Mennene fekk «blackout» på nachspiel. Så vakna dei av det same

5 days ago 10



Retten meiner mann i 30-åra var «kynisk og manipulerande» mot tre unge menn.

 Frode Sunde / TV 2
DØMD FOR TRE VALDTEKTER: Ein mann i 30-åra er i Søndre Østfold tingrett dømd for å ha valdteke tre unge menn. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 10.06.2025 19:28

Dei tre fornærma, alle rundt 20 år, var kvar for seg saman med den eldre mannen på nachspiel.

Alle tre fortalde i retten at dei hadde fått «blackout» og deretter vakna av det same: At mannen utførte oralsex på dei, mot deira vilje.

Sjølv nekta mannen for at det skjedde seksuell omgang i alle tre tilfella. 

Men hans forklaring blir blankt avvist av Søndre Østfold tingrett.

– Tiltalte har vore kynisk og manipulerande i si tilnærming til dei fornærma. Han var ein godt vaksen mann og inviterte med seg unge menn heim og serverte alkohol, skriv dommarane.

– Utnytta dei

No er mannen i 30-åra frå Moss dømd til fengsel i fem år og ni månadar for valdtekt av dei tre unge mennene.

– Han må ha skjønt at dei var overstadig rusa og valde å utnytte deira sårbare tilstand, held tingretten fram i den knusande dommen.

To av valdtektene mannen er dømd for, skal ha skjedd heime hjå han sjølv i fjor haust. 

Ein av dei fornærma sprang til naboen for å varsle om det han hadde blitt utsett for.

Naboen skal ha trudd at den unge mannen hadde ein rusutløyst psykose fordi han skreik så veldig.

Den tredje valdtekta skal ha skjedd sommaren 2022, heime hjå fornærma. Han, som dei to andre, er heterofile menn.

Slår alarm om ny voldtekts­lov: – Dette er uklart

DNA-bevis sentralt

Den fornærma i sistnemnde sak gjekk i utgangspunktet ikkje til politiet. Men då vedkommande høyrde at mannen var sikta i to andre valdtektssaker, tok han kontakt med politiet.

I dei to sakene frå i fjor haust er DNA-bevis heilt sentralt. Begge dei fornærma vart frakta til overgrepsmottaket i etterkant av hendingane.

På begge deira kjønnsorgan vart det gjort funn med «ekstremt sterk støtte» for at prøvane inneheld DNA frå mannen i 30-åra.

Forsvararen meinte derimot at det kan ha skjedd overføringssmitte. I den eine saka oppstod det eit basketak mellom klienten hans og fornærma før sistnemnde sprang til naboen for å få hjelp.

Meiner dei vart dopa ned

Retten har vurdert om mannen kan ha dopa ned dei fornærma. 

Alle tre har forklart at ting gjekk «i svart» etter å ha fått servert alkohol av mannen i 30-åra. 

Eit halvt år før hendingane i fjor haust, googla tiltalte «ghb» og «hvor lang tid før sobril virker». 

Retten meiner det er «nærliggande å tenke» at tiltalte kan brukt rusmiddel for å dope ned dei fornærma. 

Dei konkluderer likevel med at det ikkje finst «avgjerande bevis som medfører at retten kan legge til grunn at tiltalte med vilje har forgifta dei fornærma», og viser mellom anna til at det ikkje er funne GHB i prøvane av mennene.

– Vil anke dommen

Retten meiner likevel at mannen ikkje har «tatt inn over seg alvoret i dei handlingane han har gjort».

– Han framheva tvert i mot, gjentekne gonger, sin egen høge status, fine omgangskrets og fine eigendelar som grunngjeving for uskuld, merkar retten seg.

I tillegg til fengselsstraffa, er mannen dømd til å betale dei tre mennene 170.000 kroner kvar i oppreisningserstatning.

Dommen er ikkje rettskraftig. 

Moss Avis dekka rettssaka og har mellom anna skrive at mannens forsvarar har kritisert politiet sitt etterforskingsarbeid.

Mellom anna meinte forsvararen at «rykte var mykje av grunnen til at saka mot mannen i 30-åra vart rulla opp» og at politiet har hatt tunnelsyn i etterforskinga.

Han argumenterte også for at DNA-bevisa kan handle om overføringssmitte og at «spor politiet har funne ikkje har blitt testa fordi dei meinte dei hadde nok».

– Dommen vil bli anka når den blir forkynt for tiltalte. Eg har snakka med min klient om dommen i dag, seier forsvarar Bjørn Haugen til TV 2.

Read Entire Article