Måndag sa den amerikanske presidenten Donald Trump at han ynskjer at 600.000 kinesiske studentar skal få studere i USA.
No rasar hans eigne i MAGA-rørsla.
Ein Kina-ekspert meiner at Trump har forhandlingar på hjernen når han ynskjer kinesiske studentar velkomne.
Trump sine favorittar
Tysdag kveld møtte Trump pressa. Der blei han spurt om å greie ut kva han meinte med utsegna om å ta i mot kinesiske studentar.
Han viste til at dei er ei viktig inntektskjelde til amerikanske universitet, særleg for dei mindre universiteta.
– Og veit du kva som ville skjedd om dei ikkje kjem? Universitetssystemet vårt ville gått til helvete, sa han.
Kinesiske studentar utgjer éi av dei to største nasjonalitetane av utanlandske studentar ved amerikanske universitet, saman med India.
På veggen på eit utdanningsbyrå i Beijing heng det bilete av fleire amerikanske universitet. USA er ein svært populær studiestad for kinesarar.
Foto: JADE GAO / AFP / NTBRike kinesarar og andre i eliten i Kinas kommunistparti (KKP) har tradisjon for å sende borna sine til USA for å gå på prestisjeuniversitet.
MAGA tek avstand frå Trump-utspel
– Vi kan ikkje akseptere 600 000 kinesiske studentar. Om ikkje anna bør vi redusere talet på kinesiske visum, særleg for studentar med politisk tilknyting til KKP, skriv høgre-aktivisten Christopher Rufo på X.
Kongressrepresentant Marjorie Taylor Greene høyrer til i den ytre-høgrefløya innanfor det republikanske partiet.
Foto: OLIVER CONTRERAS / AFP / NTBFleire stemmer frå Trump sine aller mest lojale har uttrykt misnøye med Trump sitt student-forslag, særleg frå høgrefløya i det republikanske partiet.
Kongressrepresentant Marjorie Taylor Greene frå den ytre-høgrefløya i det republikanske partiet håpar Trump aldri får gjennomslag på forslaget.
– Om høgskular og universitet går konkurs fordi dei ikkje lenger får stønad frå skulepengar som KKP betalar for, så er det greitt, skriv ho.
Ein politisk u-sving
Det er framleis uklart kvifor Trump vil sleppe inn så mange kinesiske studentar, skriv nyhendebyrået AP.
Førre skuleår var det nesten 280.000 studentar frå Kina ved amerikanske universitet, ifølgje ei oversikt frå Open Doors International Students Data. Talet har minka noko dei siste åra.
Det har ikkje kome fram om Trump meiner at det skal kome 600.000 nye kinesiske studentar til USA eller til saman.
Uansett er tonen ein heilt annan enn den som Trump hadde i vår. Då innførte Trump-administrasjonen fleire nye tryggingskontrollar for å få studentvisum og gjorde det vanskelegar å få innvilga studentvisum.
Medan Trump stramma inn utanlandske studentar sine moglegheiter ved amerikanske universitet, var det store
Foto: Nicholas Pfosi / Reuters / NTBDette gjekk særleg utover Harvard-universitetet som fekk ei liste med krav om omorganisering, og skikk og bruk hjå studentar og tilsette i tråd med Trump sitt ynskje.
Eit geopolitisk spel
For seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Hans Jørgen Gåsemyr, handlar dei varme orda om kinesiske studentar om meir enn finansiering til universiteta.
– Han har kome med mange slike tydelege utspel, om databrikker og restriksjonar han hevar, som han ynskjer å bruke i forhandlingar med Beijing, påstår Gåsemyr.
Kina-kjennar Hans Jørgen Gåsemyr er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI).
Foto: NUPIIfølgje Trump sjølv har det vore eit taktskifte i stemninga mellom Trump og Xi. Under utspørjinga frå pressa var dette det første han svarte på spørsmål om saka:
– Vi kjem veldig godt overeins med Kina. Eg kjem veldig godt overeins med Xi Jinping.
Trump kunngjorde også at han planlegg å reise til Beijing i år eller på nyåret.
Donald Trump møtte pressa i Det kvite hus natt til 27. august norsk tid.
Foto: Mark Schiefelbein / AP / NTBI Gåsemyr sine auge er forholdet mellom USA og Kina litt meir komplisert enn slik Trump framstiller det.
– Dei siste vekene har USA vist seg frå ei meir smidig og mindre konfronterande side overfor Kina. Om det handlar om Trump sin dagsform eller at han har lest noko artig om Kina er vanskeleg å vite, seier Gåsemyr.
Men sjølv om tonen har vore mildare siste tida, minner Gåsemyr om det større biletet.
– Det er ei grunnleggande konflikt og rivalisering mellom dei to landa. Konkurransen mellom dei blir heile tida større.
Interessert i meir stoff frå utanriksredaksjonen? Høyr podkasten vår her:
Publisert 27.08.2025, kl. 18.14