Mann pågripen etter drapet i Arna

1 hour ago 1



Politiet har pågripe og sikta ein mann for drap, etter ein afghansk mann vart funnen død utanfor heimen sin i Arna søndagskveld.

– Den pågripne mannen er afghansk statsborgar og busett i Bergen, seier politiadvokat Inger-Lise Høyland.

Mannen i 30-åra har tidlegare blitt avhøyrd som vitne i saka, men vart pågripen på politihuset i Bergen i ettermiddag.

Årsaka til siktinga er nye opplysingar i saka.

– Hans bevegelsar, kjennskap til avdøde og andre bevis, gjer at politiet meiner han er knytt til åstaden og til drapet, seier Høyland.

Den sikta har nettopp gått i avhøyr, opplyser politiet kl. 19.30.

Politiet vil først ta stilling til grunnlaget for varetektsfengsling torsdagsmorgon.

Sikta og avdøde i same omgangskrets

Det er gjennomført ransakingar, og politiet har samla inn bevis knytt til siktinga. Pågripinga skjedde utan dramatikk onsdag ettermiddag, opplyser politiet.

– Den sikta og den avdøde er begge afghanske statsborgarar og del av same miljø eller omgangskrets, seier Høyland.

Politiet undersøker no kva relasjon dei eventuelt har til kvarandre, både i Noreg og frå tida i Afghanistan.

– Motivet er framleis uklart, og det er ein av fleire ting politiet jobbar med å kartlegge.

Politiet utelukkar framleis ikkje at det kan vere fleire involverte i drapet, men har ikkje planlagt fleire pågripingar slik situasjonen er no.

Inger Lise Høyland, påtaleansvarlig

Politiadvokat Inger-Lise Høyland informerer om utviklinga i drapssaka i Arna.

Foto: Christel Higraff

Ønsker framleis tips

Politiet understrekar at etterforskinga framleis er i ei tidleg fase.

Dei har difor ytterlegare behov for fleire opplysingar om alle rørsler i området Arna sundag ettermiddag og kveld.

– Politiet ber framleis publikum om tips frå alle som kan ha sett noko i Arna på søndag i det aktuelle tidsrommet, seier Høyland onsdagskveld.

Fleire spor og hypotesar

Den avdøde afghanske mannen i 20-åra budde saman med kona si, som var lettare skadd etter hendinga.

Politiet har mottatt over 50 tips i saka dei siste dagane, og får etterforskingsbistand av Kripos og PST.

Ut frå måten drapet skjedde på og skadane offeret vart påført trur ikkje politiet at han var eit tilfeldig offer.

To personer i beskyttelsesdrakter arbeider foran en bolig, omgitt av politisperringer. Den ene personen holder en camera, mens den andre ser på noe på bakken. En vindu i bygningen viser et bilde av en ugle. Omgivelsene er grønne, med gress foran boligen, som er av tre med rødt tak. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Politiet har sett inn store ressursar i etterforskinga etter ein mann vart drepen utanfor heimen sin i Arna.

Foto: Sandra Amalie Lid Krumsvik / NRK

Den drepne mannen i 20-åra blei obdusert på Gades Institutt ved Haukeland universitetssjukehus tysdag.

Politiet har mottatt ein foreløpig obduksjonsrapport og ei foreløpig dødsårsak, men vil foreløpig ikkje gå ut med denne.

– Etterforskinga held fram med full styrke og er av høgste prioritet for oss, sa politiadvokat Inger-Lise Høyland på ein pressekonferanse onsdag føremiddag.

Undersøker soldatfortid i Afghanistan

Politiet har mellom anna arbeidd med å undersøke den avdøde si fortid i Afghanistan og privatlivet hans i Bergen.

Vitne NRK har snakka med fortel at mannen tenestegjorde i det afghanske militæret, og var del av det afghanske spesialpolitiet.

– Eg kan bekrefte at vi undersøker bakgrunnen hans og gjer avhøyr opp mot dei vitna og relasjonane han har i Noreg med same bakgrunn, sa Høyland.

Politiadvokaten ber publikum ikkje henge seg opp i skildringa av gjerningspersonen som er oppgitt i fleire medium.

– Meiner de at historikken frå Afghanistan kan vere interessant?

– Heile mannen sin bakgrunn, både i med tanke på personlege konfliktar eller andre konfliktar, er sjølvsagt relevant for å prøve å finne ut om det er eit motiv for drapet, opplyste Høyland.

Publisert 11.02.2026, kl. 19.29 Oppdatert 11.02.2026, kl. 19.58

Read Entire Article