Miniputtane sjokkerer Fotball-Europa: – Bodø/Glimt er framleis det beste eksempelet

3 hours ago 4



– Det er jo heilt absurd.

Orda tilhøyrer 26 år gamle Christian Borchgrevink, som er med på eit eventyr av dei sjeldne.

Den tidlegare Vålerenga-spelaren speler for skotske Heart of Midlothian, også kjent som Hearts.

Dei har moglegheit til å utføre eit ekte fotballmirakel.

– Med all respekt for alle lag i Skottland, oss sjølve inkludert, så hadde ikkje eingong vi trudd at vi skulle stått i denne situasjonen. Så ærleg må vi vere, erkjenner den norske høgrebacken.

En fotballspiller iført en blå drakt og medalje smiler mens han blir omfavnet av en støttespiller. I bakgrunnen er det røyk og flagg, som skaper en festlig stemning. Stadion er opplyst, og deltakerne ser glade ut etter en seier. Bildet fanger et øyeblikk av feiring etter en kamp. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HEARTS ON FIRE: Christian Borchgrevink er ein del av Hearts-troppen som sender sjokkbølger gjennom Fotball-Europa. Her avbilda etter Vålerengas opprykk i 2024.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kalenderen har bikka langt inn i mars månad, og dei ligg framleis på toppen av den skotske ligatabellen. Luka ned til dei to argaste konkurrentane er på to og tre poeng.

Det er eit svært uvanleg syn. Som regel er det ein av Glasgow-klubbane som tronar øvst, enten i form av Celtic eller Rangers.

– Det har vore eit dynasti med dei to klubbane dei siste 40 åra, og det er veldig sunt for ligaen. Supporterar seier kanskje nei, men dei litt meir objektive er glade for at Hearts også melder seg på, fortel Borchgrevink.

Nærare bestemt er det 41 år sidan sist at det var eit anna skotsk lag som vann toppdivisjonen.

– Det var Aberdeen med Sir Alex Ferguson som trenar. Det set det jo litt i perspektiv, påpeikar den tidlegare Vålerenga-profilen.

En mann står i forgrunnen av et bilde, iført en mørk jakke og lys skjorte med slips. Han ser ut mot kamera, mens flere personer er i bakgrunnen. Omgivelsene viser en stor bygning med vinduer, og det er uskarpe skikkelser av mennesker bak mannen. Lysforholdene er delvis skyet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

KONGEN PÅ HAUGEN: Sir Alex Ferguson er den siste som klarte å vippe Celtic eller Rangers ned frå toppen. Det skjedde i 1984/85-sesongen.

Foto: Dave Shopland / AP,NTB

Fleire overraskingar

For å finne sist gong Hearts vann den skotske toppdivisjonen, må vi heilt tilbake til 1959/60-sesongen.

Borchgrevink og resten av Hearts-laget gjekk i sesongen med eit håp om å kunne kjempe om ein tredjeplass bak dei to storlaga, men etter å ha slått både Celtic og Rangers i første del av sesongen, starta dei å tru på det «umoglege».

– Nå er det ingen tvil om at det er mogleg, konstaterer nordmannen.

Men Hearts er heller ikkje det einaste laget som har overraska i europeiske ligaer den siste tida.

– Eg trur det har skjedd mykje i europeisk fotball med korleis det blir jobba. Bodø/Glimt trur eg faktisk framleis er det beste eksempelet, seier Borchgrevink.

Han utdjupar:

– Dei har klart å skape ein kultur og nokre resultat som har halde fram i fem–seks år.

I Sveits ligg Thun an til å vinne ligaen for første gong i historia. Sabah kan gjere det same Aserbajdsjan.

I fjor tok Mjällby Allsvenskan-tittelen framfor storlag som Malmö, IFK Göteborg og Hammarby. Det var første gong at klubben vann den øvste divisjonen i Sverige.

– Det var eit mirakel i fjor, så vi veit at moglegheita for det er utruleg liten, seier Mjällbys norske trenar Karl Marius Aksum om sjansen til å forsvare Allsvenskan-tittelen.

Aksum og resten av Mjällby har brukt same suksessoppskrift som Bodø/Glimt: kontinuitet over fleire år.

Mjällby-trener Karl Marius Aksum

MIRAKELMANN OG FOTBALLDOKTOR: Før denne sesongen har Karl Marius Aksum tatt steget frå assistent til hovudtrenar.

Foto: Michael Erichsen / Bildbyrån

Denne sesongen har også starta bra. Dei er klare for semifinalen i den svenske cupen etter å ha knust Malmö heile 4-0.

