Minst 24 menneske er drepne av israelske styrkar mens dei venta på naudhjelp sør i Gaza, ifølge det palestinske helsedepartementet.
Det israelske forsvaret seier dei skal undersøke opplysningane om drepne, melder Reuters.
Dei stadfestar at dei skaut mot palestinarar nær eit naudhjelpssenter i Gaza tysdag morgon.
Dei seier detta var personar som oppførte seg trugande og nærma seg dei israelske soldatane.
Hendinga skjedde i det same området der minst 31 menneske blei drepne og 176 såra då israelske soldatar opna eld søndag. Israel nekta for at dei skaut mot sivile søndag.