Melde flytebryggje til Økokrim: – Trugar fuglelivet

6 hours ago 1



Alv Ottar Folkestad er nok den mest kjente fuglekjennaren i Noreg.

I dag har 85-åringen køyrt seks timar for å tale fuglanes sak.

For på øyene i ein fråflytta fjord har mange trua fugleartar slått seg ned i eit 'inngrepsfritt' og roleg område.

Men så:

Det kom ei flytebryggje til Fræna i 2023.

En båt i vannet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Faksimile: Privat / Frenfjordens venner

«Hekkeparadis»

Folkestad kartla naturverdiar for Miljøverndepartementet 1972–76. Da fann han at Fræna kommune var blant dei rikaste i landet – ikkje på pengar, men på naturverdiar.

Et tog på et jernbanespor i vannet (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Flytebryggje til besvær: I fjorden surrar denne dagen grågjess og hegrer, måker, ender og terner, og Folkestad meiner meir enn 50 ulike artar hekkar her.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Fjordarmen nord for Molde blei lista som urørt natur. Men for tre år sidan godkjente kommunen ei flytebryggje med grillar og tak – i det Folkestad kallar eit hekkeparadis.

– Det var det fullstendig overraskande for oss. Og enda meir sjokkerande at Statsforvaltaren også tillèt dette, seier Alv Ottar Folkestad.

Spruting frå båt

Sprutestemning rundt flytebryggja.

Foto: Privat / Tipsar

Ifølge Folkestad ligg bryggja midt blant hekking for ei rekke fugleartar, som storspove, tjeld, alle måseartane, ærfugl, hegre og trane. Dei fleste trua artar.

– Eg er spesielt bekymra for makrellternene, som har gått dramatisk ned i Noreg. I fjor såg det ut til å bli ein koloni av dei her, men etter høglydt båtkøyring, forsvann dei, seier Folkestad og rykkjer til:

– Raudstilk. Den er nær trua. Sjeldan å sjå her.

Rødstilk

Folkestad rykkjer til og lyttar til raudstilken, før han sjølv hermar etter fuglelyden.

Foto: Ole Jakob Vorraa

Bryggjas venner

Veka etter skin sola på cabincruiseren til Kjell Ingvar Dale. Han har vekst opp med båtliv i området, og er leiar for Frenfjordens venner som har fått ut flytebryggja.

Kjell Ingvar Grimstad Dale, Frenfjordens venner som står på en båt En mann i blå jakke sitter ved roret på en båt. Han smiler og ser til høyre. Utenfor vinduet er det trær og vann. Bildet er tatt fra innsiden av båtens førerhus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

– Vi er glad i naturen, og tek omsyn til både fugleliv og dyreliv. Vi veit at det er ørnereir oppi her, det har vore her i fire år og ikkje tatt skade av at me ligg her, seier båtmannen Dale.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland og Marius AJ Stenberg / NRK

På veg ut peiker han ut mange fuglar og hekkeplassar.

– Der borte sit alltid skarven, måsane kosar seg på berga der, og der hekkar grågåsa. Me hadde ei bryggje der borte, og da hekka grågåsa i lag med oss, for å seie det slik, humrar Dale.

Han fortel om gleda av å vakne på båten og kikke på fuglar om morgonen, og peiker ut fleire ørnereir rundt flytebryggja.

– Ørna kjem tilbake år etter år, så så ille kan det ikkje vere. Fuglane tilrettelegg seg til vårt bruk.

Kjell Ingvar Grimstad Dale, Frenfjordens venner som sitter på en brygge ved siden av en båt

Ute på bryggja må Dale rydde litt etter ungdomar som har brukt ho.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

1 million

Odd Terje Heimen i Båtforbundet (KNBF) meiner båtlivet i Kroken ikkje er eit vesentleg problem for dei hekkande fuglane der.

– Byggja er ikkje landfast, og kanskje 50 meter frå land. Skal ein ta omsyn til kvar ein fugl, må me nesten slutte med alt båtliv, seier Heimen.

Kjell Ingvar Grimstad Dale, Frenfjordens venner, Odd Terje Heimen i Båtforbundet som står på en brygge ved et vannområde

Både Heimen og Dale er opptatt av at båtliv også er friluftsliv.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Han peiker på at det er over 1 million fritidsbåtar i Noreg, og at allemannsretten gir folk rett til å gå i land over alt. Det slepp dei med flytebryggja.

