– Eg synest ikkje det ser ut som eit menneske har skrive dette, nei. Ein får KI-kjensle med éin gong.
Det seier Ingrid Lossius Falkum om tilbakemeldinga frå «hybridforlaget» Calidris.
Ho er professor i lingvistikk og filosofi ved UiO, og ekspert på KI-språk.
– Tilbakemeldingane har heilt lik struktur. Dessutan er begge generiske og prega av engelsk.
Du kan sjå den fulle tilbakemeldinga nedst i artikkelen.
Begot har lenge mistenkt Calidris for å skrive tilbakemeldingar med KI.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRK– Ville avsløre dei
Forfattar Kristine Begot har sendt inn eit gamalt bokmanus til Calidris, som aldri skal bli gitt ut.
Romanen har allereie blitt refusert av åtte forlag.
Ho ville sjå kva tilbakemelding Calidris gav på eit manus som ho sjølv meiner at ikkje held standarden for utgiving.
– Eg synest hybridforlag opererer i gråsoneland. Aktivisten i meg ville avsløre dei, rett og slett.
Det same gjer forfattar Beate Winther. Ho har mistenkt Calidris for å bruke KI sidan 2023.
Engelske ord
Etter sju veker får dei svar. Med fem minutts mellomrom.
Winther stussar over at to norske ord har blitt til engelsk.
– I tilbakemeldinga står det Rainbow Sparrow og Second Cousin, mens eg har skrive spurvefeen og mellomkusine i manuset, seier Winther.
Engelske ord er eit typisk teikn på KI, ifølgje Falkum. Det er fordi KI i hovudsak er trent på engelske tekstar.
To av dei seks bøkene som Begot har gitt ut.
Foto: Marit Balsvik Winge / NRK– Eg synest det er oppsiktsvekkande at dei som har sendt denne mailen ikkje har tatt seg bryet med å omsette tilbake til norsk. Det tyder på at dei nesten ikkje har lese igjennom den KI-genererte teksten eingong, seier Falkum.
I tillegg peikar ho på at KI gjerne er upersonleg, brukar klisjéar og generisk språk.
«Den klare strukturen - fra ensomhet til oppmuntring, utvikling og triumf - gir leseren en trygg og engasjerande reise», nemner ho som døme.
– Det verkar som om det berre handlar om å selje. At det berre er eit maskineri og pengar det er snakk om, seier Begot.
Leiar i Calidris, Ann Kristin Espejord er ikkje einig i kritikken.
Foto: PrivatBrukar KI til å sile ut
Calidris Forlag blei grunnlagt i Sverige, der praksisen har fått mykje merksemd, mellom anna i ein dokumentar frå SVT.
Calidris er eigd av «hybridforlaget» Bookea.
Ann Kristin Espejord er leiar i Calidris og Bookea i Noreg.
– Vi brukar KI som eit hjelpemiddel for å sile ut ufullstendige manus. Det kjem mykje rart inn til oss. Men alle våre direkte utsegn og alt arbeid vi gjer med manus er det personar som sit og gjer, seier Espejord.
– De lover forlagskonsulent, redaktør, korrekturgjennomgang og prosjektleiar for boka. Er det reelt?
– Det er heilt reelt. Det er menneske som sit og jobbar med manus. Vi har manuskonsulent og redaktør og korrektur. Sjølvsagt jobbar vi sånn med manus.
Leiar i forfattarforbundet, Eystein Hanssen, er kritisk til kontrakten som Calidris tilbyr.
– Ikkje ein god deal
Om lag 20 forfattarar har tatt kontakt med Forfattarforbundet fordi dei er misnøgde med avtalen dei har gjort med «hybridforlaget» Calidris.
– Sjølv om forfattaren betaler betydelege beløp, får dei verken dei redaksjonelle tenestene eller den oppfølginga dei trudde dei skulle få.
Det seier generalsekretær i fagforeininga til forfattarane, Eystein Hanssen.
På tradisjonelle forlag betalar ikkje forfattaren for utgivinga.
NRK har tidlegare skrive om ei 18 år gamal jente som betalte oppunder 100.000 kroner for å gi ut ei diktbok på Calidris.
Om ei bok blir kjøpt inn av Kulturrådet kan ho hamne på Deichman i Oslo, eller andre bibliotek.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB– Reklametekst
– For meg framstår det meir som ein reklametekst. Eit slags agn for å fange forfattaren.
Det seier leiar i vurderingsutvalet for skjønnlitterær prosa i Kulturrådet, Rune Hjemås.
– Calidris har skilt seg veldig ut på selektiv ordning, seier han.
På selektiv ordning i Kulturrådet si innkjøpsordning blir bøkene vurdert av ein komité før dei eventuelt blir kjøpt inn av staten.
Vi bad Gaute Kokkvold i Factiverse seie kva han meiner om tekstane. Factiverse jobbar med verifisering og å sjekke kva som er KI og ikkje. Han sende dei gjennom GPTZero, og roboten meiner at tekstane sannsynlegvis er skrivne med hjelp av KI.
Faksimile: Gaute Kokkvold / FactiverseDette kom roboten til Factiverse fram til etter ei analyse av Begot si tilbakemelding.
Faksimile: Gaute Kokkvold / Factiverse
– Dei fleste melder på kanskje éin eller to bøker, mens Calidris hadde 42 titlar påmeldt i 2024 og 43 i 2025.
Det sprengde kapasiteten til Kulturrådet sitt utval. I år er det forbod mot å melde på meir enn seks titlar i året.
– Det er uunngåeleg å ikkje stille spørsmål ved den redaksjonelle jobben som har blitt gjort med bøkene, seier Hjemås.
Ingen av bøkene Calidris sende inn til Kulturrådet har blitt kjøpt inn.
Om lag 20 forfattarar har tatt kontakt med Forfattarforbundet etter å ha skrive under kontrakt med Calidris.
Grafikk: Linea Anvik / NRKEspejord understreker at forfattane deira alltid er med i alle steg av prosessen med utgiving.
– Det er kanskje forfattarar som kunne ønske seg at vi gjekk djupare inn i manus og endra på manus, men dette er forfattaren sitt åndsverk. Det står i avtala og det er forfattaren som seier «go» i kvart steg, seier Espejord.
Publisert 27.05.2026, kl. 11.32















English (US)