Marerittstart for ny programleiar: Skadde skuldra rett før premieren

1 day ago 7



Langrennsprofilen Anders Aukland er klar i sin dom:

– Du har ikkje teknikk. Du har aldri trena kondisjon.

Men:

– Du har eit godt hovud, meiner han.

Dommen blir felt over kollega Sindre Reinholt. NRK-podkasten Skiklubben sitt ferskaste medlem, som tar over etter at Emil Gukild gav seg i haust.

Tre personer står sammen i en innendørs korridor. Den ene mannen har på seg en svart jakke, mens den andre mannen er iført en grå hettegenser. Den tredje personen er en kvinne i en mørk genser. Omgivelsene viser en moderne innredning med dører og plakater i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TRE IGJEN: Sindre Reinholt (i midten) utgjer den tredje medlemmen av NRK-podkasten Skiklubben saman med Anders Aukland og Silje Nordnes.

Foto: Geir Jone Karlsen / NRK

I den aller første episoden med ny programleiar blir Reinholt sett på ein «helvetestest» frå Aukland med 5.000 meter løping med ti grader helling, 5.000 meter skierg og 2.000 meter roing, utan pause.

– Heilt pyton, men artig, samanfattar Reinholt i etterkant.

Sjå korleis det gjekk her:

– Har vore mykje på legevakta

Men like før innspeling skadde 30-åringen seg kraftig. Noko som ikkje er første gong.

– Eg har vore mykje på legevakta. Eg har knekt fingrane tallause gonger, knekt nasen, foten og sydd hovudet, ler Reinholt.

Berre nokre dagar før den brutale Aukland-testen padla han kajakk ned stryka i Alnaelva i Oslo. Første gongen gjekk det bra, men på runde to fekk han eit ublidt møte med vatnet.

– Eg flippa rundt og landa på skuldra, seier Reinholt.

Sjå hendinga her:

– Skuldra har gått ut av ledd fleire gonger, derfor har eg tatt ein heftig operasjon, så han må brytast for å gå ut av ledd. Det skjedde heldigvis akkurat ikkje, men det kjentest ut som han skulle knekke. Forferdeleg vondt, og den var framleis ikkje heilt bra før økta med Anders.

Men:

– Det gjekk betre enn venta. Og nå startar treninga til klassisk-Birken!

Liker sportar med «fatale konsekvensar»

Sindre Reinholt har dei siste åra markert seg i NRK. I fjor sommar var han reporter under dødse-VM, han har laga podkasten «Malen til staten for medarbeidarsamtale», vore programleiar for P3-podkasten Pønsj, sykla Oslo-Bergen for same kanal og data i Ukraina. For å nemne noko.

Samtidig som han på privaten er kjærast med Annika Momrak.

Bildet viser to personer som står foran en bakgrunn i rosa med teksten "Dama til" og "NRK TV". Den ene personen har en arm rundt den andre. Begge smiler til kameraet. Omgivelsene er preget av en lys, festlig atmosfære, tydelig knyttet til en TV-event. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STJERNEPAR: NRK-profilane Sindre Reinholt og Annika Momrak er kjærastar.

Foto: Bjørn Frode Holmgren

Han har også tidlegare drive med blant anna klatring, skating, snøbrett, fridykking og kajakk.

– Eg har alltid likt idrettar der det er skikkeleg gøy dersom det går, men om du tabbar deg ut, får det fatale konsekvensar, seier han.

Nå står langrennspodkasten Skiklubben for tur. Utan at han har nemneverdig erfaring med nasjonalsporten.

– Langrenn er noko anna, der handlar det om å hate. Å stå i hatet i ein lang, lang periode. Og betalinga er ikkje så stor, det er ofte berre å komme i betre form. Men det er også derfor eg har takka ja til Skiklubben, seier Reinholt og fortset:

– For eg har innsett at for å kunne fortsette å drive med alt eg vil, må eg behalde kjernemuskulaturen og vere sterk. Derfor treng eg å bli piska litt. Så da eg høyrde at Anders (Aukland) kunne bli den fysiske og mentale pisken min, måtte eg berre gjere det.

Den første Skiklubben-episoden med Reinholt høyrer du her:

Sjarmert av Aukland

– Du har ein annleis bakgrunn enn medprogramleiarane dine Anders Aukland og Silje Nordnes. Korleis har det gått å komme inn i gjengen?

– Dei er fantastisk fine, begge to. Eg elskar sånne som Anders. Hjernen hans er berre ski. Personar som er lidenskapeleg opptatte av noko, sjarmerer meg veldig.

Bilde fra festival

SPORTSMANN: Sindre Reinholt har som mål å «naile» langrenn i Skiklubben.

Foto: Annika Momrak

– Silje syntest eg var litt skummel. Ho var ein tidlegare generasjon P3 enn meg og har vore ein eg har sett opp til. Eg har vore litt nervøs for å prate med henne. Men det er gøy å kødde med henne og å vere litt veslebror, da. Det gleder eg meg til, seier han.

Drøymer om Birken-merket

Reinholts forgjengar, Emil Gukild, slutta i podkasten for å satse på langløp i Petter Northugs lag Team Burger King. Dei same ambisjonane har ikkje etterfølgaren hans.

– Målet mitt er berre å «naile» langrenn, liksom. Å berre vere heilt trygg på det. Og kanskje ta merket i Birken, seier han sjølvsikkert.

Skiklubben-episodane blir lagde ut kvar fredag klokka 05:00 i appen NRK Radio.

Publisert 05.01.2026, kl. 15.27

Read Entire Article