Me har eit elendig ytringsklima kring miljøkrisene våre

2 days ago 6



GJESTEKOMMENTAR: Nokon spør meg kva eg fyller dagane mine med som gründer. Her er innblikk i ein vanleg formiddag.

Daniel Berge Sollien i raud ullgenser under aksjonen til Extinction Rebellion ved Equinors anlegg på Kårstø i august 2024. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Dorrit Vignes

    Dorrit Vignes

    Organisasjonspedagog, leiingsgründer og føredragshaldar

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Eg vaknar med hovudverk. Hiv innpå to paracet og tek på kloggene eg stal frå slakteriet eg ikkje lengre jobbar på. Det blei nokre intense år der i oppdrettsnæringa. Treskoa minner meg på delen av jobben som var spanande samtalar og kjensle av å bidra til noko nyttig. Eg går til postkassen. Hentar Klassekampen. Nyt lyden av fuglesong og lam som brekar. Så går eg heim igjen.

Eg opnar avisa. Gløymer å ta på det mentale filteret eg treng for å lese nyheiter utan å bli kjenslemessig fanga i dei resten av dagen. Blir trigga av ein tekst som rettar sinnet mot dei som syndar mot naturen – det verkar som skribenten er lei av å grille erterburgar når Ole Robert Reitan drar på helgetur til London i privatfly. Forstår ikkje kor ho vil med teksten og blir sur av å lese at «ingen hugsar klimaaksjonen på Mongstad». Eg hugsar han godt og tenker framleis på geologen som var med. Han testa ytringsfridomen på jobb i oljå og saka er teiknande for kvifor jordkloden vår er i ferd med å bli øydelagt; me har elendig ytringsklima kring miljøkrisene våre og det driv oss til ytterkantane.

Eg sel noko dei med pengane i arbeidslivet ofte er redde for; godt ytringsklima. Ein gong eg klaga til ei venninne om at for få kjøper leiarkurset mitt sa ho tørt – du sel koloskopi, kva forventar du?

Iveren etter gode liv har ei bakside

Eg googlar Mongstad, Equinor, geolog og finn han ikkje. Eg finn Extinction Rebellion og blir matt. Sjølv om leiaren for organisasjonen argumenterte godt for seg då han var i paneldebatt på Wonderful World, er eg usikker på om slike aksjonar bidrar til å løyse problema me har.

Eg les teksten igjen. Mongstad-aksjonen var i fjor. Saka eg tenker på er eldre. Googlar geolog, Equinor, protest og finn geologen. Han protesterte på Kårstø, eg burde hugsa. Kårstø var utsikta min då eg vaks opp – på klare dagar ser me industriområdet, flammane og røyken over fjorden. No har geologen slutta i oljå av samvitsårsaker og det er datasenter som lagar sår i naturen. Alt handlar om grådigskap.

Eg innser at eiga tankerekkje minner om teksten som lugga i Klassekampen – vanskeleg å følgje. Men den raude tråden er tydeleg for meg. Me kan ikkje byggje, bu og leve utan å påverke naturen. Men i iveren etter å skape gode liv har det nok ein gong gått over styr. Begjæret etter økonomisk vekst for å forbruke meir, er botnlaus. Gong på gong ser me galskapen for seint. Medan det har begynt å sige inn at lakseoppdrett, olje og hyttebygging har negative konsekvensar og at måtehald er viktig stikkord, har me blåauga opna dørene for datasenterindustrien.

Bytta skog mot Tiktok

På Austlandet har dei bytta skog mot å lagre data for Tiktok. Her i regionen står Bjerkreim, Sirdal, Kvernaland og Strand klare til å gjere det same. Me er villige til å drepe blomar, fuglar og tre fordi me feilaktig trur datasenter gjer pengar i kommunekassen. Ja, for ikkje å gløyme at me takkar ja til hjernedød. Framtidig vekst i datasenterindustrien vil truleg gå til produksjon av kunstig intelligens. Treng me vere kreative om KI skriv bøkene våre? Gud, mi mor og skapar, hent meg heim.

Hovudverken som blei døyva av Paracet vaknar. Ansvarleg forvaltning er vanskeleg. Og på same måte som eg er usikker på at min tolvte tippoldefar Jørgen Erikssøn meinte å setje i gang hekseprosessane på 1500-talet då han var biskop i Stavanger og skulle reformere kyrkja, trur eg heller ikkje datasenterpositivistane meiner å røve nye generasjonar frå å ha kongleskog bak huset.

Eg prøver å roe tankekøyret ved å minne meg på doktorgradssøknaden eg ventar svar på. Prosjektet peikar på at me heldigvis er i ferd med å bevege oss frå aksjonærkapitalisme, der einaste mål er pengar til aksjonærane, til interessentkapitalisme, der verksemder også skal tene interessene til dyr, natur og menneskeslekta. Prosjektet handlar også om ytringsklima. I verdikonfliktar må me unngå å snakke om helgenar og syndarar, det gjer det vanskeleg å løyse problem saman – hjelp, gjekk eg i fella no, ved å samanlikne datasenterfolket med den heksebrennande tippoldefaren min?

Kan ytringsklima bli god butikk?

Eg må ut av tankane og inn i røynda. Bøtter bekymring for verda med bekymring for økonomien min. Vil eg klare å byggje opp nok kundegrunnlag i verksemda mi til at det er forsvarleg å halde på i lengda? Eg sel noko dei med pengane i arbeidslivet ofte er redde for; godt ytringsklima. Ein gong eg klaga til ei venninne om at for få kjøper leiarkurset mitt sa ho tørt – du sel koloskopi, kva forventar du? Eg blei først stressa. Å få eit kamera opp i rumpa av legen vil for dei fleste utløyse ubehag – er det slik folk ser teneste mine? Men alt handlar om kontekst. No er trøysta mi at kondomeriet har høg omsetjing på anale produkt. Eg skal klare å gjere ytringsklima til god butikk.

Eg dusjar, kler meg og tek på joggeskoa eg kjøpte i Stavanger. Etter eg blei skilt og fekk større huslån måtte eg senke standarden. Eg kjøper eigentleg berre sko i London. Å spankulere i noko ingen andre har, gjev kjensle av å vere spesiell. Eg går til bilen. Gler meg over fuglesong og at eg skal møte dei som har piano på kontoret. Ser fram til at det går så bra med føretaket mitt at eg kan reise til London igjen.

Publisert:

Publisert: 18. mai 2026 11:27

Read Entire Article