Meiner dette er det verste med VM: – Dritlei

1 hour ago 3



– Kva er det verste med VM så langt? spør BBC-programleiar Gordon Smart.

– Kjendis-spotting, svarar David James med ein gong.

Den tidlegare England- og Premier League-målvakta reagerer på antalet kjendisar som blir vist på skjermen i løpet av kampane under VM.

– Dei brukar så mykje tid på å kikke på desse kjendisane, seier James, som er fast ekspert og analytikar for BBC Radio 5 Live.

Tom Cruise, David Beckham og Victoria Beckham sitter på tribunen. De ser ut til å være under en nasjonalsang. Bildet er tatt fra en idrettsarena. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TRIO: Tom Cruise, David Beckham og Victoria Beckham såg USA mot Paraguay.

Foto: Andre Penner / AP,NTB

Meisterskapet som blir arrangert i USA, Mexico og Canada viser fire-fem kampar i døgnet. På tribunen kryr det av ivrige supporterar og kjendisar, og det er ikkje uvanleg at kameralinsene blir retta mot stjernene i løpet av ein omgang.

– Halvparten av kjendisane ser ikkje på kampen ein gong. Noko som er respektlaust, meiner James.

«I meste laget»

Kampen mellom USA og Australia førre fredag var eit ekstremt døme. Allereie før avspark var kameralinsene retta mot superstjerna Paris Hilton.

Kameraa heldt fram med å oppsøke kjendisane også etter avspark, noko som skapte frustrasjon i kommentatorboksen.

– No skulle eg gjerne sett bilde av kampen, for den er i gang. Det er spel som går føre seg på banen, sa NRKs kommentator Nora Johnsen.

Johnsen fortel at det ikkje har vore eit særleg problem tidlegare, men at det fekk meir merksemd under USA-kampen.

Tre menn, en ung gutt og flere personer ser ut over et arrangement. Mennene har på seg fargerike klær og smykker. Gutten sitter foran og har på seg en gul og grønn drakt. De er på en tribune, omgitt av andre tilskuere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)Paris Hilton bruker en mobiltelefon mens hun ser fremover. Hun er iført solbriller og en mørk topp. I bakgrunnen er det uskarpe mennesker og publikum. Bildet er et nærbilde. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Rap-artist Travis Scott og Paris Hilton har blitt sett på kamp i VM

– Eg ser gjerne Ronaldinho, Ronaldo og Kaká på Brasil-kamp, og Zidane som ser Zidane junior vakte målet til Algerie. Men på USA-kampen synest eg det var i det meste laget med kjendisar i monitor, seier Johnsen og held fram:

Nora Johnsen

KOMMENTERER VM: Nora Johnsen kommenterer fleire kampar i VM.

Foto: Jan-Petter Dahl / TV 2

– Spesielt når ballen faktisk er i spel på banen. Men kanskje er det berre «the American way»!

Årets VM-kampar blir vist på NRK og TV 2. Ingen av dei norske kanalane er ansvarlege for kva bilde som blir vist, bilda blir levert av den internasjonale offisielle vertskringkastinga.

Difor har ikkje kommentatorane noko makt i kva bilde som blir vist til ei kvar tid.

Desse dukka opp i kampen mellom USA og Australia:

  • Div. kjendisar på kamp

    RnB-artist Ciara fekk mykje merksemd under USA-kampen.

    Grafikk: skjermdump / NRK
  • to personar på tribunen

    Basketspelar Zach Lavine

    Faksimile: Skjermdump / NRK
  • Div. kjendisar på kamp

    Fotballspelar Alex Morgan såg herrelaget briljere mot Australia.

    Faksimile: skjermdump / NRK
  • Div. kjendisar på kamp

    Marshawn Lynch er skodespelar, men har også vore profesjonell «running back» i amerikansk fotball.

    Faksimile: skjermdump / NRK
  • Div. kjendisar på kamp

    Robert F. Kennedy jr. er USAs helse- og omsorgsminister

    Grafikk: skjermdump / NRK

– Dritlei

Det dukka ikkje berre opp kjendisar på USA-kampen. Fleire store stjerner har vore på plass under andre kampar under VM, inkludert profilar som David Beckham, Tom Cruise, Jay-Z og Ryan Reynolds.

– Eg er dritlei! seier BBC-programleiar Mark Chapman i podkasten the Sports Agent.

Chapman er sentral i BBC si dekning av meisterskapet.

En person i grønn t-skjorte med oransje mønster hilser på en mann med hvit hatt og solbriller. En kvinne og en mann smiler bak dem. Bakgrunnen er blå. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STJERNEMØTE: Rappar Jay-Z helsar på Elfenbeinskysten sitt supertalent Yan Diomande etter kampen mot Ecuador.

Foto: MAURO PIMENTEL / AFP,NTB

– Men no er det liksom Beckham og Cruise og Rod Stewart 27 gonger her om kvelden i Foxborough, seier Chapman.

Han fortel at han under sending får høyre på øyre kven som blir vist på skjermen, men at han verken bryr seg eller veit kven alle er.

– Eg meiner, me gjer det her til lands også (England), og det irriterer meg grøn. Eg veit at Noel Gallagher er på ein City-kamp, eg treng ikkje sjå han kvar einaste gong, avsluttar han.

En kvinne tar en selfie med mobiltelefonen mens hun står på en tribunedel. Hun er sammen med en gruppe mennesker, flere av dem ikledd røde supporterklær. Personene ser ut til å være på et idrettsarrangement. En mann i hvit skjorte ser mot kameraet og smiler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

SELFIE: Ryan Reynolds tar ein selfie under Canada mot Bosnia-Hercegovina.

Foto: Claudia Greco / REUTERS,NTB

Publisert 25.06.2026, kl. 21.52

Read Entire Article