– Det er for tidleg å vere fornøgd når eg er så nære, seier ein tydeleg skuffa Kristoffer Eriksen Sundal til NRK.
Han kjempa om ein medalje i storbakkerennet i OL.
– Det gjekk ikkje denne gongen heller, legg han til.
Det er berre dagar sidan han var i same situasjon:
Før finaleomgangen låg han på ein tredjeplass, men han hamna til slutt rett utanfor pallen.
Domen Prevc vann rennet.
– Den er blytung, skal eg vere ærleg. Han har vore best på trening. Legg du saman alle treningshoppa, reknar eg med han har vore best. Det er synd, veldig synd, seier Johann André Forfang.
NÆR MEDALJE: Kristoffer Eriksen Sundal var nære medalje i normalbakkerennet.
Foto: Terje Pedersen / NTB– Dessverre for Eriksen Sundal, eg synest han blir litt sein her og det røskar litt i siste delen. Det tyder litt på at han ikkje er heilt på plass på siste delen og må jobbe litt vidare med den feilen i resten av svevet, seier NRKs ekspert Maren Lundby.
– Han har vore veldig nervøs, han har sett at han har moglegheita. Det skal godt gjerast å ta medalje, så det at han blir nummer fire, vitnar om god hopping, men det siste vesle manglar i dag, seier lagkompis Forfang.
Landslagstrenar Rune Velta bekreftar til NRK at Forfang og Sundal skal hoppe lagkonkurranse måndag.
Datt på trening
Den siste tida har ikkje vore den beste for Sundal. For berre nokre dagar sidan, datt Sundal på trening og kjende smerter i ryggen.
Til NRK innrømmer han at han framleis har smerter:
– Det plagar meg litt, men når eg set utfor ein hoppbakke, så er det viktigare ting å tenkje på, så då forsvinn den smerta, sa Sundal før finaleomgangen.
Også normalbakkerennet tidlegare i meisterskapet gjekk ikkje som håpa for Oslo-guten. Han var nummer tre halvvegs, men pallen glapp:
Leverte i første omgang
Sundal leverte eit kjempehopp på 136 meter og etablerte seg heilt i tetsjiktet frå start.
– Han har tydeleg med seg mykje energi inn i konkurransen her, sa Lundby om hoppet.
Også Johan Andre Forfang hoppa godt.
– Han leverer eit ålreit hopp her, seier Lundby.
Også Johann André Forfang gjorde jobben i Italia. Med eit hopp på 128,5 meter sikra han seg enkelt ein plass i finalen.
Fleire favorittar ute
For Marius Lindvik blei det derimot ein blytung dag i bakken. Han er regjerande OL-meister på øvinga, men fekk det ikkje til å stemme i bakken i Predazzo.
– Det var dessverre litt mislykka for Marius Lindvik. Det ser ikkje ut som han er så komfortabel i tilløpet, sa Lundby.
– Eg har det greitt, men det er kjipt sjølvsagt. Eg har ikkje funne heilt ut av bakken her, og i tillegg får eg ganske dårleg fart. Eg får ikkje sjanse til å heve meg i toppen med den farten der, så då blir det dessverre slik, sa Lindvik til NRK etter den første omgangen.
OL-MEISTER: Marius Lindvik har eit OL-gull får øvinga.
Foto: Terje Pedersen / NTBEkspertane hadde på førehand peika på at farten ville bli avgjerande på laurdagens renn.
– Altfor dårleg fart. Nesten to kilometer i timen bak dei beste. Då er du sjanselaus. Det heng saman med at han ikkje har funne posisjonen sin i sittestillinga, og då blir det vanskeleg å gjere eit godt skihopp, sa Johan Remen Evensen om Lindvik sitt hopp.
Den regjerande OL-meisteren tok seg ikkje vidare til finaleomgangen i Predazzo i Italia.
Storfavorittane Stefan Kraft og Daniel Tschofenig tok seg heller ikkje til finaleomgangen. Tschofenig blei diskvalifisert for feil skostorleik.
Publisert 14.02.2026, kl. 20.32 Oppdatert 14.02.2026, kl. 20.57









English (US)