Men den norske trenaren meiner det blir feil å samanlikne det sensasjonelle seriegullet med Bodø/Glimts prestasjonar den siste tida.

– Det dei har fått til er så surrealistisk at alt anna bleiknar. Det er litt for sjukt det dei har gjort, så det blir litt for «out there» for oss. Det der skjer ikkje over natta.

Nå som dei derimot skal prøve å kvalifisere og etablere seg i Europa, er det meir naturleg å sjå til Nordland.

– Der er Bodø/Glimt nå i ein heilt eigen posisjon i Skandinavia, og eg veit det er ein del i klubben som har lyst til å besøke dei på studiebesøk nå. Dei er ein kjempeinspirasjon for oss nå med tanke på Europa, fortel Aksum.

– Da hadde det vore mykje suksess

Det store spørsmålet er korleis så mange «miniputtar» har klart å kjempe seg til toppen i ulike europeiske ligaer omtrent samtidig.

– Om eg eller nokre andre hadde hatt formelen på det, så hadde det vore mykje suksess rundt omkring, svarer Borchgrevink og ler.

Etter å ha tenkt seg litt om, legg han fram teorien sin.

– Eg trur generelt at fotballen har utvikla seg utruleg mykje, berre på dei åra eg har vore involvert i profesjonell fotball. Du ser korleis det blir jobba, og det skaper eit grunnlag for at klubbar som Hearts og Bodø/Glimt kan gjere sånne spinnville reiser.

Spillere i gule drakter feirer et mål på en fotballbane under UEFA Champions League. De står samlet og peker mot publikum, som består av en stor, entusiastisk mengde iført gult. Bak dem er en opplyst stadion med tribunene fylt av tilskuere. Banen ser nyklipt ut, og atmosfæren er intens og spennende. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HERJAR I EUROPA: Bodø/Glimt har nådd åttedelsfinalen i Mesterligaen denne sesongen. Nå ligg dei også godt an til å nå kvartfinalen.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Høgrebacken understrekar at fotball er eit lagspel – og betydninga av eit lag har vakse i takt med den ekstreme pengegaloppen i europeisk fotball.

Han trekker enda ein gong fram Bodø/Glimt som eit tydeleg eksempel etter å ha sett det første oppgjeret mot Sporting.

– Sporting er betre enn Glimt spelar for spelar. Det skal dei også vere, men når du har to karar som ikkje jobbar hardt nok på topp, og du har eit så godt system og innarbeidde taktikk som sit i ryggmergen, så får du til ting.

– Så ærleg må vi vere her i Hearts òg. Rangers og Celtic har betre troppar spelar for spelar. Dei har spelarar som speler på store landslag, blir henta for store summar og går vidare for store summar. Men til slutt skal kampen spelast. Da kan forskjellane jamnast ut, fortset backen.

Vekker oppsikt

Men der dei sportslege resultata kanskje er samanliknbare, er ikkje det tilfellet når det gjeld fotballfilosofien til Kjetil Knutsen og Hearts-trenar Derek McInnes.

– Han kan vel kallast ein erkeskotsk trenar, beskriv Borchgrevink lattermildt.

En trener hever fist over hodet mens han gir instruksjoner fra sidelinja under en fotballkamp. Bakgrunnen viser en gruppe tilskuere som følger med på kampen. Trenerens uttrykk er fokusert og engasjert. Bildet fanger et øyeblikk av intensitet fra sportsarrangementet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

ERKESKOTSK: Hearts-trenar Derek McInnes.

Foto: Russell Cheyne / REUTERS,NTB

– Fotballen vi representerer handlar først og fremst om å halde nullen og jobbe knallhardt. Vi er ikkje fotballromantikarar med den måten vi speler på. Vi ser nok litt annleis ut enn Glimt på fotballbanen, sjølv om vi overpresterer på same måte, legg han til.

Trass i forskjellane, er Bodø/Glimt eit heitt samtaleemne i Hearts-garderoben.

– Dei får med seg prestasjonane her, og dei lurer på kva i alle dagar det er dei driv med. Dei lurer på kven desse gutane er og kva det er som skjer, fortel Borchgrevink.

Nå står det att å sjå om Hearts kan gjere det umoglege mogleg – slik Bodø/Glimt har gjort i Mesterligaen denne sesongen.

Borchgrevink, som har slite med speletid dei siste månadene, meiner kvar einaste kamp denne våren blir som ein cupfinale.

– Det blir frykteleg spennande, og det er veldig gøy å vere her undervegs. Det er eit trykk som er spesielt å oppleve.

Publisert 17.03.2026, kl. 11.15

Read Entire Article