Milliardsprekk på Sotrasambandet: – Viss nokon skal ha ansvar her, så er det Høgre

4 hours ago 4



SV meiner det er Høgre si skuld at ein no står i ein situasjon med 5 milliardar kostnadssprekk og store forseinkingar på Sotrasambandet.

Dei peikar på den såkalla OPS-modellen, som vart innført av Solberg-regjeringa i perioden 2013–2017.

Med OPS-kontraktar samarbeider offentlege og private aktørar om å realisere større offentlege prosjekt, slik som mellom anna Sotrasambandet.

Det er varsla 150 dagar forseinking og 5 milliardar kroner i kostnadssprekk.

Men kven si skuld er det?

Det kranglar tre utanlandske entreprenørar og Statens vegvesen om.

– Denne situasjonen som vi no står i, er jo nesten eit lærestykke på kvifor OPS er ein dårleg idé.

Det seier Anne Lise Gjerstad Fredlund, transportpolitisk talsperson for SV.

Det er for tidleg å peike på OPS-modellen som syndebukk, meiner Anne Kristine Linnestad, som sit i transportkomiteen på Stortinget for Høgre.

Milliardsprekk og peikeleik

Tysdag kunne NRK avsløre at det er varsla ein kostnadssprekk på 5 milliardar kroner på Sotrasambandet.

Det er toppsjefane for dei tre utanlandske entreprenørane som varslar om dette i eit brev til samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap).

I brevet kjem det også fram at prosjektet er 150 dagar bak skjema, og at det er stor usemje blant partane om kven som har skulda og korleis ein skal løyse det.

I forkant hadde ambassadane i Spania, Italia og Sør-Korea, heimlanda til entreprenørselskapa, bedt om eit møte med ministeren.

Det avslo Nygård.

mann i dress pratar til anna mann, som er litt ute av fokus

Nygård meiner det ikkje er hensiktsmessig å møte ambassadane, og meiner partane må løyse konflikten sjølve.

Foto: Frode Meskau / NRK

Han meiner Statens vegvesen og entreprenørane må gå i dialog og løyse utfordringane sjølve.

Sotra Link Construction, som er ansvarleg for bygginga, har også bedt om eit møte med samferdselsdepartementet, men fått avslag.

Privat vs. offentleg

Ifølge Fredlund har SV i lang tid åtvara om at slike konfliktar ville koma.

– Når slike problem oppstår, forsøker alle å sende rekninga vidare.

Bildet viser en person i en rød blazer som står og gestikulerer, tydelig engasjert i en samtale. Bakgrunnen inneholder murvegger og møbler som antyder en kafé- eller kontorinnstilling. Det er flere personer og biler synlige i bakgrunnen, men de er ikke i fokus. Det er naturlig lys som kommer inn gjennom vinduene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Vi må slutte å køyre store samferdselsprosjekt med OPS-kontraktar, meiner Fredlund i SV.

Foto: NRK

Standpunktet til SV er at kritisk infrastruktur må styrast og organiserast av fellesskapet. I dette tilfellet, Statens vegvesen.

– Dersom det berre er ein part, så er det berre ein part som kan ha skuld.

Linnestad i Høgre seier at Vegvesenet uansett vil operere med underentreprenørar.

– Då kan det oppstå kontraktsmessige spørsmål, uavhengig av kva modell ein har.

Ho meiner det er uklart kven som bør ta skulda, og at det er for tidleg å kritisere OPS-modellen.

– Å kritisere organiseringa, det får kome ein anna gong.

Men begge er einige om at det er opp til entreprenørane og Statens vegvesen å løyse problemet. Eventuelt domstolane, dersom det skulle gå så langt.

– Dette er ikkje lenger eit politisk spørsmål. Ein har allereie vald ein marknadsstyrt mekanisme. Om ein ikkje greier å forhandle, så er det jo domstolane som er det neste steget, seier Fredlund.

Ber samferdselsministeren ta ansvar

Både Høgre og Frp kritiserer samferdsleministeren for å ikkje ta meir ansvar.

– Eg seier ikkje at han skal ta på seg skuld eller fordele skuld, men han bør absolutt informere Stortinget om ein så gigantisk feil, seier Linnestad.

En person med langt, lyst hår står foran en innsjø. Vedkommende har på seg en grønn jakke og en mønstret skjerf. Bakgrunnen viser snødekte områder og noen bygninger i fjellene. Bildet gir et inntrykk av vinterlandskap. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Linnestad i Høgre saknar informasjon frå samferdselsministeren.

Foto: Høgre

Leiar av transportkomiteen på Stortinget, Bård Hoksrud i Frp, er av same oppfatning.

– Om avsløringa stemmer og nok eit samferdselsprosjekt sprekker med milliardar og blir utsett, så kan ikkje statsråden gøyme seg bak etatar og kontraktar lenger.

Både Hoksrud og Linnestad meiner situasjonen med Sotrasambandet føyer seg inn i ei rekke utfordringar i samferdselssektoren.

– Vi har sett fleire døme der problem i jernbana og i Bane Nor blir forklart vekk i staden for å bli rydda opp i.

Hoksrud ber ministeren ta ansvar og gjere greie for situasjonen på Stortinget.

Gjennom samferdselsdepartementets pressekontakt svarer Nygård at han vil kome til Stortinget og gjere greie for saka dersom det er behov for det.

Publisert 17.03.2026, kl. 22.24

Read Entire Article