ledd på upassande tidspunkt i retten, og at dette er typisk for diagnosen.
Psykiatrispesialist Øyvind Erik Duguid Jensen sa i retten at han ikkje var i tvil om diagnosen til den tiltalte.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKDei sakkunnige konkluderte også med at mannen var psykotisk da drapet skjedde.
I avhøyret med politiet sa han at han høyrde stemmer i hovudet som bad han om å drepe.
– Burde ikkje ha vore der
Eit sentralt spørsmål som ikkje var ein del av rettssaka, var om den psykisk sjuke broren skulle ha fått reist på besøk til mora.
Han budde på ein døgnbemanna omsorgsinstitusjon, der han hadde tilsyn til ei kvar tid. Dette var forsvararen til mannen tidleg ute å kritiserte.
Statsforvaltaren er i gang med å undersøke kva som skjedde denne dagen, og den rapporten er foreløpig ikkje klar.
Den drapsdømte mannen har også tidlegare ha vore etterforska for vald og truslar mot mora.
Bad om tvunge psykisk helsevern
Aktor Ingvild Thorn Nordheim argumenterte i retten om kvifor dei meinte at 20-åringen skulle overførast til dom på tvunge psykisk helsevern.
Ho sa i retten at trass i at han hadde fått behandling og medisin, så har tilstanden til mannen ikkje blitt betre.
Forsvararen til mannen, Roy Peder Kulblik, meinte at mannen var utilrekneleg i gjerningsaugeblinken, og sa seg einig i med aktor i at han måtte dømmast til tvunge psykisk helsevern.
Men han var tydeleg på at hendingane kanskje kunne vore unngått dersom barnevernet sitt råd om at veslebroren ikkje burde vere saman med 20-åringen blei følgd.
Statsadvokat Ingvild Thorn Nordheim og forsvarar Roy Peder Kulblik.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKFår erstatning
Sjølv om mannen er dømt til å betale 225 000 i erstatning til søskena, så vil dei få utbetalt over ein million kroner totalt i erstatning.
Men dette er det valdsoffererstatninga som betalar ut, står det i dommen.
Publisert 13.03.2025, kl. 11.59 Oppdatert 13.03.2025, kl. 13.00