Ein russ ligg på bakken, og fleire personar sparkar og slår. Russen får mellom anna spark mot hovudet.
Dette viser ein video frå Bergen 17. mai. Videoen blei seinare lagt ut på nett, og politiet oppretta på eige initiativ straffesak.
Ein russ blei utsett for vald av fleire personar i Bergen 17. mai.
Har løyvd ut dusør
Onsdag skreiv BA at nokon har løyvd dusør i saka.
Politiadvokat Linn Marie Søfteland stadfester til NRK at dei er kjende med at dei mistenkte i saka har blitt utsette for trugslar.
– Eg har registrert at det har kome ein del rasistiske utsegner i kommentarfelt, seier ho.
TRUGA: Linn Marie Søfteland vurderer straffesak mot dei som kjem med trugslar på nett.
Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRKHo seier vidare at ho skjønar at folk reagerer på det som kjem fram i videoen, men:
– Ein kan seie ganske mykje innafor ytringsfridomen, men det går ei grense. Me kan ikkje utelukka at me vil oppretta straffesak for trugslane.
Har identifisert mistenkte
Torsdag føremiddag har politiet identifisert to av dei mistenkte i saka, og Søfteland seier dei reknar med å finna ut kven dei siste er ganske raskt.
Dei mistenkte er mindreårige, og skal ikkje vera særleg godt kjende for politiet frå før.
Det er planlagd avhøyr av både dei mistenkte og russen som blei utsett for vald i løpet av dei neste dagane.
– Veit de om dei involverte kjende kvarandre frå før på noko vis?
– Det ser ikkje slik ut, men er sjølvsagt noko me undersøkjer nærare, seier Søfteland.
Publisert 21.05.2026, kl. 13.45











English (US)