Massivt russisk angrep mot Kyiv i natt

7 hours ago 3



– Eit massivt angrep på hovudstaden går føre seg. Luftvernet er aktivt.
Ikkje forlat tilfluktsromma, skriv ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, på meldingstenesta Telegram natt til torsdag.

Redningsoperasjonar går føre seg fleire stader.

– Det er foreløpig informasjon om tre døde, blant dei eit 14 år gammalt barn, opplyser leiaren for Kyivs militære administrasjon, Tymur Tkatjenko på Telegram klokka 04.13

Rundt 12 personar er så langt såra i angrepa.

– Sju personar er innlagde på sjukehus – blant dei ein 10 år gammal gut, skriv Klitskjo i ei oppdatering klokka 04.00

en gruppe mennesker har søkt tilflukt etter rakettangrep i Kyiv

Fleire måtte ta seg til tilfluktsrom i hovudstaden natt til torsdag

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

Fleire bydelar ramma

Fleire bydelar har fått skadar.

I Darnytskyi-distriktet trefte eit prosjektil direkte ein femetasjes bygning. Alt frå femte til første etasje er øydelagd. Dronerestar har falle ned på taket av ein ni-etasjes bygning som har ført til ein brann.

– Det går føre seg ein søk- og redningsoperasjon under ruinane av den øydelagde femetasjes bygningen. Alle nødetatar er på staden og jobbar, skriv Tkatjenko i ei oppdatering.

Ein barnehage står i brann i etter angrepa.

I Dnipro-distriktet er det brann i ein ni-etasjes bustadblokk.

Det blir også meldt om eksplosjonar i Zaporizjzja-regionen.

– Ver vennleg og hald dykk i sikre område til faren er over, skriv guvernør i regionen Ivan Fedorov på Telegram.

Ukrainas luftforsvar melder også om bølger av dronar over dei sentrale og sørlege områda i landet, inkludert fylka Zhytomyr, Odesa og Mykolajiv.

Det totale skadeomfanget etter angrepa er framleis uklart.

Publisert 28.08.2025, kl. 04.17 Oppdatert 28.08.2025, kl. 04.40

Read Entire Article