Det har søndag kome meldingar om droneangrep fleire stader i Russland.
Guvernøren i Irkutsk seier ei militær eining blei treft i det som skal vere det første droneangrepet mot Sibir, melder Reuters.
Også guvernøren i Murmansk seier at det har vore eit droneangrep mot regionen søndag.
Ein talsperson frå ukrainske tryggingstenesta SBU seier til Reuters at dei har gjennomført eit stort droneangrep søndag, og at over 40 russiske militære fly skal vere trefte.