– Handlinga må sjåast på som grov, og var overraskande for offeret. Framgangsmåten var planlagt.
Det seier aktor Annukka Juntunen i det ho les opp tiltalen mot den drapstiltalte trønderen i 60-åra, ifølge den finske allmennkringkastaren Yle.
Trønderen er tiltalt for overlagt drap mot ekskjærasten sin, den finske ishockeyspelaren Janne Puhakka (29).
Puhakka var ein kjent finsk ishockeyspelar og sett på som eit førebilete for å vere den første opne homofile mannen i den maskuline sporten.
– Han hadde undersøkt kven som var Puhakka sin nye partnar, legg Jotunen til.
I tillegg meiner aktor at trønderen hadde skildra til ein ven at han ville drepe ekskjærasten sin i forkant av drapet.
Saka mot den drapstiltalte trønderen går for retten i Esbo i Finland frå 13. til 18. mars.
Skaut og slo Puhakka med hagle
13. oktober i fjor skaut og drap trønderen Puhakka. Dei to hadde avtalt at Puhakka skulle kome til deira tidlegare felles heim i Esbo i Finland for å ordne noko.
– Då Puhakka kom til inngangen gjekk trønderen til kjøkkenet der han lada hagla. Deretter skaut han Puhakka bakfrå, seier aktor i retten.
Trønderen hadde ei jakthagle han hadde tillating til å ha i Noreg.
Aktor Annukka Juntunen.
Foto: Silja Viitala / YleIfølge tiltalen skal trønderen ha skote Puhakka to gongar bakfrå før han slo ekssambuaren i hovudet med hagla.
Aktor seier at trønderen skal ha kyssa den døde Puhakka før han tok eit bilete av han. Deretter skal han ha informert Puhakka si mor og ein eigen ven om dødsfallet.
Kan få «livstid» i fengsel
Mannen er tiltalt for overlagt drap på ekssambuaren Janne Puhakka (29). Difor har aktor bedt om Finland si strengaste straff, «livstid» i fengsel.
Mannen i 60-åra har erkjent at han skaut og forårsaka Puhakka sin død. Men han nektar for at drapet var overlagt og planlagt, slik aktor meiner.
– Handlinga var ikkje på nokon måte planlagt. Det vil seie at det ikkje var gjort med forsett og me nektar også for at det var ei særleg grufull eller brutal handling.
Det seier forvarar Ville Luoto til Yle.
Ville Luoto, forsvararen til drapssikta trønderen, på veg inn i rettssalen i Finland.
Foto: Silja Viitala / YlePublisert 13.03.2025, kl. 09.31 Oppdatert 13.03.2025, kl. 09.58