Måper av detaljane i den nye rekorden: – Det er heftig å sjå

20 hours ago 3



Duplantis har nå sett 15 verdsrekordar i stavsprang. 6,31 lyder den nye rekorden. Han blei sett i Uppsala i Sverige førre torsdag.

– Når ein trur at ein har sett alt, så legg han på ein ny dimensjon.

Det sa Alhaji Jeng til SVT etter rekorden. Han er tidlegare stavhoppar og no ekspert i Sveriges Television.

Sjå rekorden her:

REKORD: Sjå Duplantis sette ny rekord.

– Aldri gjort før

Han peikar på to ting som no skil seg ut: Duplantis har eit tilløp på 22 steg. Og han hoppar med stivare stav.

– Det gjer at tilløpet blir lengre, men vi ser ingen forskjell på det. Så har han prøvd å bruke ein stivare stav før utan å lykkast. No slår han to fluger i éin smekk, det er heftig å sjå, seier Jeng til SVT.

duplantis strekker seg over 6,31

STIV STAV: Armand Duplantis strekker seg over 6,31 mens staven står stiv som eit sugerøyr under han.

Foto: TT News Agency / TT News Agency,NTB

Duplantis har tidlegare hatt 20 steg i tilløpet. Det betyr to ekstra steg, noko som forlenger tilløpet noko. Grepet kan føre til høgare fart.

Sondre Guttormsen, som kom på andre plass i stemnet i går, fortel at fleire steg ikkje nødvendigvis betyr meir fart.

VM i friidrett innandørs startar fredag på NRK:

– Vi har gjort analysar med laser som viser at fleire steg ikkje nødvendigvis gir meir fart, men det kan vere ein ’comfort-greie’ for å halde farten over ein lengre distanse, seier Guttormsen.

Sjølv bruker Guttormsen normalt 20 steg, mens andre kan bruke 16 eller 18 i tilløpet.

– Eg veit ikkje om eg har fitness nok til å handtere 22 steg. Kanskje på ein optimal dag så hadde det vore greitt. Det er ikkje noko fasit på det, det er veldig individuelt, utdjupar 26-åringen.

Sondre Guttormsen under finalen i stavsprang i VM i Tokyo.

I STEGET: Sondre Guttormsen har sjølv eksperimentert med fleire steg før stavhoppa sine. Her er han i tilløpet under VM i Tokyo i 2025.

Foto: Heiko Junge / NTB

Han meiner det ikkje finst noko fasit, men erkjenner at 22 steg er mektig imponerande.

– Ein blir jo meir sliten. I tillegg er det eit logistikkproblem; på ein del underlag er det rett og slett vanskeleg å få plass til 20 steg utan å hamne heilt oppi løpebanen, seier Guttormsen.

Dette var den første verdsrekorden i år for Duplantis. I fjor sette han fire verdsrekordar. Den første sette han i 2020, men aldri har han sprunge så «langt».

– Det er som å springe 50 meter med ein stav i handa, seier tidlegare stavhoppar Miro Zalar i Sveriges Radio.

– Det er første gong i heile mitt liv at eg gjer det i konkurranse. Det blir eit heilt nytt tilløp, men det kjennest bra, seier Duplantis til SVT.

duplantis med det svenske flagget rundt seg etter rekorden

JUBEL: Armand Duplantis var ein populær mann etter å ha sett rekorden i Uppsala.

Foto: FREDRIK PERSSON / TT News Agency,NTB

Spår vill rekord

Duplantis sin første verdsrekord var på 6,17. Sidan har han sett 15 verdsrekordar, alle med éin centimeter.

22 stegs tilløp og stiv stav gjer at SVTs ekspert nå hentar fram dei ville spådommane.

– Om han held seg skadefri, så trur eg at han tar 6,40. Det er så mykje detaljar, og det finst meir i staven. Hadde han finjustert litt, så kunne han gått høgare, seier Jeng.

Guttormsen meiner at Duplantis val av stav understrekar at svensken er i toppform.

– Det er eit resultat av at ein har gjort alt det andre rett først. At han kan bruke ein så stiv stav betyr at den fysiske og tekniske forma er på eit nivå som gjer det mogleg å handtere henne, og det er det som til sjuande og sist gjer at ein hoppar høgare, fortel stavhopparen.

For suveren til superduell

12. mars var det duka for ein ny «superduell» i stavsprang mellom Duplantis og den nye rivalen, greske Emmanouil Karalis.

duplantis og karalis

RIVALAR: Greske Emmanouil Karalis (til venstre) og Armand Duplantis.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP,NTB

Karalis har nyleg sett ny gresk rekord med 6,17, men det blei aldri nokon duell mellom dei to.

Svensken var, som han har vore sidan han sette sin første verdsrekord, suveren.

– Eg trur den greske rekorden har gitt han ny kraft. Han skal vise at han er best, seier Miro Zalar, tidlegare stavhoppar og nå ekspert i Sveriges Radio.

Norske Sondre Guttormsen blei nummer to, men han blei slått med 31 centimeter av Duplantis.

Publisert 20.03.2026, kl. 11.13 Oppdatert 20.03.2026, kl. 11.24

Read Entire Article