Maria og Rasmus sa «ja»: Gifta seg på drop-in på isen

1 hour ago 2



– Eg såg innlegget på Facebook på torsdagen og så tenkte eg, kvifor ikkje?

Maria Christine Hedström hadde i grunn ingen planar om å gifte seg med sambuaren Rasmus Olof Anders Ahnel med det første.

– Men så ringde eg til han og spurde: «Har du lyst å gifte deg med meg på laurdag? Eg har prest, eit tidspunkt og så er der på isen», fortel Maria Christine Hedström før vigsla.

Dronebiletet viser eit hjarte som er måka ut av snøen opp på ein islagd innsjø.

På islagde Langen var kyrkja bytta ut med eit hjarte i snøen.

Foto: Espen Brandstadmoen / NRK

Og vipps blei dei eitt av åtte par som trassa den bitande kulden og valde å seie ja til kjærleiken på valentinsdagen på drop-in-bryllaup. Og det på islagde Langen i Nordre Follo, med skøyter på beina.

En brullypsseremoni finner sted på isen, hvor et par sitter på benker med en bukett blomster. En person i hvit kjole står foran dem sammen med en prest som leser fra et ark. Flere mennesker, inkludert barn, deltar i bakgrunnen, mens det er tre kjeler med bål synlig. Omgivelsene består av snødekte trær og en klar himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

På Langen bestod alteret av eit bord med ein duk og ei bålpanne med god fyr.

Foto: Kari Lie / NRK

– Eg hatar å stå på skøyter så eg er berre glad for at eg står på beina, seier ein litt nervøs Rasmus.

– Så glad er han i meg, legg Maria til med eit smil.

Kjærleik i heile landet

419 par nytta valentinsdagen til drop-in-bryllaup i 125 kyrkjer rundt om i landet, viser ei førebels oppteljing frå Den norske kyrkja. Det er ein kraftig oppgang frå i fjor. Då var det 277 slike bryllaup.

I Nidarosdomen i Trondheim gifta heile 27 par seg. I Mariakirken i Bergen gifta elleve par seg.

Espen Andreas Hasle er prost i Nordre Follo og glad for at mange vel drop-in. Sjølv om bryllaupa ofte blir planlagde på kort varsel, synest han det et like stort kvar gong nokon seier ja til kjærleiken.

Ein prest iført prestekappe og og caps. Han står på ein snødekt is. Han smiler og ser i kamera med sol i ansiktet.

Espen Andreas Hasle er prost i Nordre Follo og er glad for at mange har nytta seg av drop-in-tilbodet i dag.

Foto: Kari Lie / NRK

– Eg opplever ikkje at folk giftar seg på impuls. Tvert i mot så er det mange som har hatt lyst å gifte seg lenge, men ikkje har orka det svære styret med diger fest, seier han.

Det nygifta paret på Follo var godt nøgde etter den noko alternative vigsla.

Et par kysser på en islagt innsjø, begge kler seg i vinterklær. Kvinnen holder en bukett med roser i rosa og røde nyanser. I bakgrunnen ses flere personer som skøyter og nyter den solfylte vinterdagen. Trær omgir området, og himmelen er klar og blå. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Maria Erla Hilstad Flyum / NRK

– Det var fantastisk fint og veldig romantisk, seier den no nygifta Maria.

– Ja det er fantastisk. Alt gjekk så fort, seier ektemannen hennar, Rasmus.

Publisert 14.02.2026, kl. 21.21

Read Entire Article