– Politiet tenker at dette er ei alvorleg sak. Vi bruker mykje ressursar på å etterforske saka no.
Det seier politiadvokat Anne Haave til NRK tysdag.
Fire menn har blitt framstilt for varetektsfengsling, sikta for å ha bortført ein mann i 30-åra og etterlate han i ein hjelpelaus tilstand, slik at han døde.
– Utan å gå inn på dei enkelte si forklaring, meiner vi det er skilleg grunn til mistanke knytt til alle fire, seier Haave.
Ingen av dei fire mennene erkjenner straffskuld.
Bortført mot sin vilje
Ifølge siktinga skal den avdøde mannen ha blitt bortført frå ei adresse mot sin vilje.
Omtrent eit døgn seinare, døydde mannen på ei anna adresse, ifølge politiet. Dette skal vere heimen til ein av dei sikta mennene.
Politiet har stengt av bustaden der ein mann i 30-åra blei funnen død.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKEin av dei sikta, ein mann i 40-åra, forklarte i fengslingsmøtet at han ikkje erkjenner straffskuld.
Han blei pågripen av politiet natt til måndag.
– Eg blei henta midt på natta og tatt med til avhøyr på morgonen, fortalde mannen.
Han fortalde at han ikkje har noko kjennskap til saka og ikkje forstår kvifor han har blitt involvert.
– Eg stiller meg uforståande til dette.
I løpet av måndag og tysdag har alle dei fire mennene blitt framstilt for varetektsfengsling i Trøndelag tingrett.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK
Mannen fortalde at han tidlegare har hatt problem med rus, men at det er betre no. Også i påska rusa han seg litt, fortalde han.
– Men eg er i fast jobb og ruser meg ikkje til dagleg. Eg har eit ganske greitt forhold til det.
Mannen i 40-åra blei varetektsfengsla i to veker, men anka på staden.
– Eg kan ikkje vere to stadar samtidig
Også mannen i 20-åra blei varetektsfengsla i to veker.
Han forklarte i retten at han sat på glattcelle for ei anna hending natt til torsdag.
– Eg sat på glattcelle. Eg kan ikkje vere to stadar samtidig, forklarte den sikta mannen i fengslingsmøtet.
Mannen sin forsvarar, Sigrun Dybvad, fortalde at mannen ikkje huskar mykje frå dei aktuelle dagane.
– Han huskar ingenting frå alle desse dagane, det er ikkje så mykje han kan forklare seg om, sa ho til NRK før fengslingsmøtet.
Tingretten meiner mistankegrunnlaget er godt nok og bestemte at mannen kan bli heldt i varetekt i to veker.
Tingrettsdommar Eirik Lereim.
Foto: Henning Levold / NRKFunnen i bustad tilhøyrande ein av dei sikta
Den avdøde mannen i 30-åra blei funnen i ein bustad tilhøyrande ein av fire sikta mennene.
Han som bustaden tilhøyrer, også ein mann i 30-åra, blei måndag varetektsfengsla i to veker.
– Mannen er sikta for fridomsfrårøving eller medverknad til fridomsfrårøving natt til torsdag.
Det sa politiadvokat Anne Haave til NRK måndag.
– Også er han siktet for å etterlate vedkommande i hjelpelaus tilstand natt til fredag, altså eit døgn etterpå.
Politiadvokat Anne Haave.
Foto: Henning Levold / NRKI avgjersla frå Trøndelag tingrett om varetektsfengsling står det at det er «godt grunnlag for mistanke» mot vedkommande.
– Siktinga gjeld alvorlege straffbare forhold som kan medføre lang fengselsstraff ved domfelling, skriv dommar Helge Johan Kaasbøll.
Kriminalteknikarar på åstaden
Samstundes som fengslingsmøta går føre seg i tingretten, jobbar kriminalteknikarar på staden der avdøde blei funnen.
Mannen i 30-åra blei funnen død klokka 5.15 fredag 3. april.
– Det er igangsett ei større etterforsking der vi ønsker å kartlegge kva det er som har skjedd, seier Haave.
Ho fortel at det blir gjennomgått elektroniske spor, samt videoovervaking.
– Den avdøde har blitt obdusert, så vi ventar resultatet av den no.
Kriminalteknikarar jobbar på staden tysdag.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Det går føre seg både ein taktisk og ein teknisk del av etterforskinga, forklarar Haave.
Ho fortel at politiet jobbar ut ifrå fleire hypotesar.
– Så vil ei større etterforsking vise kor vegen går vidare.
Haave ønsker ikkje å svare på om det kan bli aktuelt med fleire pågripingar.
– Om det blir fleire pågripingar, går vi ikkje ut med no.
Publisert 07.04.2026, kl. 15.01 Oppdatert 07.04.2026, kl. 15.55













English (US)