I alle fall om du likar å gå på ski.
Publisert 08.01.2026 16:46
Saka oppsummert
- Vinteren har slått til med full styrke over heile landet med temperaturar under 30 kuldegrader fleire stader.
- Karasjok hadde den kaldaste temperaturen natt til torsdag med 38,4 minusgrader, mens Hovden i Agder hadde 31,8 minusgrader.
- Eit høgtrykk vil gje opphaldsvêr, men det kan framleis komme spreidde snøbyer.
- Det er usikkert om temperaturane vil stige, men skiglade blir oppfordra til å utnytte helga godt.
Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI
Vinteren har kome for fullt over heile landet. Natt til torsdag var det fleire stader som passerte 30 kuldegrader.
Aller kaldast var det i Karasjok, der det blei målt 38,4 minusgrader. I Sør-Norge blei den lågaste temperaturen målt til 31,8 minusgrader på Hovden i Agder.
Dei kalde temperaturane vil halde fram litt til.
Kaldt
– I morgon og i løpet av helga skal det bygge seg eit høgtrykk over store delar av landet, som gjer at dei fleste vil få ein dag med opphald, seier vakthavande meteorolog Susanne Moen Olsen i StormGeo.
– Det kan framleis komme litt spreidde snøbyer her og der, seier Olsen.
Høgtrykket gjer at det generelt vil halde seg kaldt, legg ho til.
Fredag kan det bli mykje vind langs kysten av Agder og Rogaland. Årsaka er stormen Goretti som skal gå over Storbritannia og vidare austover.
– Då kjem det til å bli austleg stiv kuling langs sørlandskysten, og det kan komme kraftige vindkast i utsette fjordstrok i Rogaland, seier Olsen.
Usikkert over helga
Søndag, og særleg frå måndag av, blir det meir usikkert, fortel Olsen.
– Slik det ser ut no, så kan temperaturen på Vestlandet begynne å stige litt, slik at det kan bli plussgrader i ytre strok søndag kveld, seier meteorologen.
Måndag skal temperaturen stige endå meir, og på kysten av Sørlandet kan det bli plussgrader.
– Elles er det minusgrader som gjeld i starten av neste veke, seier Olsen.
Det kan også halde seg kaldt ut i neste veke, fortel Olsen, men dette er altså usikkert.
– Viss det er den milde varianten, så kjem det nok meir nedbør i periodar, og då er det Sør- og Vestlandet som får mest, mens Austlandet får meir opphald. Viss det held seg kaldt og høgtrykket blir liggande, så blir det betydeleg mindre nedbør, forklarar Olsen.
I Nord-Noreg vil det truleg halde seg kaldt utover i neste veke, men også her er det usikkert om det skal bli litt mildare.
Bruk helga
Prognosane er altså usikre, men sidan det kan komme mildvêr og nedbør, bør skiglade nordmenn på Vest- og Sørlandet bruke helga godt, er Olsen si oppfordring.
– Spesielt på Vestlandet og ytre strok på Sørlandet, ville eg absolutt ha utnytta helga, seier Olsen.
– Det blir i første omgang sludd, og så vil det etter kvart, viss temperaturane held fram med å stige, etter kvart bli regn, når ein kjem vidare ut i veka, legg ho til.







.jpg)





English (US)