Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Det var på høg tid at Statsforvaltaren i Rogaland kom på banen i Stavanger Aftenblad for å forklara mandatet og oppdraget institusjonen har overfor dei folkevalde og samfunnet elles.
Eg vil anbefala Bent Høie å dela innlegget sitt med dei andre Statsforvaltarane, så dei kan informera innbyggarane i sine distrikt, dersom det ikkje allereie er gjort. Eg skriv at det er på høg tid, og det er på grunn av det massive presset Statsforvaltarane har fått frå involverte partar i forskjellige saker.
Presset er i ferd med å smitta over på dei politiske partia, der nokre av dei etter media sine opplysningar, har planar om å gjera om på statsforvaltar-systemet, som skal vera ein siste kontroll på at alt er etter «boka», til beste for innbyggarane og landet.
Eg blir freista til å skriva at dei styrande i landet nå stort sett består av den såkalla «dessertgenerasjonen» som eg sjølv også er ein del av. Me har stort sett fått det som me sjølv finn for godt, og då trengst det etter mitt syn eit system som kan halda ein og kvar litt i taumane. Noko betre system har eg ikkje sett på prent til nå, så då håpar eg dei politikarane som er ivrigast etter å avvikla statsforvaltarane, kan evaluera sine meiningar om statsforvaltar- systemet eller lansera eit endå ryddigare system, til gagn for demokratiet, der Norge allereie skårar høgt på rangeringslista.
Publisert:
Publisert: 1. mars 2026 17:42

2 hours ago
1







English (US)