Miniputtens merkelege landslag: Berre éin spelar er fødd i landet

1 day ago 6



– Atmosfæren er heilt vill.

Det seier Tahith Chong, ein av dei største profilane på VMs kanskje største underdog, Curaçao.

Landet har berre 150 000 innbyggarar – det lågaste folketalet for eit land i VM nokosinne.

Det er fem månader sidan landet kvalifiserte seg til VM. Til helga møter dei stormakta Tyskland.

– Det er ein draum som går i oppfylling, ikkje berre for meg, men for heile gruppa, seier Chong.

Sjå Tyskland – Curaçao på NRK1 og i NRK TV i kveld frå kl. 18.30

NRK-ekspert Jonas Grønner skal kommentere Curaçaos VM-debut mot Tyskland. Han trur øystaten får lite å juble for.

– Er det noko håp?

– Nei. Håpet er å spele VM. Det er ei stor oppleving for dei å vere med, ein siger i seg sjølv. Dei er sjanselause, seier Grønner.

Einaste som er fødd i landet

Chong blei ein del av landslaget i fjor, og er den einaste som faktisk er fødd på øya. Resten av troppen er fødd i Nederland.

Som unggut flytta han til Nederland. No bur han i England og det blir få turar til moderlandet.

Tahith Chong

STORKLUBB: Chong har ei fortid i Manchester United, men naut aldri den heilt store tilliten der. I dag speler han for Sheffield United.

Foto: Asanka Brendon Ratnayake / AP,NTB

– Når vi er på landslagssamling bur vi rett ved der eg gjekk på skule då eg var seks–sju år gammal. Då eg var på samling i fjor var det første gong mange i familien såg meg i levande live, seier Chong.

Også mellom dei andre i troppen er det små forhold. Assistenttrenar Dean Gorre er faren til angrepsspelar Kenji Gorre.

– Dette er ei historie om håp, noko eg kan fortelje barna og barnebarna. Dette vil vere ei historie for familien vår og for heile Curaçao i årevis. Det viser at alt er mogleg, seier Kenji Gorre til BBC.

Korleis er det mogleg?

Curaçao tok seg til VM etter å ha vunne gruppa føre Jamaica, Trinidad & Tobago og Bermuda.

Sidan USA, Canada og Mexico er direktekvalifisert som vertsnasjonar i år, får fleire svakare nasjonar frå Nord-Amerika høve til å delta i VM.

– Dei er hjelpte av utvidinga av VM frå 32 til 48 lag, og godt hjelpte av at dei sterkaste nasjonane i Nord-Amerika er førehandskvalifiserte. Det har dei utnytta seg maksimalt av, reflekterer Grønner.

Han meiner utvidinga vatnar ut produktet, og at det blir meir tid mellom dei største oppgjera.

– Men samtidig er det samlande. VM er ein enorm fellesskap og nå får enda fleire delta. Det er små land som har drøymt om dette heile livet, så det er ein del positive sider ved utvidinga òg, seier Grønner og legg til:

– Så eg set meg ikkje ned og hylgrine over at dei er med.

Den eldste trenaren i historia

Miniputten blir leia av legendariske Dick Advocaat. Nederlendaren har gjennom ein trenarkarriere som starta i 1980 vore innom klubbar som PSV, Borussia Mönchengladbach og Sunderland – i tillegg til 8 ulike herrelandslag.

Dick Advocaat

RUTINERT: Dick Advocaat har vore fotballtrenar i 46 år. Nå blir Curacao-sjefen den eldste trenaren i historia i eit VM.

Foto: Reuters

Med dei 78 åra sine vil han bli den eldste trenaren i historia i ein verdsmeisterskap og søndag leiar han den minste VM-nasjonen i historia i aksjon mot fotballstormakta Tyskland.

Forskjellen har kanskje aldri vore større i eit fotball-VM.

Supportere jubler og vifter med flagg på en idrettsarena. Mange tilskuere har på seg gule og blå drakter. Publikum er tett samlet på tribunen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: AFP

Publisert 14.06.2026, kl. 16.57

Read Entire Article