Riksveg 3 er stengt på ulukkesstaden.

Publisert 09.05.2025 17:13 Sist oppdatert 4 minutter siden
To køyretøy har kollidert på riksveg 3 i Alvdal kommune i Østerdalen.
Politiet skildrar ulukka som alvorleg. Dei fekk melding om ulykka klokka 16.23.
Minst seks personar er involvert, og fleire av desse er kritisk skadde, opplyser politiet.
Naudetatane er på ulukkesstaden.
Riksveg 3 er stengt og vil vere det ei stund framover. Vegvesenet anbefalar omkøyring via fv. 30 mellom Koppang og Tynset.
Artikkelen er oppdatert