– Dette er jo såkalla inngrepsfritt natur, har ikkje det litt å seie?

– Jo, men når kommune, fylke og sivilombodsmannen har godkjent dette, kan me ikkje skjønne at det skal vere noko gale.

Du trur ikkje ein del av båtane kan skremme bort fuglar som hekkar?

– Der borte ser me ei marmorbedrift som lagar masse støy. Ein båt kan kanskje forstyrre fuglane, men eg trur ikkje det er det verste, utan at eg er ekspert.

Ute på bryggja foreslår Heimen å henge opp eit skilt som oppmodar til å vise ekstra omsyn i hekketida.

Knuste egg

Alv Ottar Folkestad seier dei har målt at flytebryggja ligg 130 meter unna eit hekkande havørnpar.

– Før påska blei flytebryggja lagt ut igjen, med båttrafikk rundt, og havørna avbraut hekkinga same dag, seier han.

– Igjen låg eit reir med daude egg, hakka i sund av kråkefuglar. Dei kjem så fort ørna trekk seg unna litt, seier fuglekjennaren.

et fuglereir i et tre (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dronebilete av havørnreiret der Folkestad meiner ramn eller kråke har øydelagt egg og rota til reiret. Han hevdar det same skjedde i både 2023 (unge forlaten), 2024 og 2025 (ruging avbroten).

Foto: Ingar Støyle Bringsvor / Birdlife

– Er det ikkje OK at folk kan bruke dette flotte området da?

– Når hurtiggåande båtar driv fartskøyring her rømmer dei levande skapningane og hekkinga blir avbrote. Det er brot på naturmangfaldlova.

Under intervjuet ser me fleire grågåspar.

– Grågåsa er tøff og vant til folk, men så fort det bråkar frå båtar forsvinn dei, og denne bryggja blokkerer her frå mars til oktober, seier Folkestad.

en vannmasse med steiner og trær i bakgrunnen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fleire grågåspar ute på fjorden denne dagen.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Hadde det hjelpt å legge den ut etter hekketida?

– Nei, definitivt ikkje. Det er ikkje slike urørte område me skal generere motor- og masseutfart til.

Video av flytebryggja ein aprildag 2026.

«Fatale feil»

Heller ikkje Statsforvaltar meiner det er noko gale, sjølv om organisasjonen Birdlife meiner det er gjort «fatale sakshandlingsfeil» da løyva til bryggja blei gitt, utan at det blei gjort grundige undersøkingar av naturverdiane i området.

– Me meiner me har gjort eit lovleg vedtak, og sivilombodet har bekrefta det, seier Andreas W. Rusten ved Statsforvaltaren i fylket.

– Er naturmangfaldlova følgt her?

– Ja, det er gjort ei vurdering ut av naturmangfaldlova, og dette er eit byggjetiltak i samsvar med lokale vedtekter i kommunen.

en mann som holder et kamera (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Folkestad er ørneekspert – og eldre enn Joe Biden, presidenten som joleftan 2024 skreiv under på ei lov som offisielt utnemnde kvithavørna til nasjonalfugl for USA.

Foto: Webjørn Svendsen Espeland / NRK

Meld til Økokrim

85-årige Alv Ottar Folkestad gir seg ikkje. Han peiker på ein nedgang på sjø- og strandfuglar på 70–90 prosent sidan han blei vaksen.

– Skal me byggje opp igjen bestandane, må fuglane få produsere ungar.

No har han og Birdlife meld flytebryggja til både politiet og Økokrim for brot på naturmangfaldlova sitt forbod mot å forstyrre hekkande fuglar.

– Økokrim har sagt at dei vil prioritere verneområde, seier han og peiker på at Noreg i 2022 forplikta seg til naturavtalen for å bevare 30 prosent natur innan 2030.

– Det kan ikkje bli for mykje fugl her da?

– Nei. Naturen er innretta slik at den er sjølvregulerande og eit samspel mellom alt levande. Er det ikkje på tide at det moderne mennesket får innafor skalpen?

Publisert 14.05.2026, kl. 12.06

Read Entire Article